2 Klima- og miljøkonsekvensane av plasten

Vi står overfor tre store globale miljøkriser – klimaendringar, tap av biologisk mangfald og forureining. «The accumulation of plastic litter in the ocean is a common concern for humankind owing to its far-reaching environmental, social and economic impacts». FNs miljøprogram 2016 Foto: Adobe Stock

Rapporten frå FNs miljøprogram «Making Peace with Nature»7 peikar på at vi står overfor tre store globale miljøkriser – klimaendringar, tap av biologisk mangfald og forureining. Det internasjonale havpanelet løftar òg fram at plastforsøpling bidreg inn i den totale pakka av stressfaktorar verdshava står overfor. Det finst ikkje noko omforeint risikorammeverk for å berekne konsekvensar av plastforureining, og det er viktig å ha ei føre-var-tilnærming. FNs miljøprogram (UNEP) kalla plastforsøpling ei «felles bekymring for menneska» i 2016. Dei skal leggja fram ei oppdatert global kunnskapssamanstilling i 2021 som er varsla å løfte fram aukande risiko for miljø.

Globalt sett har hittil 6,3 milliardar tonn plastavfall blitt produsert, og berre 9 prosent er materialattvunne, mens 12 prosent er brent og 79 prosent ligg på fyllingar eller er på avvegar i miljøet.8 Det vart i 2015 vurdert at 4,8–12,7 millionar tonn plastavfall kvart år endar i havet frå landbaserte kjelder åleine. I tillegg kjem plastavfall frå sjøbaserte kjelder.9

Plastforsøpling kan ha skadeeffektar på ulike økosystem gjennom direkte og indirekte påverknader og gjennom samvirkeeffektar med andre miljøutfordringar, som klimaendringar, tap av biologisk mangfald og forureining.

Marine artar kan setje seg fast i større bitar av plastavfall, og sjøpattedyr, fuglar og andre artar kan ete plast fordi han liknar på mat. Plastbitar kan spre miljøgifter og andre farlege stoff ut i naturen og kan påverke marine habitat. Forskarar har òg funne at marin plastforsøpling kan påverke økosystem, som korallrev, og vere ein vektor for spreiing av framande artar og patogen som kan forårsake sjukdommar. Vidare utgjer fiskereiskap i plast på avvegar ein stor direkte trussel mot livet i havet. Større plastgjenstandar vil etter kvart brytast ned til mikroplast. Mikroplast og nanoplastpartiklar kan òg spreie miljøgifter.

Plastforsøplinga kan ha større sosioøkonomiske konsekvensar og svekkje økosystemtenester. FNs miljøprogram har gjort utrekningar på at plastavfall forårsakar tap av naturkapital tilsvarande 75 mrd. amerikanske dollar, og at direkte kostnader knytte til tap av marine økosystem utgjer ca. 13 mrd. amerikanske dollar per år.10 Plastforsøpling kan ha både direkte og indirekte konsekvensar for ei rekkje sektorar som avheng av sunne og reine hav, som fiskeri og akvakultur. Forsøpling av havet kan òg utgjere ein tryggleiksrisiko bl.a. for skipsfart. Turistnæringane blir negativt påverka dersom naturen og områda der turistane ferdast er prega av forsøpling. Store førekomstar av avfall i miljøet verkar negativt på psyken og livskvaliteten til menneske.

Det er aktivitetar i heile livsløpet til plast som fører til klimagassutslepp. Det er anslått at plasten sin del av karbonbudsjettet kan auke frå 1 prosent i 2014 til 15 prosent i 2050 dersom produksjonsveksten går opp som forventa dei neste tiåra.11 Det kjem klimagassutslepp frå utvinning og transport av olje og gass, og ifrå raffinering og produksjon av råstoff og produkt. Det kjem òg klimagassutslepp frå handtering av plastavfall og plastavfall på avvegar i naturen. Tiltak mot klimagassutslepp i Noreg har som mål å redusere mengda klimagassutslepp frå norsk territorium som ledd i Noregs internasjonale klimaforpliktingar. Det visast òg til nasjonal strategi for sirkulær økonomi kapittel 1.2 om Noregs klimapolitikk og sirkulær økonomi.

Spreiing av mikroplast er eit globalt problem som er særleg krevjande, grunna det uoverskodelege talet på kjelder, tilførselsvegar og effektar. Det gjer det vanskeleg å gjennomføre effektive tiltak.

Mange land manglar i dag oversikt over eigne kjelder til marin plastforsøpling og plastforureining. I endå mindre grad har land oversikt over fotavtrykket frå eige plastforbruk og kva påverknad dette kan ha i ein global samanheng og i andre land. Fleire land anerkjenner at plastforbruket deira har store konsekvensar for andre land, og ønskjer å få betre oversikt over dette.

Som grunnlag for politikkutviklinga i Noreg har Miljødirektoratet utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag for å identifisere kjelder til marin forsøpling og spreiing av mikroplast. Dette vart lagt til grunn for tiltaksvurderingar retta mot både marin forsøpling og mikroplast som vart utarbeidde i 2016. Miljødirektoratet leverte oppdaterte tiltaks- og verkemiddelsvurderingar i 2020, og dei er eit viktig grunnlag for utviklinga av denne plaststrategien.12

Plast har betydelege globale klima- og miljøkonsekvensar. Fordi plast og tilsettingsstoff til plast er så integrerte i ein stor del av det vi produserer og bruker, er det nødvendig med ei systematisk og heilskapleg tilnærming for å redusere miljøbelastninga. Gjennom ei tilnærming som tek for seg heile livsløpet til plastprodukt og set inn tiltak høgare opp i verdikjeda, kan ein oppnå meir effektive og varige forbetringar.

Plastforureining og plastforsøpling

Plast på avvegar i naturen er skjemmande og kan medføre skadar og ulempe på miljøet. Rettsleg sett kan plastavfall på avvegar vere forsøpling og/eller forureining,

Etter forureiningslova er forureining definert som tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen som er eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet. Føresegna om forureining og forsøpling i forureiningslova er å sjå som parallelle føresegner, med delvis overlappande verkeområde. Det betyr at plast i naturen kan vere både forsøpling og forureining, og då gjeld reglane om forsøpling og forureining samtidig.

Både tiltak mot plastforsøpling og plastforureining har til formål å redusere miljøkonsekvensar. Om plastavfall på avvegar berre er å rekne som forsøpling, forureining eller begge delar, har fyrst og fremst betydning for kva for ein heimel som kan nyttas for pålegg om opprydding og kva for ei forureiningsstyresmakt som kan gje pålegg.

Avfall som utelukkande er skjemmande vil til dømes ikkje vere å rekne som forureining. Mikroplast som oppstår ved bruk, som t.d. slitasje av bildekk, har meir til felles med forureinande utslepp og er ikkje å sjå på som forsøpling. EU nyttar både omgrepa «plastic pollution» og «marine litter» når dei omtaler utfordringane på dette området.

Foto av Plastfuglefjellet Runde. Foto: NTB, Klaus Steinkamp

Plastfuglefjellet Runde. Foto: NTB, Klaus Steinkamp

Fotnotar

7.

United Nations Environment Programme (2021). Making Peace with Nature: A scientific blueprint to tackle the climate, biodiversity and pollution emergencies. MPN.pdf (unep.org)

8.

Geyer et.al (2017): ”Production, use, and fate of all plastics ever made”. Science Advances 19 Jul 2017. Production, use, and fate of all plastics ever made | Science Advances (sciencemag.org)

9.

Jambeck, J. & Geyer, R. et al (2015): ”Plastic waste inputs from land into the ocean”. Science Feb 2015. Plastic waste inputs from land into the ocean | Science (sciencemag.org)

10.

United Nations Environment Programme. (2014). Valuing Plastics: The Business Case for Measuring, Managing and Disclosing Plastic Use in the Consumer Goods Industryhttps://wedocs.unep.org/handle/20.500.11822/9238

11.

World Economic Forum, Ellen MacArthur Foundation and McKinsey & Company, The New Plastics Economy — Rethinking the future of plastics (2016, http://www.ellenmacarthurfoundation.org/publications)

12.

Miljødirektoratet (2020) Vurdering av tiltak for å forebyggemarinforsøplingMiljødirektoratet (2020) Tiltak- og virkemiddelvurdering mot mikroplast. Vurdering av tiltak for å forebygge marin forsøpling - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Til forsida