Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utfyllande føresegner til MiFID II om muligheita til å justere snittalet på daglige transaksjonar for aksjar med størst omsetning i eit land utanfor Unionen

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/443 av 13. februar 2019 om endring av delegert forordning (EU) 2017/588 med omsyn til moglegheita for å justere snittalet på daglige transaksjonar for en aksje dersom handelsplassen med den høgaste omsetninga av aksjen ligg utanfor Unionen

Commission Delegated Regulation (EU) 2019/443 of 13 February 2019 amending Delegated Regulation (EU) 2017/588 as regards the possibility to adjust the average daily number of transactions for a share where the trading venue with the highest turnover of that share is located outside the Union

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 04.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.

Samandrag av innhald

Med Verdipapirmarknadsirektivet (MiFID II) vart det etablert eit krav til minste kursendring ("tick size") ved handel askjar, depotbevis, ETF, sertifikat og liknande finansielle instrument på handelsplassar. Dette inneber at det vil stillast krav til minste lovlige prisendring på eit instrument. Føremålet med kravet til minste kursendring er å hindre at marknadsaktørar kan få bedre prioritet på handelsplassen ved å endre prisen ubetydelig. 

Dei nærmare reglane for å rekne ut minste kursendring er bestemt i delegert kommisjonsforordning (EU) 2017/588. Her vert det mellom anna fastsett at minste kursendring for aksjer og depotbevis skal kalibrerest ut frå kor mange transaksjonar som i snitt skjer per dag på den marknadsplassen i EØS med flest handlar i instrumentet. Denne modellen kan bli lite treffande for aksjer eller depotbevis som handlast både i og utanfor EU, men der flest handlar skjer på ein marknadsplass utanfor EU. Rettsakten innfører difor ei moglegheit for å justere antal handlar i snitt per dag for finansielle instrument som dette gjeld for.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga vil takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett gjennom inkorporering.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instanser sine merknadar

Rettsakten er vurdert av spesialutvalget for kapitalbevegelser og finansielle tjenester, der berørte departementer er representert. Spesialutvalget fant rettsakten EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordningen reknast som EØS-relevant og er akseptabel. Det er behov for tekniske tilpasninger av dato for ikrafttredelse. 

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/443
Basis rettsaktnr.: 2014/65/EU
Celexnr.: 32019R0443

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 02.02.2019
Frist returnering standardskjema: 06.06.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen