11 Akutt forureining, beredskap og klimatilpassing

Natt til 23. februar 2020 kom skipet M/V Trans Carrier opp i kraftig uvêr på veg frå Rotterdam til Tananger i Noreg. Noko av lasten forskyvde seg, og det vart slått hol på ein konteinar som inneheldt plastpellets. Rundt 13,2 tonn plastpellets lak ut i havet og store mengder vart skylt opp på strender langs Oslofjorden. Foto: Kystverket

Forureiningslova har eit eige kapittel som regulerer korleis private, kommunane og staten skal handtere akutt forureining og fare for akutt forureining. Med akutt forureining meiner ein forureining av betydning, som hender plutseleg, og som ikkje er tillaten i eller i medhald av forureiningslova.

Den som driv verksemd som kan føre til akutt forureining, har plikt til å etablere beredskap mot akutt forureining som kan oppstå frå eiga verksemd. Kommunen skal ha beredskap mot mindre tilfelle av akutt forureining som kan medføre skadeverknader innan kommunen, og som ikkje blir dekte av privat beredskap. Alle kommunane i landet deltek i interkommunalt samarbeid gjennom interkommunale utval mot akutt forureining (IUA). Staten skal sørgje for beredskap mot større tilfelle av akutt forureining som ikkje er dekte av kommunal eller privat beredskap. Kystverket har ansvar for den statlege beredskapen mot akutt forureining og skal koordinere statleg, kommunal og privat beredskap i eit nasjonalt beredskapssystem. Dette omfattar all akutt forureining, både til sjøs, i vatn og på land, inkludert akutt plastforureining. Kystverkets beredskap skal primært forhindre eller redusere skade på miljøet. Beredskapen mot akutt forureining blir dimensjonert etter miljørisiko- og beredskapsanalysar.

Ved akutt forureining har ansvarleg forureinar plikt til å setje i verk tiltak for å hindre eller avgrense skadar og ulemper. Dersom den ansvarlege ikkje set i verk tiltak, eller tiltaka ikkje er tilstrekkelege, skal kommunen søkje å handtere ulykka. Aksjonsplikta til kommunen omfattar alle utslepp i kommunen som ikkje blir handterte av ansvarleg forureinar. Private verksemder har, etter pålegg, plikt til å hjelpe til ved kommunale aksjonar. Andre kommunar og Kystverket kan òg hjelpe til under kommunale aksjonar. Ved større hendingar eller fare for større hendingar kan Kystverket vedta at staten skal leie handteringa av hendinga eller delar av hendinga. Private verksemder og kommunane har bistandsplikt til staten dersom det blir sett i verk ein statleg aksjon.

Våren 2020 vart det oppdaga store mengder plastpellets på strender langs Oslofjorden i Noreg. Det viste seg at rundt 13,2 tonn plastpellets hadde leke ut frå ein skadd konteinar om bord i eit lasteskip i Nordsjøen. Plastpellets vart funnen mange stader langs Skagerrakkysten, òg i Sverige. Det gjekk tid før dei store mengdene pellets vart kopla til skipet som var kjelda. Etter avklaring av at dette utsleppet var å sjå på som akutt forureining, sette Kystverket i verk ein statleg aksjon, og kjelda til utsleppet vart identifisert til skipet. Reiarlaget tok på seg ansvaret og finansierte ein oppryddingsaksjon som Oslofjordens Friluftsråd koordinerte under leiing av Kystverket. Mange frivillige bidrog. Opprydding av mikroplast er svært krevjande, og det er anslått at rundt ni tonn er igjen i miljøet. Ein del blir framleis spreidd fram og tilbake med havstraumar mellom kystområde og strender i landa langs Skagerrak og Nordsjøen.

Ulykka har gitt viktige erfaringar og ført til ei bevisstgjering om akutt plastforureining som risiko i Noreg og Norden. Saka medførte òg ei bevisstgjering om ansvaret og beredskapen til Kystverket og kommunane, og om varslingsrutinar i slike saker i Noreg.

Noreg har, som ein del av initiativet «Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling» for perioden 2021–2024, teke initiativ til eit samarbeid om akutt plastforureining. Aktuelle aktivitetar er styrkt kunnskap, erfaringsutveksling og kontaktnett mellom landa, både på organisasjonsnivå og styresmaktsnivå, om førebygging, beredskap og opprydding. Utslepp av plastpellets vil vere ein sentral del av prosjektet i den første fasen, både for Nordsjøen, Skagerrak og Austersjøen.

Både OSPAR-retningslinjene, det nordiske prosjektet og relevant arbeid i IMO og EU kan vere aktuelt for ytterlegare oppfølging, både nasjonalt og gjennom internasjonalt samarbeid.

Meir ekstrem nedbør, vind og flaum kan bidra til spreiing av plast og mikroplast, bl.a. gjennom direkte tap av gjenstandar, utvasking frå grunnen og deponi, overvatn, overløp i avløpsanlegg og nedbryting av infrastruktur, med vidare. Meir ekstreme vêrforhold kan òg gi større risiko for tap av bl.a. fiskereiskap, delar av akvakulturanlegg og skipslast. Mange tiltak for å redusere skadar som følgje av klimaendringar vil òg kunne bidra til å redusere den auka risikoen for akutt plastforureining.

I Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetligeforvaltningsplaner for de norske havområdene er det slått fast at risikoen for skade på miljøet og dei levande marine ressursane som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå, og at han kontinuerleg skal søkjast redusert ytterlegare. Vidare er det slått fast at det høge tryggingsnivået i sjøtransporten skal haldast oppe og styrkjast. Den statlege beredskapen mot akutt forureining skal vere tilpassa og dimensjonert ut frå den til kvar tid gjeldande miljørisikoen.

Reduksjon av isdekke i arktiske farvatn er forventa å føre til større trafikk av fartøy langs kysten. Både den auka trafikken og ekstremvêr som følgje av klimaendringar kan føre til større risiko for ulykker som medfører akutt forureining, medrekna plastforureining.

FNs miljøforsamling vedtok etter forslag frå Noreg i 2016 at marin forsøpling og mikroplast bør takast omsyn til i nasjonale planar for klimatilpassing.62 Det er viktig at Noreg følgjer opp dette i relevante nasjonale, regionale og kommunale planar og tiltak. Kommunane er etter plan- og bygningslova ansvarlege for at naturfarar blir vurderte og tekne tilstrekkeleg omsyn til i samfunns- og arealplanlegging og byggjesaksbehandling. Klimatilpassing skal vere ein integrert del av ansvarsområda til kommunen. Kommunen må vurdere kva konsekvensar klimaet både i dag og i framtida kan få, og dette omsynet må bli vurdert på lik linje med andre omsyn som kommunen tek i planlegginga. Kommunane har krav om å utarbeide ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse. Dei skal kartleggje kva hendingar som kan skje og sannsynet for at dei hender, og seie korleis dei vil påverke lokalsamfunnet. Det bør sjåast nærmare på i kva grad beredskapen i kommunane mot akutt plastforureining må tilpassast auka risiko som følgje av klimaendringar, og om faren for slik forureining grunna klimaendringar er godt nok kartlagd.

Noreg vil òg vurdere om det er grunnlag for samarbeid om akutt forureining knytt til plastforureining i relevante fora under bl.a. OSPAR og IMO.

Foto av rydding av plastpellets på Husebystranda i Rygge i Oslofjorden. Foto: Gisle Oddstad, NTB, VG

Fjerning av plastpellets er svært krevjande. Støvsuging med ein omvendt løvblåsar er ei metode som har vist seg fungere nokså godt, men uansett ekstremt tidkrevjande. Her ryddar ein plastpellets på Husebystranda i Rygge i Oslofjorden. Foto: Gisle Oddstad

Regjeringa vil

  • sikre at akutt plastforureining er ein del av det nasjonale beredskapssystemet, og at beredskapen både til sjøs, i vatn, vassdrag og på land er tilpassa auka risiko som følgje av klimaendringar
  • vurdere om faren for meir plastforureining som følgje av klimaendringar er godt nok kartlagd
  • i perioden 2021–2023 gjennomføre eit nordisk samarbeidsprosjekt om akutt plastforureining, med vekt på kunnskap og erfaringsutveksling og kontaktnett mellom landa om førebyggjande tiltak, beredskap og opprydding

Fotnotar

62.

UNEA 2/11 https://undocs.org/pdf?symbol=en/unep/ea.2/res.11
Til forsida