Samandrag

Plast er nyttig i bruk, blant anna fordi stoffet er så haldbart, men det gjer at plast er eit alvorleg miljøproblem når den hamnar på avvegar. Plastforsøpling og plastforureining er eit av vår tids raskast aukande globale miljøproblem og fører med seg store konsekvensar for hav, natur, dyreliv og menneskes velferd.

Regjeringas visjon er ei meir berekraftig verdikjede for plast globalt, regionalt og nasjonalt. Denne strategien skal bidra til å gjennomføre FNs nullvisjon frå 2017 om å stanse alle utslepp til havet på lang sikt. Strategien samanstiller regjeringas politikk og beskriver dei fleste tiltak som er iverksett eller er under gjennomføring for å redusere forsøpling og plastforureining. Den tek ei heilskapleg tilnærming for tiltak på tvers av heile plastens livsløp.

På globalt nivå er det særleg viktig å få på plass ein rettsleg bindande global avtale mot plastforureining for å realisere denne visjonen. Eit sentralt element i ein global avtale bør vere at alle land pliktar å ha og å gjennomføre ein nasjonal strategi for å stanse utslepp av plast til havet og handtere miljøproblema forårsaka av plastforureining.

På regionalt nivå er det særleg viktig å støtte EUs arbeid for eit styrka produktrammeverk for plast og gjennomføre dette i Noreg. Noreg som EØS-land og integrert del av EUs indre marknad gjer at mykje av politikken må utviklast saman med EU. Noreg er tent med at det blir felleseuropeiske reglar og deltar aktivt i dette arbeidet. Noreg skal framleis vere ein aktiv pådrivar mot plastforureining i bl.a. det regionale havmiljøsamarbeidet.

På nasjonalt nivå er det viktig å fremme berekraftige plastprodukt, berekraftig forbruk av plastprodukt og reduserte mengder plastavfall som ikkje blir utnytta for materialattvinning, samt framleis hindre at plastavfall hamnar i naturen.

Plaststrategien inneheld tiltak for meir berekraftige verdikjedar for plast og tiltak for å sikre at farlege stoff blir tekne ut av krinsløpet for å auka materialattvinning av plastavfall og sikre trygge produkt. Plast blir tilset ulike kjemiske stoff for å gi den ønska eigenskapar. Nokre av stoffa er miljøgifter. Ein meir sirkulær plastøkonomi må byggje på giftfrie krinsløp for å beskytte helse og miljø mot spreiing av farlege kjemiske stoff. Noregs plaststrategi legg til grunn at det må bli stilt same krav til fråvær av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff i sekundært plastråstoff og dei produkta som blir laga av dette, som til nyprodusert plastråstoff.

Strategien følgjer etablerte prinsipp for miljøforvaltninga og er ei vidareutvikling av plaststrategien til regjeringa i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs. Det er bl.a. den ansvarlege for forureininga som skal bere kostnadene for å førebyggje og redusere plastforureininga. Når plastavfallet ender opp som forsøpling er det ofte ikkje lett å fastslå avfallets opphav. For å få til endringar som gir varige forbetringar er det viktig å setje inn tiltak tidleg i livsløpet til plasten. Samstundes må vi styrkje kontrollen med plastavfall og arbeide for at plastavfall ikkje hamnar på avvegar. Eit enkelt land kan ikkje løyse disse utfordringane åleine, og for å lukkast er internasjonalt samarbeid nødvendig.

Det er behov for målretta tiltak for ulike verdikjedar og ulike sektorar, og å redusere plastforureining frå kjelder både på land og i sjø. Forbruksartiklar som nyttas berre ein gong er ei særleg stor kjelde til forsøpling, samstundes som det er dårleg utnytting av ressursar. Noregs plaststrategi fremmar tiltak mot tap av fiskereiskap og opprydding av dette, både frå yrkesfiske og fritidsfiske, mot plastforureining frå akvakultur og skipsfart, og tek opp utfordringar rundt mottak av avfall i hamner. Utfordringar knytta til plastforureining frå transport- og landbrukssektoren omtalast òg.

Strategien tek òg opp spørsmålet om alternativ til plast utvunne av fossile råvarer, slik som biobasert plast, og omgrepet bionedbrytbar plast. Dette er eit komplekst område kor ein treng meir kunnskap. Det er viktig at biobaserte plasterstatningar og nye alternative plastprodukt reduserer dei samla miljøpåverknadane og ikkje skapar nye problem.

Plastemballasje er den største kategorien både av ny plast som blir sett på marknaden og av plastavfallet som oppstår i Noreg og Europa. Å redusere miljøkonsekvensar frå plastemballasje og utnytte ressursane i dette avfallet er høgt prioritert i Noreg og Europa. Måla for materialattvinning i EUs avfallsregelverk, som òg gjeld i Noreg gjennom EØS-avtalen, er allereie høge og skal auke trinnvis fram mot 2030. Materialattvinning av plast er utfordrande, men det er potensial for å materialattvinne meir plast enn i dag.

Noreg har som part til Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall fått gjennomslag for styrka kontroll med eksport og import av plastavfall. Noreg arbeider for å styrkje Baselkonvensjonens mandat om plastavfall, og heve standardane for miljøforsvarleg handtering av plastavfall. Noreg arbeider òg for å styrkje tiltak mot miljøkriminalitet, medrekna å få skjerpa kontrollen med ulovleg eksport av elektroniske og elektriske produkt. Slike produkt inneheld mykje plastmateriale i tillegg til helse- og miljøfarlege stoff, og ulovleg eksportert avfall blir ofte handtert uforsvarleg, til dømes opent brent eller dumpa i miljøet.

Mikroplast finst overalt i miljøet, i luft, vatn, hav, is, jord og i levande organismar. Konsekvensar for økosystema og mattryggheit er usikre, men kan vere alvorlege. Det er behov for tiltak for å forebygge og redusere utslepp av mikroplast frå ei rekke kjelder. Viktige kjelder er dekkslitasje, kunstgrasbanar, måling, tekstilar og mikroplast som er tilsett i produkt. Mikroplast blir danna ved nedbryting av større plastbitar, så tiltak mot forsøpling er òg viktig for å redusere mikroplastforureininga. Mikroplast kan være kjelde til spreiing av både miljøgifter og av framande artar, bakterier og virus. Samarbeid med EU er ein sentral del av arbeidet mot mikroplastforureining.

Meir ekstrem nedbør, vind og flaum kan bidra til auka spreiing av plast og mikroplast. Mange tiltak for å redusere skadar som følgje av klimaendringar vil òg kunne bidra til å redusere den auka risikoen for akutt plastforureining. Strategien beskriv fleire forhold kring akutt plastforureining og erfaringar frå uhell med spreiing av plastpellets nærmare.

Vi treng framleis meir kunnskap om dei fleste aspekta av plastutforureininga. Strategien framhevar arbeidet for kartlegging og overvaking av plastforureining nasjonalt og internasjonalt.

Strategien viser at for å lykkast er det behov for tiltak og samarbeid med alle relevante aktørar, både nasjonalt og internasjonalt, på tvers av heile plastens livssyklus.

Til forsida