Utfyllande føresegner til MiFIR om innføring av regimet minste kursendring for systematiske internaliserarar

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/442 av 12. desember 2018 om endring og korreksjon av delegert forordning (EU) 2017/587 for å presisere kravet om at prisar skal avspeile dei gjeldande markedsvilkåra og for å ajourføre og korrigere visse føresegner

Commission Delegated Regulation (EU) 2019/442 of 12 December 2018 amending and correcting Delegated Regulation (EU) 2017/587 to specify the requirement for prices to reflect prevailing market conditions and to update and correct certain provisions

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 04.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.

Samandrag av innhald

Med Verdipapirmarknadsdirektivet (MiFID II) vart det etablert eit krav til minste kursendring ("tick size") ved handel askjar, depotbevis, ETF, sertifikat og liknande finansielle instrument på handelsplassar. Dette inneber at det vil stillast krav til minste lovlige prisendring på eit instrument. Føremålet med kravet til minste kursendring er å hindre at marknadsaktørar kan få bedre prioritet på handelsplassen ved å endre prisen ubetydelig. Kravet gjeld etter dagens regelverk for handelsplassane, som delast i kategoriane regulerte marknader, mulitliterale handelsfasiliteter (MHF) og organiserte handelsfasiliteter (OHF). Krava har ikkje omfatta handel gjennom systematiske internaliserarar (SI) . Ein systematisk internaliserarorganiserer handlar utanfor handelsplassar, såkalla "over the counter"(OTC)-handlar.

At kravet til minste kursendring ikkje gjeld for SI-ar kan danne ujamne konkurransevilkår mellom handelsplassar og SI-ar. Ein SI vil etter dagens regelverk kunne stille marginalt betre prisar enn dei som stillast på handelsplassar. For å bøte på ulikskapene er det difor vedteke at krava til minste kursendring skal gjelde også for systematiske internaliserarar.

Rettsakten gjer også mindre endringar for å ivarta samanheng med endringar i andre rettsakter.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordningen vil tas inn i EØS-avtalen og gjennomføres i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn eit føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Rettsakta stiller tilleggskrav til vilkåra for handel hjå norske systematiske internalisererar. Dette vil innebere at det må førast kontroll ved om SI-ane fylgjer regimet for minste kursendring i sin handel. Då systematiske internaliserarar etter gjeldande regelverk allereie er under tilsyn av Finanstilsynet, og regiment for minste kursendring etter gjeldande regelverk allereie gjeld for andre handelsplassar, vil regelendringa truleg ikkje føre med seg merkbare økonomiske og administrative konsekvenser.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakten er vurdert av spesialutvalget for kapitalbevegelser og finansielle tjenester, der berørte departementer er representert. Spesialutvalget fant rettsakten EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordningen vert reknas som EØS-relevant og er akseptabel. Det er behov for tekniske tilpasninger av dato for ikrafttredelse. 

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/442
Basis rettsaktnr.: (EU) 600/2014
Celexnr.: 32019R0442

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 11.01.2019
Frist returnering standardskjema: 03.05.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker