9 Sjøbaserte kjelder

Menneskeleg verksemd til sjøs, slik som yrkesfiske, fritidsfiske, akvakultur, maritim transport, er ei viktig kjelde til marin forsøpling. I nokre område er dette ei større kjelde enn forsøpling frå land. Foto: Bo Eide

Menneskeleg verksemd til sjøs er ei stor kjelde til marin forsøpling, og er i fleire område både nasjonalt og internasjonalt ei større kjelde enn landbaserte kjelder. Med sjøbaserte kjelder meiner ein utslepp til sjøen frå fartøy, anlegg eller aktivitet i eller på sjøen, under dette frå tidvassona til ope hav, hamner, bukter og brakkvassområde. Noreg støtta utarbeiding av ein global omfattande rapport med den beste tilgjengelege kunnskapen om alle sjøbaserte kjelder til marin forsøpling, som vart lagd fram av GESAMP i 2021.54 I Noreg har Miljødirektoratet gjort ei kunnskapssamanstilling om sjøbaserte kjelder i tiltaks- og verkemiddelvurderinga frå 2020.

Dei viktigaste sjøbaserte kjeldene både globalt og i Noreg er fiske, akvakultur og skipsfart. Målt i vekt er fiske og akvakultur, saman med forbrukarrelatert avfall, vurdert å vere dei største kjeldene til plastavfall i miljøet i Noreg. Fiske omfattar både yrkesfiske og fritidsfiske. I tillegg til fiskereiskapar, tau og andre plastgjenstandar frå fiskeri og akvakultur, er bl.a. tap av last og ulovleg dumping av avfall frå skip, tap av plastgjenstandar frå skip og fritidsbåtar, mikroplast frå måling på skip, offshoreinstallasjonar og vindmøller, relevante kjelder.

9.1 Fiske, skipsfart og akvakultur

Fiskeri og akvakultur er saman med forbrukarrelatert avfall dei største identifiserbare kjeldene til marin forsøpling i Noreg. Delen avfall som er fiskerirelatert, er spesielt utprega langs dei nordlege delane av kysten. Tapt fiskereiskap55 er òg globalt vurdert å vere det største problemet innan plastforsøpling frå sjøbaserte kjelder. Det har høg internasjonal merksemd, særleg fordi det inneber stort ressurssløseri og store lidingar for fisk, skaldyr, sjøfugl og sjøpattedyr. Når reiskapen blir ståande å fiske etter at den er tapt, kallar ein det spøkelsesfiske.

Foto av garn som har blir ståande forlatt i sjøen. Foto: Fiskeridirektoratet

Garn som blir ståande forlatt i sjøen fører til store lidingar for fisk og andre dyr. Bekjempning av tapt og forlatt fiskereiskap er høgt prioritet for norske fiskeristyresmakter. Foto: Fiskeridirektoratet

Dyr som blir fanga i reiskapen blir åte for andre dyr som blir tiltrekt, men som òg set seg fast. Dette blir ei varig dødsfelle. Problemet er særleg stort for garn og teiner. Spøkelsesfiske kan påverke det marine naturmangfaldet negativt og true matsikkerheit. Tapt fiskereiskap er òg plastforureining, og kan i enkelte tilfelle vere eit tryggleiksproblem for skipsfart og annan ferdsel.

Tapt fiskereiskap frå fiskefartøy fell inn under forureining frå skip og er dermed omfatta av den internasjonale konvensjonen om hindring av forureining frå skip, MARPOL, under den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO). I Noreg ligg ansvaret for miljøpåverknad frå skip under Klima- og miljødepartementet, med Sjøfartsdirektoratet som utøvande styresmakt.

Òg annan plast blir dumpa eller mista frå skip og fartøy. Økokrim skreiv i trusselvurderinga si for 2020 at «økt trafikk av fartøy langs kysten vil sannsynligvis øke trusselen for marin forsøpling og dumping av plast i havet», og at marin forsøpling skal behandlast som alvorleg miljøkriminalitet. Med nokre få unntak, under dette matavfall, er utslepp av avfall frå skip forbode i samsvar med MARPOL Annex V, som er gjennomført i norsk rett. Forbodet gjeld òg plast og fiskereiskap.

Under Fiskeridirektoratets årlege oppreinskingstokt etter tapte fiskereiskapar på havbotnen langs norskekysten blir det nokre gonger oppdaga fiskereiskap eller kapp av utstyr som er knytt saman og dumpa. Dette kan stamme frå både utanlandske og norske fartøy.

Oppfølginga av MARPOL Annex V skjer under IMOs miljøkomité (MEPC). I 2018 vedtok MEPC ein global handlingsplan mot plastforsøpling frå skip. Handlingsplanen har punkt om dei aller fleste problemstillingane knytte til plastforureining frå skip. Dette gjeld bl.a. tap av fiskereiskap, konteinarar og anna last, oppbevaring av avfall om bord i skip og levering i hamn av avfall frå drifta på skipet og av oppsamla avfall frå havet. Dei enklaste tiltaka, t.d. om informasjon og rettleiing, er under oppfølging i underkomitear under MEPC.

Noreg bidreg i arbeidet for innføring av obligatorisk krav om rapportering av tapt fiskereiskap til IMO, som vil krevje ei regelverksendring under Annex V. Det er viktig for Noreg at eit rapporteringskrav vil bli følgd og faktisk bidra til å redusere problemet. Det må avklarast kva informasjonen skal brukast til. Dette kan omfatte identifisering av område med mykje tapt utstyr, bl.a. som grunnlag for vurderingar knytta til sikkerheit og opprydding, og styrkt kunnskap om årsaker til tap. Noreg bruker erfaringa si både frå nasjonale krav her til lands og frå krav vedteke av den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) i dette arbeidet.

NEAFC har vedteke reglar om merking av fiskereiskapar og rapportering av tapte fiskereiskapar som harmoniserer med MARPOL-reglementet. Fiskefartøy er pålagde å prøve å finne igjen tapte fiskereiskapar, og tapet skal rapporterast til flaggstaten dersom forsøket på gjenfinning mislykkast. Flaggstaten vidareformidlar informasjonen til sekretariatet i NEAFC.

Dei fleste punkta i IMO-handlingsplanen er avhengig av at land aktivt foreslår tiltak for konkret oppfølging på MEPC-møta, og at dette får tilslutning av dei andre landa.Dette illustrerer kor viktig det er å få i gang forhandlingar om ein global avtale som omfattar alle kjelder, for å sikre ei heilskapleg og forpliktande tilnærming. Gjennomføringa vil framleis måtte skje under dei ulike sektorane og organa deira, slik som i dette tilfellet IMO MEPC og FNs mat- og landbruksorganisasjons fiskerikomité (FAO COFI) på globalt nivå.

Ei av dei største satsingane for gjennomføring av IMO-handlingsplanen er samarbeidsprosjektet GloLitter Partnerships. GloLitter Partnerships vart oppretta i 2019 mellom Noreg, IMO og FAO. Noreg bidreg med omlag 40 mill. kroner i bistandsmidlar til prosjektet, som blir administrert av IMO. IMO arbeider òg med å knyte til seg sentrale organisasjonar og privat sektor til prosjektet. Det blir fokusert på kapasitetsbygging for å styrkje gjennomføringa av IMO- og FAO-regelverk og -retningslinjer, så vel som avfallshandtering i hamner. FAO bidreg spesielt til kapasitetsbygging for å førebyggje og redusere spøkelsesfiske. Prosjektet støttar opp om og rettleier utarbeiding av regelverk og handlingsplanar i utvalde land som ønskjer å bidra aktivt, og som spreier arbeidet gjennom å knyte til seg samarbeidsland i regionen sin.

Noreg slutta seg i 2019 til Global Ghost Gear Initiative (GGGI), som òg deltek i GloLitter. GGGI er ein global arena for styresmakter, sjømatbedrifter, organisasjonar med vidare for samarbeid om kunnskap og metodar for å redusere tap av fiskereiskap og spøkelsesfiske. Noreg bidreg med midlar til GGGI på prosjektbasis.

Noreg har saman med IMO og FAO fått oppretta prisen the Joanna Toole GloLitter Partnerships Grant, og Noreg støttar òg ein pris GGGI har oppretta for å heidre Joanna Toole. Joanna Toole vigde livet sitt til arbeidet for vern av havmiljøet og vern av dyr mot lidingar, særleg som følgje av tapte fiskereiskapar. Begge prisene går til prosjekt for å redusere problema med tapt fiskereiskap. Joanna Toole var med på å stifte GGGI og arbeidde for dyrevern og mot tap av fiskereiskapar og marin forsøpling, seinast gjennom virket sitt i Ocean Conservancy og FAO. Ho var co-chair i det globale partnarskapet mot marin forsøpling (GPML), og ho bidrog i etableringa av samarbeidet mellom IMO, FAO og Noreg, som bl.a. har medført skipinga av samarbeidsprosjektet GloLitter Partnerships. Toole døydde 36 år gammal i ein flystyrt i Etiopia i 2019, på veg til FNs miljøforsamling i Nairobi.

Innan 1. januar 2025 skal det innførast produsentansvarsordningar for utstyr som inneheld plast og blir brukt i fiskeri- og akvakulturnæringa. Miljødirektoratet skal som ledd i eit større oppdrag om produsentansvar òg sjå på korleis dette produsentansvaret best mogleg kan innrettast. Òg ei rekkje andre tiltak som er beskrivne i tidlegare kapittel, er sentrale for reduksjon av marin forsøpling frå sjøbaserte kjelder. EU skal òg utarbeide underliggjande rettsakter og rettleiing til føresegna i direktivet om plastprodukt om produsentansvar for fiskeri- og akvakulturutstyr som inneheld plast. Noreg vil bidra i dette arbeidet.

Noregs regelverk og ordningar innan førebygging og opprydding av tapt fiskereiskap er anerkjend internasjonalt. Havressurslova har klare føresegner om at det er ulovleg å dumpe eller etterlate fiskereiskap i havet, og etter forskrift om utøving av fisket i sjøen har den som mistar eller må kutte reiskapar, plikt til å leite etter reiskapane. Det må meldast frå til Kystvaktsentralen dersom reiskapen ikkje blir funne igjen. Posisjonane for tapte reiskapar blir lagde inn i eit kartsystem hos Fiskeridirektoratet, som bruker informasjonen som grunnlag til oppreinskingstokta, slik at desse kan gjennomførast med høg effektivitet. Gjennom den interaktive nettportalen Barentswatch blir fiskarane viste informasjon i notid om kvar dei har sett ut reiskapar, og når dei er tekne opp igjen. Dette er informasjon som kan lastast ned av andre brukarar av havet, og det er såleis eit aktivt bidrag for å redusere risikoen for tap av reiskap, ved å minske faren for at reiskapar set seg fast i kvarandre.

Fiskeridirektoratet har utvikla ein eigen app for fritidsfiskarar, Fritidsfiskeappen.56 I appen kan fritidsfiskarar rapportere både funne og tapte fiskereiskapar. For å redusere faren for spøkelsesfiske er det innført krav om montering av rømmingshol i alle hummarteiner og i krabbeteiner som blir brukte av fritidsfiskarar. Rømmingsholet er ei luke eller opning som er festa med ein nedbrytbar bomullstråd, som sikrar at han i tapte teiner opnar seg etter nokre månader i sjøen. Dermed kan fisk og skaldyr vandre fritt inn og ut av teina. Det blir arbeidd med å innføre dette òg i andre teinefiskeri.

Oppreinsking av tapte fiskereiskapar i Noreg

Fiskeridirektoratet har sidan 1980-talet gjennomført årlege oppreinskingstokt på fiskefelta utanfor norskekysten. I 2020 vart det teke opp om lag 100 tonn, mens det totalt er teke opp fleire tusen tonn med ulike fiskereiskapar, bl.a. om lag 680 kilometer med garn. Dette bidreg til å redusere spøkelsesfisket og marin forsøpling. Ved hjelp av kravet til norske fiskarar om posisjonsrapportering ved tap av fiskereiskapar kan det gjennomførast ei nøyaktig og effektiv oppreinsking. Oppfiska reiskapar blir leverte tilbake til eigaren for ombruk eller til attvinning dersom dette er mogleg.

Fiskeridirektoratet la den 1. mars 2021 fram ein handlingsplan for ein styrkt innsats mot marin forsøpling frå yrkesfiske, fritidsfiske og akvakultur og dei effektane dette har. I planen blir nøkkeltal, kunnskapsstatus om kjelder og tilførsler, kunnskapshol og aktørbiletet beskrivne. Planen legg fram ei rekkje konkrete tiltak som skal gjennomførast, eller som blir foreslått gjennomført, innanfor både yrkesfiske, fritidsfiske og akvakultur dei neste åra.

Foto av pakkeplast frå industrifiskefartøy i naturen. Foto: Bo Eide

Slik pakkeplast blir brukt til pakking av sjømat som blir fryst om bord i industrifiskefartøy. Når plasten sett seg fast under kapping, blir den kappa av. Foto: Bo Eide

Nokre av tiltaka i Fiskeridirektoratets handlingsplan

  • opprette samarbeidsgruppe mellom fiskeristyresmaktene og fritidsfiskarar for dialog og haldningsskapande arbeid knytt til marin forsøpling
  • fremme forslag til å innføre lovpålagt krav om merking av sjølve teinene og rusereiskapar i fritidsfiske. Det vil òg bli arbeidd vidare med å utvikle og implementere gode metodar for merking av sjølve fiskereiskapen for fleire reiskapstypar, òg for yrkesfiske
  • implementere ei rapporteringsplikt for tapte fiskereiskapar i fritidsfiske
  • greie ut juridiske forhold rundt eigarlause fiskereiskapar i sjø, med sikte på å effektivisere prosessane rundt beslaglegging av slike reiskapar
  • arbeide aktivt med kunnskap, informasjon og haldningsskapande arbeid overfor både yrkes- og fritidsfiske og akvakulturnæringane, og få marin forsøpling inn i læreplanar i relevant utdanning
  • søkje å opprette ei samarbeidsgruppe mellom fiskeristyresmaktene og akvakulturnæringa for dialog og haldningsskapande arbeid knytt til marin forsøpling
  • gjennomgå behovet for styrking av reglar for opphogging/kapping av utstyr brukt til akvakultur, og vurdere register for og krav til lagring av komponentar
  • utarbeide ein instruks for rydding på avslutta akvakulturlokalitetar
  • opprette ei fullstendig oversikt over etterlatne blåskjelanlegg som grunnlag for opprydding
  • identifisere tiltak for å redusere mikroplastutslepp for ulike fôringssystem i akvakultur

Noko av den marine forsøplinga frå yrkesfiske, fritidsfiske og akvakultur kan koplast til dei teknologiske løysingane og materiala som er tilgjengelege. Andre årsaker er at det er tids- eller kostnadskrevjande å handtere avfallet riktig. I nokre tilfelle resulterer utilstrekkelege eller manglande rutinar, haldningar og kunnskap blant yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og oppdrettarar direkte til marin forsøpling.

Fiskeridirektoratets handlingsplan inneheld oppryddingstiltak, førebyggjande arbeid og satsing på forsking og utvikling over ein femårsperiode, frå 2021 til 2026. På fleire område er det særleg behov for koordinering og samarbeid mellom fleire offentlege etatar, næringsorganisasjonar og næringsaktørar.

Spreiing av informasjon og kunnskap og haldningsskapande arbeid skal styrkjast overfor både yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og akvakulturnæringa. Det skal jobbast med å få temaet inn i relevant fagutdanning innan alle felta. Nordisk samarbeid om tapte fiskereiskapar skal vidareførast.57

Det blir satsa på forsking og utvikling av metodar og materiale for å redusere forsøpling og spreiing av mikroplast og potensielle konsekvensar av forsøplinga, som spøkelsesfiske. Dette gjeld bl.a. tema som reelt nedbrytbare materiale til bruk i fiskereiskapar, akvakulturutstyr og rømmingshol i teiner med relevans både for yrkesfiske og fritidsfiske. Krav til effektivitet og inntening gjer at ulike typar fiskereiskapar regelmessig blir skifta ut grunna slitasje. Nokre typar reiskapar har kort levetid, ned til ein sesong, og kan medføre plastforureining. Plast som blir marknadsført som bionedbrytbar, er som regel ikkje det under norske miljøforhold, og det blir arbeidd med utvikling av alternativ som er nedbrytbare under realistiske forhold i havet.

I nokre trålfiskeri blir det nytta slitematter av plast under sjølve trålsekken, på den bakerste delen av trålen, for å verne sekken mot at det blir slite hol. Slike matter er vanlegvis eit «teppe» av kortare tauendar. Gjennom slitasje vil ein del av desse falle av og bidra til forsøpling. I Noreg blir slike matter først og fremst brukt i trålfiske etter kvitfisk. Arbeidet med å utvikle nye løysningar eller alternative materiale for slitematter er godt i gang gjennom satsing Dsolve (sjå kap. 13.2). Det er forventa at dette er mogleg å løyse. Når gode løysingar ligg føre, vil det vere naturleg for Noreg å vurdere implementering for den relevante delen av trålarflåten.

Vidare blir det arbeidd nasjonalt med enklare system for rapportering av tapte reiskapar og med metodar som kan bidra til at tapte reiskapar i større grad kan finnast igjen av brukaren sjølv.

Det skal i 2021 opprettast ei samarbeidsgruppe mellom fiskeristyresmaktene og fritidsfiskarar og organisasjonar, for utveksling av kunnskap og for haldningsskapande arbeid. Det blir arbeidd vidare med nye krav for fritidsfiskarar om merking av sjølve reiskapen ved bruk av teiner og ruser. Det er òg starta ein prosess med å leggje til rette for rapporteringsplikt ved tap av reiskap i fritidsfiske, på linje med yrkesfiske. Informasjonen som kjem fram gjennom tapsrapporteringar er tilgjengeleg i ei kartløysing i Fritidsfiske-appen.

Erfaringane med ei registreringsordning for å delta i fiske etter hummar er gode. I Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling blir det lagt opp til å greie ut nytteverdien ved ei eventuell breiare registreringsordning for fritidsfiske. Det blir lagt opp til ein nærmare dialog og kunnskapsdeling opp mot reiskapsdistributørar. Det skal spreiast kunnskap til turistfiskebedrifter, og ansvaret dei har for å informere kundane om forbod mot forsøpling, skal synleggjerast.

Erfaring frå oppreinsking viser at teiner utan rømmingshol kan bidra til dyreplageri ved tap, eller at dei ikkje blir røkta slik kravet tilseier. Dette er både uheldig og uønska og derfor vart kravet til røkting innskjerpa i 2020. Overflatevakene til teiner skal merkast med eigar. Likevel førekjem bruk av umerka teiner, oftast i fritidsfiske. Merking kan òg forsvinne over tid. Teinefisket er i desse tilfella ulovleg, og teinene kan tas i beslag dersom saka blir meldt til politiet. Ettersom eigar ikkje er kjend, blir sakene stort sett henlagt av politiet. Det blir derfor no vurdert om Fiskeridirektoratet skal få heimel til å ta beslag i og destruere slik reiskap direkte utan å gå via melding til politiet.

Samarbeid om opprydding av tapt fiskereiskap i marine nasjonalparkar

Havforskningsinstituttet og Green Bay AS har i 2019–2020, med støtte frå Handelens Miljøfond og Miljødirektoratets tilskotsmidlar, kartlagt og rydda opp tapte fiskereiskapar i Raet Nasjonalpark, som strekk seg langs kysten frå Lyngør i Tvedestrand kommune til Grimstad kommune. Det vart estimert at det var heile 10 000 fiskereiskapar på havbotnen i området, og at 25 prosent av desse til kvar tid fiskar aktivt. Det er vurdert at dette fører til at totalt tusenvis av dyr, som krabber, fisk og hummar, er fanga i tapt fiskereiskap på havbotnen i området. Tapt fiskereiskap, slik som teiner, er eit problem langs heile norskekysten, men særleg langs Skagerrak. Frå 2021 blir prosjektet med opprydding av spøkelsesreiskap utvida til nasjonalparkane Jomfruland, Færder og Ytre Hvaler, med støtte frå Handelens Miljøfond.

Norsk akvakulturnæring blir regulert av fleire lover og forskrifter. Det må liggje føre løyve frå alle relevante sektorlover før ein kan drive akvakulturverksemd, medrekna løyve etter forureiningslova.

Dersom ei verksemd opphøyrer, stiller forureiningslova krav om at eigaren eller brukaren gjer det som til einkvar tid er nødvendig for å motverke forureining. Kva tiltak som er nødvendig kan fastsettast av forureiningsmyndigheita, som òg har myndigheit til å påleggje eigaren eller brukaren å stille garanti for dekking av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar.

Det følgjer av akvakulturdriftsforskrifta § 17 at dersom ein avsluttar drift ved ein lokalitet, skal denne lokaliteten vere fullstendig rydda innan seks månader. Då det tidleg på 2000-talet vart oppretta mange blåskjelanlegg i Noreg, vart det ikkje stilt krav til eigarane om at dei skulle dekkje kostnadene til slik opprydding. Dette har vore eit problem. Etter mange konkursar har styresmaktene måtta fjerne gamle anlegg av miljø- og tryggingsomsyn. I 2018 vart det innført eit særskilt krav om at blåskjel- og taredyrkingsanlegg må ha ein finansiell tryggleik som gjer dei i stand til å dekkje slike oppryddingskostnader.

I tillegg til at det skal innførast ei produsentansvarsordning, skal bl.a. dei følgjande nye tiltaka bli gjennomførte for å redusere marin forsøpling spesifikt frå akvakultur, i samsvar med Fiskeridirektoratets handlingsplan for 2021–2026:

Fiskeridirektoratet vil gradvis byggje tilsyn med marin forsøpling inn i akvakulturtilsynet. Fiskeridirektoratet vil òg utføre haldningsskapande arbeid i samarbeid med nærings- og miljøorganisasjonar, og drive kampanjar retta mot oppdrettarar for å spreie kunnskap og byggje gode haldninger. Regelverk knytta til opprydning av fortøyningar, kjetting og tau under havbruksanlegg er eit område med behov for gjennomgang og ein eventuell tydeleggjering av myndigheitenes krav. Fleire stader langs kysten har avfall frå havbrukslokalitetar blitt liggjande i lang tid etter at drifta har opphøyrt. Det skal utarbeidast ein instruks/mal til regionane for handtering og sikring av dokumentasjon av rydding på sletta havbrukslokalitetar, og lagast ein heilskapeleg oversikt over etterlatte blåskjellanlegg. Kostnadar ved full opprydding skal avklarast. Akvakulturutstyr laga av plast, til dømes fôringsslanger og nøter, avgir mikroplast til miljøet under bruk. Det skal derfor innhentast meir kunnskap om generering av mikroplast i akvakultur og dei negative miljøkonsekvensane av dette.

Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) blir frå 1. januar 2022 eit eige nasjonalt senter mot marin forsøpling, underlagt Klima- og miljødepartementet. I tillegg til at senteret skal ha oppgåver innan kunnskap om og organisering av oppryddingsarbeid, skal det særleg fokusere på kunnskap om førebygging frå sjøbaserte kjelder. Senteret skal leggje til rette for samarbeid i det førebyggjande arbeidet mot marin forsøpling frå sjøbaserte kjelder.

9.2 Hamner

For å forhindre forsøpling frå skip er det nødvendig med gode system for å ta imot avfall i hamnene. EUs direktiv om mottaksanlegg i hamner for levering av avfall frå skip, kjent som skipsavfallsdirektivet, er gjennomført i norsk rett i forureiningsforskrifta og i forskrift om miljømessig tryggleik for skip og flyttbare innretningar. EU reviderte skipsavfallsdirektivet i 2019 og vedtok eit nytt direktiv som gjeld frå 28. juni 2021. Endringane inneber bl.a. at regelverket vil vere betre harmonisert med krava i MARPOL for skip. Vidare skal hamnene leggje til rette for ombruk og materialattvinning ved å kunne ta imot sortert avfall.

Forslag frå Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet til korleis det reviderte direktivet skal gjennomførast i norsk rett, er til vurdering.

Direktivet som er gjennomført i forureiningsforskrifta, inneber at alle hamner skal ha mottaksordningar for avfall og lasterestar frå skip i hamna, basert på den normale bruken til hamna. Hamna er pliktig til å utarbeide ein avfallsplan, og skip er pliktige til å melde frå om avfall som skal leverast.

Foto av hamn med skip. Foto: Adobe Stock

God tilretteleggjing for levering av avfall frå skip i hamn er viktig for å forebyggje ulovleg dumping av avfall i havet. Foto: Adobe Stock

Statsforvaltaren er ansvarleg for å følgje opp krava som rettar seg mot hamnene. Det er behov for å styrkje Statsforvaltarens kapasitet for å kunne følgje opp krava til hamnene om å ha avfallsplanar i forureiningsforskrifta.

EUs skipsavfallsdirektiv opnar no opp for at hamner skal kunne verte fritatt frå kravet om godkjend avfallsplan. Det spesifiserer at små, ikkje-kommersielle hamner med sjeldan eller begrensa trafikk berre frå fritidsfartøy kan få fritak for kravet om avfallsplan dersom dei er omfatta kommunal avfallshandtering. Dette er eit unntak Noreg arbeida for i lys av våre erfaringar med direktivet kor krav om avfallsplan i slike tilfelle ikkje har vore vurdert som eit miljømessig formålstenleg krav.

Skip som anløper norske hamner, må betale eit avfallsgebyr, anten ved kvart anløp eller som eit sesong- eller årsgebyr. Beløpet er det same uavhengig av om skipet leverer avfall eller ikkje. Ordninga, som gjerne blir omtalt som vederlagsfri levering av avfall, eller ein «No Special Fee»-ordning, skal stimulere til levering i hamn og førebyggje ulovleg dumping i sjø. I dag er fiskefartøy og fritidsfartøy unnatekne frå eit slikt generelt gebyr. Derimot må dei i mange hamner betale når dei faktisk leverer avfall, og då basert på mengda avfall.

Ordninga Fishing For Litter (FFL) vart i 2016–2017 innført som ei prøveordning i Noreg. Dei fiskefartøya som får delta, får levere oppfiska marint avfall gratis i utvalde hamner langs kysten. Ordninga vart innført som ei toårig prøveordning i 2016–2017 i regi av Miljødirektoratet, og er sidan vidareført på årleg basis via tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling. I 2021 er det elleve hamner som deltek i ordninga. Administrasjonskostnadene ved drifta av FFL ligg i snitt på rundt 70 000 kroner per hamn, men varierer ein god del. FFL omfattar òg ein kunnskapsdel som tar for seg sortering og detaljregistrering av typar og mengder avfall, samanstilling av rapportar om denne informasjonen og utprøving av ombruks-/resirkuleringsmoglegheiter for avfallet. Miljødirektoratet har foreslått at FFL bør bli fasa over i det reviderte skipsavfallsdirektivet Noreg er pålagt å innføre.

I det reviderte skipsavfallsdirektivet blir det foreslått at fiskefartøy òg blir inkludert i ordninga med eit generelt avfallsgebyr, der prisen er den same uansett om ein leverer avfall eller ikkje. Gebyret vil for alle skip og fartøy gå til både drift av mottaksordningar i hamn og behandling av avfallet, inkludert behandling av oppfiska avfall. Inkludering av oppfiska avfall i det generelle avfallsgebyret skal sikre at fiskefartøya får lokale hamner der dei kan levere avfallet, og at det blir mindre variasjonar mellom hamnene når det gjeld mottaksmoglegheiter og kostnader.

Produsentansvarsordningar for fiskeri og akvakultur som skal innførast frå 2025, kan òg bl.a. bidra til å finansiere handtering av avfall.

EUs reviderte skipsavfallsdirektiv medfører behov for betre tilsyn med skip i Noreg. Det er Sjøfartsdirektoratet som er ansvarleg for tilsyn med skip.

Regjeringa vil

  • innføre ordningar for utvida produsentansvar for fiskeri- og akvakulturutstyr som inneheld plast
  • innføre krav om rapportering av tapt fiskereiskap, òg for fritidsfiskarar
  • gjennomføre EUs reviderte skipsavfallsdirektiv og innføre eit generelt avfallsgebyr òg for fiskefartøy
  • styrkje kapasiteten til statsforvaltarane for å følgje opp krava til hamnene om å ha avfallsplanar
  • styrkje tilsyn med skip i Noreg for å følgje opp det reviderte skipsavfallsdirektivet
  • vidareføre støtte til oppfølging av IMOs handlingsplan gjennom GloLitter Partnerships, oppretta av IMO i samarbeid med Noreg og FAO
  • følgje opp prioriterte tiltak under handlingsplanen mot plastforureining frå skip under IMO, både nasjonalt og internasjonalt, under dette krav om rapportering av tapte fiskereiskapar til IMO
  • framleis vere ein pådrivar og bidragsytar i globalt kunnskapsarbeid om sjøbaserte kjelder til marin forsøpling og mikroplast
  • halde fram med å stimulere til globalt tverrsektorielt samarbeid på området, under dette mellom dei ulike FN-organisasjonane på miljø (UNEP), skip (IMO) og fiskeri og akvakultur (FAO) og gjennom det globale partnarskapet mot marin forsøpling (GPML)
  • arbeide for at ein global avtale mot plastforsøpling og plastforureining òg omfattar sjøbaserte kjelder
  • støtte internasjonalt samarbeid under Global Ghost Gear Initiative (GGGI) for førebygging av tap av fiskereiskap og skadar som følgje av dette
  • styrkje arktisk og norsk-russisk samarbeid mot marin forsøpling frå skip, under dette tapte fiskereiskapar
  • setje marin forsøpling og mikroplast i fokus under tilsyn med akvakulturanlegg
  • rydde opp i og fjerne fleire forlatne blåskjelanlegg og delar av slike i perioden 2021–2023
  • følgje opp andre tiltak lagt fram i Fiskeridirektoratets handlingsplan frå mars 2021 om marin forsøpling frå yrkesfiske, fritidsfiske og akvakultur

Fotnotar

54.

Joint Group of Experts on the Scientific Aspects of Marine Environmental Protection

55.

Tapt fiskereiskap blir her brukt som samlenemning for forlate, tapt, eller kasta/dumpa fiskereiskap eller deler av slikt (på engelsk Abandoned, Lost or otherwise Discarded Fishing Gear – ALDFG).

56.

Fiskeappen Fritidsfiskeappen (fiskeridir.no)

57.

Clean Nordic Oceans, cnogear.org
Til forsida