Rapportering under artikkel 17 til direktiv 91/271/EØF (om rensing av avlaupsvatn frå tettbygde strøk)

Kommisjonen si gjennomføringsavgjersle 2014/431/EU av 26. juni 2014 om formkrav ved underretting om dei nasjonale program for gjennomføring av Rådets direktiv 91/271/EØF

Commission implementing decision 2014/431/EU of 26 June 2014 concerning formats for reporting on the national programmes for the implementation of Council Directive 91/271/EEC

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 10.09.2014

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 24.09.2014

Hovedansvarlig(e) departement(er): Miljøverndepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XX. Miljø

Kapittel i EØS-avtalen: II. Vann

Status

Rettsakta vart vedteken i EU 26. juni 2014, og teken inn i EØS-avtalen 11. juni 2015.

Samandrag av innhald

Framlegget omhandlar rapportering av kva grad medlemslanda oppfyller krava i avløpsdirektivet. Framlegget er ei forenkling av dagens rapporteringsrutiner. Dei nye rapporteringspliktene har inga effekt ut over ei minimal omlegging av måten norske styresmakter hentar inn data på og korleis data rapporterast vidare.

Gjennomføringsavgjersla er ei oppfølging av avløpsdirektivet, som er implementert i forureiningsforskrifta kap. 14.

Merknader

Kommisjonen vedtok 26. juni 2014 krav til rapportering av avløpsanlegg, jf. avløpsdirektivet (Rådsdirektiv 91/271/EEC). Dei norske krava til reinsing er noko annleis enn dei som framgår av avgjersla. Forskjellen har inga betyding for rapporteringa, bortsett frå at rapportmalen er tilpassa føresegnene i direktivet om at biologisk reinsing ("sekundærreinsing").

Rettsakta er heimla i Rådsdirektiv 91/271/EEC av 21. mai 1991 concerning urban waste water treatment, sjå artikkel 17(4).


Rettslege konsekvensar

Omlegginga får ingen rettslege konsekvensar for Noreg, og vil ikkje medføre endringar i norsk lovgjeving. Vedtaket skal kategoriserast i Gruppe 3 (rettsakter som ikkje har konsekvensar for norsk lovgjeving).

Økonomiske og administrative konsekvenser
Miljødirektoratet må endre rutinar for innsamling og bearbeiding av data. Anten må rapporteringa til SSB i KOSTRA leggjast om, eller så må det etablerast rapporteringsrutiner frå Fylkesmannen til direktoratet. Dette er mindre endringar, då dei nye rutinene er ei forenkling frå dagens system.

Endringa får ingen eller heilt minimale økonomiske konsekvensar i Noreg for offentlege styresmakter eller private.

Sakkyndige instansers merknader

Avgjersla har ikkje vore på nasjonal høyring, men Miljødirektoratet er kjend med prosessen gjennom deltaking i fagmøter kor rapportering diskuterast. Direktoratet har ikkje rapportert eller kommentert avgjersla, då det er undersøkt og funne at avgjersla ikkje representerar innhenting av data som representerar nokon problem. Avgjersla er ei forenkling av dagens ordning.

Saka har vore handsama i Spesialutvalet for miljøsaker 24. september 2014, der Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert.

Vurdering

Rettsakta reknast som EØS-relevant og akseptabelt.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2014/431/EU
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32014D0431

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 08.07.2014
Frist returnering standardskjema: 19.08.2014
Dato returnert standardskjema: 09.10.2014
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 11.06.2015
Nummer for EØS-komitebeslutning: 168/2015
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring: 11.06.2015
Dato varsling til ESA om gjennomføring: 02.07.2015

Lenker