Meld. St. 15 (2022–2023)

Folkehelsemeldinga— Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar

Til innhaldsliste

2 Folkehelsa etter pandemien

Figur 2.1 

Figur 2.1

Koronapandemien blir rekna som ei av dei største folkehelsekrisene i nyare tid. Det er på grunn av dei store skadane ein ukontrollert pandemi kunne gjort, og på grunn av dei historisk omfattande og langvarige smitteverntiltaka som blei nødvendige for å halde kontroll. Pandemien viste ein del sårbarheiter, men også styrkar i det norske samfunnet. Dei breiare folkehelsekonsekvensane blei i for lita grad vurdert. Det blei avdekt store sosiale forskjellar i korleis pandemien ramma, både når det gjeld smitte, og når det gjeld negative konsekvensar av smitteverntiltaka. Noreg kom likevel godt ut samanlikna med andre land. Det kjem av blant anna høg tillit i samfunnet, tverrsektoriell innsats, generell god helse, offentlege helsetenester med evne og kapasitet til omstilling, og ein desentralisert samfunnsmedisinsk beredskap på kommunenivå, med kommuneoverlegar i kvar kommune.

Helsekonsekvensane av pandemien er meir enn smitte, alvorleg sjukdom og død forårsaka av koronaviruset. Ein del av helsekonsekvensane er forårsaka av smitteverntiltaka i seg sjølve. Dei langsiktige effektane kan vere vanskelege å måle og talfeste og er framleis i stor grad ukjende. Tiltaka har også ha ramma ulikt, til liks med dei direkte konsekvensane. Det er viktig å følge med på dei langsiktige konsekvensane framover for å vere betre rusta ved neste krise.

Størstedelen av befolkninga er anslått å ha vore smitta av covid-19. Covid-19-sjukdom og, i sjeldne tilfelle, -vaksinasjon kan hos nokre gi langvarige negative konsekvensar. Enkelte har også fått utsett behandling av andre sjukdommar som eit resultat av pandemien og pandemitiltaka i helsetenesta. Smitteverntiltaka kan komme til å ha langvarig innverknad på helse og levekår. Studiane som har undersøkt førekomsten av seinfølger etter covid-19, viser sprikande funn, avhengig av korleis seinfølger er definerte, korleis ein har målt, og kor lang tid som har gått etter at ein var smitta. Fordi så mange har vore smitta, kan sjølv ein liten andel seinfølger utgjere eit folkehelseproblem.

Smitteverntiltaka som blei innførte i 2020 og 2021, kan ha langvarig innverknad på helse og levekår. Både pandemien og tiltaksbyrda ramma skeivt i befolkninga. Det var meir smitte blant dei yngre, men dei blei i svært lita grad alvorleg sjuke. Blant eldre var det motsett. Enkelte innvandrargrupper var overrepresenterte blant dei med alvorleg sjukdom. Mange personar med funksjonsnedsetting opplevde at nedstengde tilbod hadde negative helsekonsekvensar.

Auke i psykiske plager har vore knytt til periodar med strenge smitteverntiltak. Det ser ut til at den psykiske helsa til befolkninga har vore motstandsdyktig mot pandemien og tiltaka, men nokre grupper har vore meir utsette. Pandemien ser ut til å ha ført til redusert livskvalitet og meir einsemd blant unge og studentar, men også blant eldre. Det er nærliggande å anta at dette er konsekvensar av bortfallet av dei faste arenaene for sosialt fellesskap.

For barn og unge har strenge smitteverntiltak i skulane og avgrensa fysisk undervisning påverka både læring, trivsel og psykisk helse, og dette har ramma skeivt. Mange barn og unge fortel om positive endringar under pandemien, som meir nærleik og kvalitetstid i familien, auka konsentrasjon og mindre sosialt press på heimeskulen. Samtidig rapporterer barn om auka symptom på depresjon, dårlegare læring på heimeskulen og dårlegare familiefungering. Pandemien medførte også at barn og unge si deltaking i organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar blei sterkt avgrensa. Ein gjennomgang av studiar om konsekvensane av pandemien for barn og unge viser at det er dei mest utsette familiane og barna som i størst grad har blitt ramma av tiltaka under pandemien (9).

Pandemitiltaka førte til at barn og unge som ikkje var sårbare frå før, blei det. Basert på erfaringar frå skulesektoren meinte Parr-arbeidsgruppa at pandemitiltaka sannsynlegvis har ført til, eller vil føre til, redusert læringsutbytte (10). Dette er også i tråd med internasjonal forsking (11). Dette kan få konsekvensar for fråfall frå skuleløpet, og dermed også for framtidige levekår.

I Shot-undersøkinga frå 2022 oppgir 36 prosent av studentane at dei er einsame, noko som er ein auke frå 30 prosent i 2018. Det er likevel ein nedgang frå ei tilleggsundersøking som blei gjennomført under pandemien, kor heile 54 prosent oppgav at dei var einsame. Det har vore ein betydeleg auke i talet på rapporterte psykiske plager frå 2010-undersøkinga og fram til undersøkinga i 2022. Kvar tredje student rapporterte i 2022 om alvorlege psykiske plager.

Studiar frå Folkehelseinstituttet viser at einsemd auka litt under pandemien blant personar over 75 år Det kjem truleg av at eldre hadde mindre anledning til å få besøk på institusjon av familie og vennar, og særleg aleinebuande eldre hadde mindre sosial kontakt og deltok mindre i aktivitetar.

Før koronapandemien oppgav omkring 16 prosent av befolkninga over 18 år at dei opplevde dårleg livskvalitet. Prosentdelen som opplever dårleg livskvalitet, ser ut til å ha auka under koronapandemien og har lege mellom 24 og 28. Også prosentdelen som opplever lite meining, har auka frå 2020 til 2021 i alle aldersgrupper, men auken var størst blant dei unge i alderen 18–24 år. Dette heng sannsynlegvis saman med utstrekt bruk av heimeskule og -studiar. Blant yrkesaktive er det også ein auke, noko som kan tyde på at heimekontor kan føre til nedsett oppleving av meining. Prosentdelane av dei som var einsame, og dei som hadde betydelege psykiske plager, var også høgare blant dei på heimekontor enn blant dei som framleis kunne vere på arbeidsstaden sin. Totalt sett ser det ut til at mengda av tiltak har direkte effekt på livskvaliteten i befolkninga.

Under pandemien auka den registrerte alkoholomsetninga. I 2021 var den registrerte alkoholomsetninga 7,44 liter rein alkohol per innbyggar over fylte 15 år. Dette er ein auke på 23 prosent frå 2019. Auken må sjåast i samanheng med ein betydeleg nedgang i den uregistrerte omsetninga, som grensehandel og taxfreehandel. Data frå to spørjeundersøkingar frå 2020 viser at om lag 5–10 prosent av dei som bruker alkohol, auka forbruket, og at førekomsten av stordrikkarar auka, trass i lita eller inga endring i det totale forbruket blant dei som drikk (12). Undersøkingane kan tyde på ein meir polarisert alkoholbruk i befolkninga, og det er viktig å følge med på utviklinga i alkoholbruken i befolkninga framover. Tobakksbruken i befolkninga endra seg i lita grad under pandemien.

Om pandemien førte til endringar i kostvanar, finst det lite kunnskap om. Kosthaldsdata frå Den norske mor, far og barn-undersøkelsen (Moba) viste ingen endringar i inntaket av frukt og grønt eller av hurtigmat gjennom pandemien. Delen unge jenter med høgt inntak av tilsett sukker auka frå oktober 2020 til juni 2022, men det er ikkje grunnlag for å slå fast at endringane var eit resultat av pandemien.

Det har vore knytt bekymring til om restriktive smitteverntiltak gjennom pandemien og periodar med nedstenging har ført til redusert fysisk aktivitet i befolkninga. Spørjeskjemadata frå ungdom i 14-årsalderen i Moba og på ungdomsskule og vidaregåande skule i Ungdata viser ikkje nedgang i fysisk aktivitet for barn og unge. Det ser ut til at skjermtida blant unge har auka under pandemien, men denne trenden starta lenge før mars 2020. Ei kartlegging av fysisk aktivitet hos eit utval vaksne i alderen 20–85 år i 2021–2022 (Kan3), indikerte at det var inga endring eller ein tendens til auke i aktivitetsnivået samanlikna med tilsvarande kartlegging i 2014–2015 (Kan2). Det kan synast som om pandemien ikkje har hatt nokon innverknad på det totale fysiske aktivitetsnivået til den vaksne befolkninga. Ein må sjå nærare på om det er sosiale forskjellar.

Ungdata-rapporten frå 2022 viser at rundt halvparten av ungdommane i Noreg er aktive i ein organisasjon, eit lag, ein klubb eller ei foreining. Dette er ein nedgang sidan 2015. Nedgangen starta før pandemien, men forverra seg under pandemien.

Pandemien har vist betydninga av sosiale møteplassar. Ein rapport frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor viser at det er utfordringar med å bygge opp att aktivitetsnivået, rekrutteringa og økonomien i frivillig sektor. Det er gjennomgåande lågare aktivitet i organisasjonane, det er utfordringar med rekruttering av nye medlemmar og av frivillige, og mange organisasjonar opplever reduserte inntekter, samtidig som utgiftsnivået er stabilt eller har auka. Desse utviklingstrekka påverkar deltakinga i organiserte kultur-, idretts- og andre fritidsaktivitetar for alle barn og unge, og dei kan på sikt bidra til å auke delen av einsame i befolkninga eller ha andre uheldige utslag.

Etterspurnaden etter arbeidskraft har tatt seg kraftig opp etter koronapandemien og gitt gode sysselsettingsmoglegheiter, også for grupper i utkanten av arbeidslivet. Delen sysselsette i den yrkesaktive delen av befolkninga har auka mykje etter koronapandemien, og deltakinga i arbeidslivet var i 2022 den høgaste sidan før finanskrisa i 2008. Samanlikna med mange andre land i Europa er sysselsettinga blant kvinner og seniorar høg, medan sysselsettinga blant menn i alderen 25–54 år er om lag som gjennomsnittet i EU.

Koronapandemien har forandra arbeidslivet. Digitaliseringa av arbeidslivet har skote fart, med mange positive følger, men også endringar som for mange kan vere utfordrande. Under pandemien var det tre aspekt som merkte seg særskilt ut: auka jobbuvisse og mindre føreseielegheit, auka smittefare og endringar i arbeidsinnhaldet i yrke med nødvendige samfunnsfunksjonar, og utbreidd bruk av heimekontor i store delar av arbeidslivet. Eventuelle langvarige verknader av dette er enno ikkje kjende. Det er særleg stort behov for meir kunnskap om kva konsekvensar nye og framveksande måtar å organisere arbeidet på har for arbeidsvilkår, miljø, trivsel, helse, fråvær og fråfall.

Mange av konsekvensane av koronapandemien er framleis ukjende og må følgast over tid. Det er samtidig grunn til å forvente at samfunnet må leve med koronaviruset i framtida, kanskje på lik linje med influensa. Då kan det vere nødvendig å halde fram med regelmessig vaksinasjon av eldre og risikogrupper.

Helse- og omsorgsdepartementet vil i åra framover følge med på dei langsiktige effektane av pandemien, særleg med omsyn til utviklinga til barn og ungdom. I statsbudsjettet for 2022 blei det løyvd 216 millionar kroner til fylkeskommunar/kommunar og privatskular som har vore særleg hardt ramma av pandemien. Det blei løyvd ytterlegare 75 millionar kroner til dette formålet i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022. Område som har hatt strenge smitteverntiltak over tid, har blitt prioriterte, og kommunane har hatt stort handlingsrom for bruken av midlane, i tråd med tilrådingane frå Parr-rapporten (10). Midlane som har blitt fordelte til kommunane, kan også brukast til eventuelle kompenserande tiltak i barnehagar.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har igangsett eit forskingsprosjekt om langtidskonsekvensar av koronapandemien for oppvekst og likestilling. Formålet med prosjektet er å utvikle ny kunnskap, gi tilrådingar om tiltak som kan dempe eller snu negative konsekvensar av pandemien, og bidra til at velferds- og helsetenester betre kan vareta sårbare grupper i framtida. Prosjektet er eit samarbeid mellom Velferdsforskingsinstituttet Nova, Arbeidsforskingsinstituttet AFI, Forbruksforskingsinstituttet Sifo, Folkehelseinstituttet, Institutt for samfunnsforskning og Helseutvalget.

Koronapandemien viste at det er viktig å nå raskt ut med målretta informasjon til alle delar av befolkninga i krisesituasjonar, også dei delane av befolkninga som ikkje meistrar norsk. Det er viktig å halde ved like samarbeidet med frivillige organisasjonar gjennom det ordinære folkehelsearbeidet og i integreringsarbeidet, også for å sikre god handtering av framtidige kriser.

Regjeringa vil styrke smittevernet i Noreg. Vi viser til kapittel 6.3 i denne stortingsmeldinga og ei eiga stortingsmelding om helseberedskap som blir lagd fram i løpet av 2023.

Til forsida