Forord

Plastforsøpling og plastforureining er eit av vår tids raskast aukande globale miljøproblem, og fører med seg store konsekvensar for reine og sunne hav, marine økosystem og for menneskes velferd. Berekningar viser at mengda plastavfall som må handterast på globalt nivå vil auke drastisk dei kommande åra, dersom ein ikkje setter inn målretta tiltak.

Ingen enkeltland kan løyse problema med plastforureining åleine. Derfor arbeider regjeringa for sterkare globale pliktar for å motverke plastforureining. Vi meiner at ein rettsleg bindande global avtale vil vere det mest effektive tiltaket globalt. Mange land tek no til orde for å starte forhandlingar mot ein ny avtale.

Ein avtale burde forplikte alle land til å ha ein samla nasjonal strategi for arbeidet mot plastforureining. Regjeringa legg med dette fram Noregs plaststrategi som tek for seg heile breidda i arbeidet mot plastforsøpling og mikroplast. Vi håper derfor at den òg kan vere til inspirasjon for andre land.

I Noreg har vi eit bredt folkeleg engasjement for å redusere miljøproblema frå plastavfallet. Regjeringa vil halde fram med god dialog med næringslivet, forbrukarane, frivillige organisasjonar, kommunar og lokalsamfunn i arbeidet med å gjennomføre denne strategien.

Granavolden-plattforma stadfester at arbeidet mot plastforureining er høgt prioritert av regjeringa og at Noreg har som ambisjon å vere ein leiande havnasjon. Noreg som EØS-land og integrert del av EUs indre marknad gjer at mykje av plastpolitikken må utviklast saman med EU, og dette blir gjort tydeleg i strategien. Regjeringas visjon er ei meir berekraftig verdikjede for plast globalt, regionalt og nasjonalt.

Vi har nyleg teke fleire grep for å styrkje den norske plastpolitikken. Blant anna har vi innført strengare reglar for eksport og import av plastavfall og forbod mot enkelte eingongsprodukt av plast.

Kunnskapen vi har i dag om kjelda til, spreiingsvegar og påverknad av marin plastforsøpling tilseier at vi må rette tiltaka mykje høgare opp i plastens verdikjede for å lukkast. Verdikjeda til plast må bli meir berekraftig. Vi må utvikle produkt som kan attvinnast lettare, som varer lengre, og som ikkje inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan vere til hinder for materialattvinning. Vi må nytte meir sekundære råvarer i nye plastprodukt.

Strategien tek ei brei tilnærming og har som formål å nytte plast som ressurs meir effektivt og samstundes redusere plastforureining til miljøet. Strategien vil òg fremme målretta tiltak frå både landbaserte og sjøbaserte kjelder, på tvers av heile livsløpet for plastprodukta inkludert mikroplast, og nytte meir av plastavfall som ressursar. Utfordringar knytta til plastforureining frå transport- og landbrukssektoren omtalast òg. Strategien inneheld tiltak retta mot viktige kjelder i Noreg som fiskeri og forbruksartiklar, og omtaler grep for betre koordinering av opprydding av marin forsøpling. Men vi har framleis mykje ugjort i plastpolitikken. Strategien viser utfordringane og peikar ut retninga.

Foto av Klima- og miljøminister
Sveinung Rotevatn
Foto: Bjørn H. Stuedal
Fiskeri- og sjømatminister
Odd Emil Ingebrigtsen
Foto: NTB Scanpix
Landbruks- og matminister
Olaug Vervik Bollestad
Foto: Torbjørn Tandberg
Utenriksminister
Ine Eriksen Søreide
Foto: Asgeir Spange Brekke, FD/UD
Samferdselsminister
Knut Arild Hareide
Foto: Torbjørn Tandberg
Utviklingsminister
Dag Inge Ulstein
Foto: Sturlason

Til forsida