10 Mikroplast

Mikroplast er ei ny global utfordring og ei betydeleg kjelde til forureining. Spreiing av mikroplast utgjer ei grenseoverskridande utfordring og tiltak krev internasjonalt samarbeid, ny kunnskap og meir datainnsamling for å informere politikkutviklinga. Foto: Adobe Stock

Omgrepet «mikroplast» har ikkje ein eintydig definisjon, men blir ofte brukt om plastbitar som er mindre enn 5 millimeter. Det som blir omtalt som «mikroplast», består av ei svært heterogen blanding av partiklar som varierer i storleik, form, farge, spesifikk tettleik og kjemisk samansetning av polymerar og tilsetningsstoff som mjukgjerare, stabilisatorar, fargar, biocidar og flammehemmarar. Mikroplast kan vere tilsett i ulike produkt som t.d. kosmetikk og måling, men kan òg dannast ved at større plastbitar blir fragmenterte til mindre bitar som eit resultat av bruk og slitasje, UV-strålar, vêr og vind. Mikroplast kan igjen brytast ned til nanoplastpartiklar. Desse kan kanskje vere endå meir skadelege. På sikt vil det derfor vere behov for studiar som skil mellom dei ulike materiala, storleikane og partikkeltypane til mikroplast.

Mikroplast vart i 2016 løfta fram av FNs miljøforsamling som ei ny global utfordring som utgjer ei betydeleg kjelde til forureining. Spreiing av mikroplast utgjer òg ei grenseoverskridande utfordring og krev internasjonalt samarbeid, ny kunnskap og meir datainnsamling for å informere politikkutviklinga. Per i dag finst det ingen globale miljøavtalar som regulerer mikroplast. Noreg arbeider for at ein ny global avtale mot plastforsøpling og plastforureining òg skal omfatte mikroplast. Samarbeid om tiltak mot mikroplast vil òg bli omfatta av aktivitetar under det nye nordiske initiativet «Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling» i perioden 2021–2024.

Våren 2020 leverte Miljødirektoratet ei oppdatert tiltaks- og verkemiddelvurdering mot mikroplast, saman med eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Mepex og NIVA nyleg laga nye anslag over nasjonale utslepp av mikroplast. Framleis er dekkslitasje, vegstøv og gummigranulat frå kunstgrasbanar dei største landbaserte kjeldene til spreiing av mikroplast, følgd av målingsslitasje, vask av syntetiske tekstilar, produkt som er tilsette mikroplast, tap av plastpellets, og avfallshandtering. Dei berekna estimata blir vurderte å vere relativt gode for dekkslitasje, som utgjer den største kjelda, men det er elles svært stor uvisse for dei fleste kjeldene når ein bereknar desse som nasjonale anslag. Totalt er dei årlege utsleppa frå mikroplast frå landbaserte kjelder i Noreg no anslått til 19 000 tonn eller 3,5 kg per person.

Infografikk av mikroplastutslepp frå landbaserte kjelder i Noreg.

Mikroplastutslepp frå landbaserte kjelder i Noreg. Henta frå Miljøstatus.no

Rapporten frå NIVA gir informasjon om samansetninga og mengda av plasten som blir sleppt ut i det marine miljøet frå sjøbaserte kjelder. Han tek òg for seg distribusjonsvegar, endestasjonar og nedbryting av mikroplast. Vi har lite informasjon om mengda mikroplast som blir sleppt ut i havet frå sjøbaserte kjelder, og kvaliteten på dataa for kjeldene blir rekna som middels eller låg. Det er identifisert fleire kunnskapshol og data som bør komme på plass for å kunne betre utrekningsgrunnlaget for sjøbaserte kjelder i framtida.

Fleire sjøbaserte kjelder til mikroplast er relevante for det norske havmiljøet. Desse inkluderer bl.a. sjøfart, hamner og verft, fiskeri, havbruk og olje- og gassverksemd. Utsleppa frå desse kjeldene kan bestå av slitasje på plastprodukt, plastutstyr og måling, og utslepp i samband med vedlikehald eller opphogging av offshore-konstruksjonar.

Kjeldene til informasjon er få og upålitelege. Sjølv om kunnskapen om mikroplast har blitt betrakteleg styrkt dei siste åra, er det framleis vesentlege kunnskapshol med omsyn til kjelder, spreiing, opptak i ulike organismar og effektar. Vi har framleis ikkje full forståing for korleis mikroplast blir transportert, og kvar det endar. På lang sikt reknar ein med at ein stor del av mikroplasten vil ende i det marine miljøet, der det vil søkke til botnen og ende i sediment. Mikroplast er funnen i alle havområde, frå dei mest folkerike kystområda til avsidesliggjande område i Arktis og Antarktis. Ein nordisk rapport om førekomst av blåskjel og muslingartar på 100 ulike stader i Norden viser at muslingartar nær urbane område har høg førekomst av mikroplast. Fragment av mikroplast utgjer 87 prosent av dei rapporterte funna, og 13 prosent er mikrofiber. Spesielt i Oslofjorden vart det dokumentert ein høg førekomst av mikroplast i muslingartar.

Avløpsreinseanlegg er òg ein spreiingsveg for mikroplast. Undersøkingar viser at det største avløpsreinseanlegget i Noreg kvar time får inn over éin milliard ørsmå plastbitar. Sjølv om dei mest avanserte reinseanlegga kan halde tilbake mellom 87 og 97 prosent av dei større mikroplastpartiklane, vil det kvar time bli sleppt ut fleire millionar mikroplastpartiklar med avløpsvatnet. Mikroplasten som blir reinsa ut, hamner bl.a. i avløpsslammet. Fordi avløpsslam blir brukt på grøntareal i Noreg, vil derfor noko av mikroplasten som blir reinsa ut, likevel kunne bli spreidd i naturen. Kva typar mikroplast som finst i slammet, vil bl.a. vere avhengig av kjeldene til avløpsvatnet, reinseteknologiar ved anlegget, variasjonar i nedbør og mengda av overvatn.

Trass i meir avgrensa data viser desse målingane at både ferskvatn og landbaserte økosystem er viktige mottakarar og reservoar for mikroplast. Nokre studiar har òg sett nærmare på transport gjennom luft, som kan vere ein viktig transportveg bl.a. for tekstilfibrar og dekkstøv.

Det kan vere krevjande å finne gode tiltak og reguleringar som forhindrar utslepp av mikroplast når utsleppa oppstår gjennom slitasje på eit produkt, t.d. bildekk som blir slitt ved bruk. Både forbod mot særskilde produkt og førebyggjande tiltak i design- eller produksjonsfasen til produktet bør utviklast på EU/EØS-nivå. Plastutfordringa har òg understreka global skeivfordeling, og derfor er ein global deling av systemløysingar og heilskapstenking viktig.

Mikroplast er tungt nedbrytbart og hopar seg opp i miljøet. Stadig fleire vitskaplege publikasjonar indikerer at utslepp av mikroplast kan føre til irreversible skadar på økosystema. Sidan partiklane er svært små, kan dei lett bli tekne opp i organismar og i næringskjeda. Mikroplast kan òg spreie miljø- og helseskadelege stoff, både fordi plastpartiklar i seg sjølv kan ha skadeverknader, innehalde skadelege stoffar tilsett under produksjon og fordi miljøgifter kan feste seg til overflata av mikroplast. Mikroorganismar kan òg transporterast med plast til stader der dei ikkje høyrer til. Plasten kan danna biofilmar og lette spreiing av bl.a. antibiotikaresistens. Spreiing av mikroplast kan derfor verke som ein vektor og som «hot spot» for spreiing av miljøgifter, sjukdomsframkallande mikroorganismar og framande arter. Mikroplasten si rolle i utvikling av antibiotikaresistens i det marine miljø er noko ein framleis veit veldig lite om.

Dei siste åra er det produsert fleire samanstillingar av tilgjengeleg kunnskap om effektar av mikroplast. Felles for desse studiane er at dei ofte framhevar ein mangel på kvalitative data, spesielt på opptak i menneske. Datagrunnlaget for effektar er førebels tynt, og kvaliteten på mange av dei vitskaplege studiane er ikkje tilstrekkeleg god til at dei kan brukast til å vurdere kva risiko mikroplast utgjer for miljøet og menneske si helse. Folkehelseinstituttet vurderte i 2018 at dei svært låge nivåa av mikroplast i norsk drikkevatn tilsa at risikoen knytt til førekomst av mikroplast i drikkevatn i Noreg er minimal. Samstundes peikar Verdshelseorganisasjonen på at sjølv om mengda mikroplast i drikkevatnet i verda i dag truleg er låg, vil plast i løpet av eit hundreår utgjere ein stor fare for økosystema i havet, dersom plast held fram med å forureine miljøet i same grad som i dag. Dette vil igjen gjere menneske meir utsette. I tillegg har desse studiane ikkje inkludert analysar av veldig små plastpartiklar, og dei publikasjonane som undersøkjer førekomst av mikroplast nyttar ulike metodar, noko som gjer det vanskeleg å samanlikne resultata. Når partiklar av liten storleik har blitt analysert, fann ein plast i både fiskefilet og i fiskelever. Størstedelen av partiklane i vev var under 0,05 mm. Metodeutvikling bør derfor prioriterast, særleg for små mikroplastpartiklar. Dette vil gje ein betre oppfatning av kor mykje mikroplast som finns i bl.a. næringsmiddel og kva risiko som knytast til dette.

10.1 Kunstgrasbanar

Gummigranulat frå kunstgrasbanar er i Miljødirektoratets tiltaksvurdering om mikroplast frå 2016 identifisert til å vere den nest største kjelda til utslepp av mikroplast i Noreg, og ei oppdatert kartlegging frå 2020 stadfestar dette.58 Desse banane består av syntetiske grasmatter som blir tilsette små gummigranulat som kjem frå attvinning av bildekk.

Foto av gummigranulat på kunstgrasbane. Haraløkka idrettsanlegg på Bøler i Oslo. Foto: NTB, Espen Bratlie

Gummigranulat på kunstgrasbane. Haraløkka idrettsanlegg på Bøler i Oslo. Foto: NTB, Espen Bratlie

Dette eignar seg godt til underlag på idrettsbanar sidan det held underlaget mjukt, samstundes som det toler frost. Mikroplast blir spreidd frå banane både via spelarane når dei forlèt banen, og gjennom snørydding og avrenning frå banen.

Det er om lag 1700 kunstgrasbanar i Noreg, og Miljødirektoratet har anslått at det kvart år hamnar mellom 1500 og 3000 tonn gummigranulat på avvegar frå desse.

Regjeringa fastsette i mars 2021 krav til utforming og drift av idrettsbanar, der det blir brukt plasthaldig, laust fyllmateriale. Forskrifta trer i kraft 1. juli 2021. Når alle tiltaka i forskrifta blir gjennomførte, vil det kunne redusere tilførslene av mikroplast frå kunstgrasbanar til naturen med 90 prosent.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA foreslo i 2019 restriksjonar eller forbod mot tilsett mikroplast i ei rekkje produkt under kjemikalieregelverket REACH, inkludert gummigranulat brukt på kunstgrasbanar. Endeleg forslag frå ECHA er våren 2021 sendt over til EU-kommisjonen. Det blir skissert to alternative løysingar i forslaget frå ECHA. Den første er at det i restriksjonsforslaget ligg inne ein overgangsperiode på seks år dersom det blir vedteke eit forbod mot gummigranulat i kunstgrasbanar. Dersom EU endar opp med å vedta den andre løysinga, som inneber risikoreduserande tiltak og liknar meir på den nasjonale forskrifta vår, blir overgangsperioden på tre år. Det er forventa at nytt regelverk under REACH blir vedteke i EU i 2021/22. Regjeringa følgjer saka tett.

Sjølv om det kan komme eit forbod mot gummigranulat på lengre sikt, meiner regjeringa det har vore viktig å ta grep allereie no. Dette vil òg kunne bidra til innovasjon og utvikling av nye underlagsmateriale.

10.2 Måling

Måling utgjer ei kjelde til mikroplast ved at utandørsmåling flassar av, og at målingsrestar blir spylte av og endar i avløpsvatnet eller blir dumpa i naturen. Mikroplastutsleppet frå måling frå landbaserte kjelder er på omtrent 800 tonn kvart år. Miljødirektoratet reknar òg med at det er eit betydeleg utslepp av måling frå sjøbaserte kjelder. Dette kan t.d. komme frå båtmåling, botnstoff og slitasje på måling frå offshore-konstruksjonar. Førebels finst det ikkje tal for kor store desse utsleppa er.

Ved båtpuss og ved generell slitasje på fritidsbåtar blir mikroplast frå måling på skroget ei kjelde til utslepp. Det er uvisse knytt til mengdene av mikroplast som blir sleppte ut frå fritidsbåtar, men det er berekna at det årleg blir sleppt ut om lag 58 tonn mikroplast i sjøen mens båtane ligg på vatnet, og 88 tonn på land i samband med vedlikehald og båtvask. Utslepp som følgje av vedlikehald av fritidsbåtar er i liten grad regulerte i dag, samanlikna med liknande typar utslepp frå skipsverft og notvaskeri. Miljødirektoratet har gjort ei førebels vurdering av moglege tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av forureining frå småbåthamner i Noreg, men det er framleis behov for meir kunnskap om omfanget av utsleppet og formålstenlege reguleringar. I 2021 vil derfor Miljødirektoratet få på plass meir oppdatert informasjon om aktive utslepp av mikroplast og helse- og miljøfarlege stoff til omgivnadene ved større småbåthamner i Noreg.

10.3 Mikroplast tilsett i produkt

Mikroplast kan òg vere tilsett i produkt brukt i olje- og gass-sektoren, i vaskemiddel, konstruksjonsmateriale, vedlikehaldsprodukt, medisinar, kosttilskot, kroppspleieprodukt og produkt brukt i hagen og i landbruket. I Europa blir den største kjelda til tilsett mikroplast anteken å vere gjødsel og plantevernmiddel som er kapsla inn i plast. I Noreg blir polymerforsterka gjødsel vurdert å vere ei viktig kjelde frå landbruket59.

Som vist til over har det europeiske kjemikaliebyrået ECHA foreslått eit omfattande forbod mot tilsetjing av mikroplast i ei rekkje produkt. Det er òg foreslått merkekrav på produkt for å redusere utslepp eller informere om at restar av produktet kan utgjere ei kjelde til utslepp av mikroplast. Det blir òg vurdert å innføre rapporteringskrav for å sikre betre informasjon og med det få meir kunnskap og betre risikoanalyse framover. Forbodet vil gjelde i Noreg gjennom EØS-avtalen, og vil ha innverknad på ei rekkje ulike produkt og bruksområde i industriell og privat bruk. Det er estimert at eit slikt forbod vil redusere mengda av mikroplast som blir sleppt ut i miljøet i Europa med 500 000 tonn over 20 år.

Forslaget er sendt over til EU-kommisjonen og blir forventa vedteke i 2021/2022. Forbodet vil gjerast gjeldande på ulike tidspunkt for ulike bruksområde, avhengig av overgangsperiodane som er foreslått. Dette blir gjort for å gi bransjen tid til å ta i bruk eigna alternativ.

10.4 Andre kjelder til mikroplastutslepp

Dekkslitasje er omtalt i kap. 8 om plastforureining i transportsektoren, mens plastforureining frå tekstilar er omtalt i kap. 5. Mikroplast som oppstår frå nedbryting av plastforsøpling, utgjer òg ei kjelde til spreiing i miljøet. Sjå nærmare omtale av dette i kap. 12.

Sidan 2016 har Miljødirektoratet jobba med å få mikroplast inn som ein del av vurderingane operatørane og kjemikalieleverandørane gjer i samband med arbeidet med å byte ut kjemikaliar i offshoreverksemda. Noreg har òg foreslått at dette blir eit tema under ny strategi til OSPAR.

EU har varsla at dei òg vil arbeide aktivt med tiltak for å redusere utslepp av mikroplast frå slitasje og bruk og frå andre kjelder til sekundær mikroplast60. Dei vurderer ei rekkje ulike tiltak, som merking, standardisering, sertifisering og regulatoriske grep for å redusere utslepp fra spesielt nemnde kjelder som tekstilar, dekk og plastpellets. Mikroplast er òg nemnd som tema under arbeidet som no går føre seg med revidering av avløpsdirektivet og evaluering av slamdirektivet. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein pådrivar for dette arbeidet inn mot EU og bidra med kunnskap til desse prosessane.

Når miljøstyresmaktene gir oppdaterte utsleppsløyve, bruker dei moglegheitene som ligg i eksisterande regelverk til å setje relevante vilkår for utslepp av mikroplast til jord, luft, ferskvatn og det marine miljøet. Ved tilsyn følgjer styresmaktene opp at verksemder har gode rutinar for handtering, lagring og oppsamling av søl, slik at dei førebyggjer utslepp av plastpellets. Miljødirektoratet sørgjer òg for at relevant informasjon om verkemiddel og tiltak er tilgjengeleg for kommunar og statsforvaltaren.

Vidare er det viktigaste å redusere utslepp av mikroplast ved kjelda. Noreg slepp mykje mikroplast ut til sjøen som følgje av at det framleis skjer utslepp frå avløpsvatn langs kysten frå Lindenes og nordover.

Regulering av påslepp

Kommunen er forureiningsstyresmakt for påslepp til offentleg avløpsnett, og kan stille krav for å sikre at krav i forskrift og utsleppløyving til avløpsanlegg vert overhaldt, av omsyn til drift av avløpsanlegg og at desse og tilhøyrande infrastruktur ikkje tar skade. Kommunar kan òg stelle påsleppskrav av hensyn til behandling og bruk av avløpsslam. Kva påsleppskrav kommunar kan stille til verksemder avhenger derfor i stor grad av kva krav regelverk eller utsleppsløyve stiller til utslepp av avløpsvatn og bruk av avløpsslam. I Landbruksdirektoratets, Miljødirektoratets og Mattilsynets forslag til revidert gjødselvareforskrift vert det foreslått grenseverdiar for maksimalt innehald av ureinheitar som bl.a. plast i materiale som ønskes brukt. Før ein har etablert grenseverdiar og standardiserte målemetodar for mikroplast i slam har kommunane avgrensa grunnlag for å stille krav til innhald av mikroplast i avløpsvatn for påslepp til kommunalt avløpsnet. Vidare har EU-kommisjonens arbeid med å revidere avløpsdirektivet ein målsetjing om å redusere utslepp av bl.a. mikroplast.

Arbeidet til miljøforvaltninga med biofilmberarar

Biofilmberarar er små «reinsehjul» i plast som blir tilsett reinseanlegg for å auke talet på mikroorganismar som reinsar avløpsvatn. Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å følgje opp tiltak for å sikre at biofilmberarar ikkje kjem på avvegar. Det blir frå tid til anna rapportert om utslepp av biofilmberarar frå reinseanlegg, anten pga. uhell eller spesielle driftssituasjonar som stor tilrenning og ekstremvêrhendingar. Miljøstyresmaktene har følgt opp med informasjon til statsforvaltaren og til Norsk Vann, og med dialogmøte. Det er òg i ny mal for utsleppsløyve krav om at det ved bruk av biofilmberarar må stillast krav til at desse ikkje blir spreidde til miljøet. Miljødirektoratet har òg utvikla informasjonsmateriale som er tilgjengeleg for verksemder, som grunnlag for vurdering av tiltak. Eit nordisk samarbeid om biofilter blir òg vurdert.

Ei anna kjelde til spreiing av mikroplast er plastråstoff i form av pellets, flak eller pulver som kan komme på avvegar under pakking, lagring og transport. Når det gjeld plastpellets, er det i Noreg avdekt avvik rundt lagring av plastavfall utandørs utan forsvarleg sikring. Under OSPARs handlingsplan mot marin forsøpling er moglege tiltak og kostnader for førebygging og opprydding greidde ut. På denne bakgrunnen er det utarbeidd retningslinjer mot utslepp av plastpellets.61 Nye tal frå Mepex bereknar dette til å utgjere ei kjelde som er relativt liten i Noreg, men som kan ha store miljøkonsekvensar og er krevjande å rydde opp. Derfor er tiltak for å førebyggje utslepp av plastpellets viktig.

Operation Clean Sweep

Operation Clean Sweep er det felles initiativet i industrien for å skape større merksemd om og tiltak mot utslepp av pellets. Råvareprodusentane i USA starta dette initiativet for over 20 år sidan, men har no slått det saman med tilsvarande europeiske initiativ. Formålet er å unngå og avgrense utslepp av pellets frå anlegga til råvareprodusentane, plasttilarbeidande industri, plastattvinnarar og transportørar, og ein fokuserer no på å løfte fram risikoanalysar på tvers av heile verdikjeda.

Regjeringa vil

  • følgje opp nye krav til kunstgrasbanar i forureiningsforskrifta
  • påverke og regulere bruken av mikroplast tilsett i ulike produkt, i tråd med kommande EU/EØS-regelverk
  • ta ei aktiv rolle i å bidra til kunnskap og vere ein pådrivar inn mot EU i arbeidet med nye tiltak mot sekundær mikroplast
  • følgje opp samarbeid om tiltak for reduksjon av utslepp av plastpellets, under initiativet «Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling», i perioden 2021–2024
  • arbeide for at ein global avtale mot plastforsøpling og plastforureining òg omfattar spreiing av mikroplast
  • vurdere behovet for å regulere drifta ved småbåthamner, slippar og opplagsplassar som vedlikeheld mange fritidsbåtar
  • vurdere aktuelle tiltak nasjonalt og internasjonalt for å følgje opp retningslinjer under OSPAR mot utslepp av plastpellets
  • følgje opp EU-kommisjonens arbeid med ulike tiltak retta mot andre kjelder til sekundær mikroplast
  • følgje tett med på EUs arbeid og tiltak mot spreiing av plastpellets
  • arbeide for å redusere kunnskapshola ved både å styrkje og dele kunnskapen om kjelder, spreiing og effektar av mikroplast nasjonalt og globalt
  • følgje opp verksemder som slepp ut mikroplast, gjennom kravstilling, tilsyn og rettleiing

Fotnotar

59.

Mepex (2021) Norske landbaserte kilder til mikroplast Norske landbasertekildertilmikroplast - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

60.

Sekundær mikroplast er ei nemning om brukast om mikroplast årsaka av bruk og slitasje av plastprodukta. Plastavfall i strandsona og på havoverflata kan òg brytast ned til mindre partiklar og bli til mikroplast.

61.

OSPAR (2018) Background document on pre-production Plastic Pellets, Action Plan for Marine Litter | OSPAR Commission
Til forsida