4 Ein meir sirkulær plastøkonomi i Europa

EUs arbeid for ein meir sirkulær økonomi for plast vil gi oss betre produkt med plast og krevje materialattvinning av plastavfall til bruk i nye plastprodukt. Foto: Adobe Stock

EUs plastpolitikk er forankra i strategien for plast i ein sirkulær økonomi frå 2018 og handlingsplanen for sirkulær økonomi frå 2020.

EUs plastpolitikk tek sikte på ein meir sirkulær plastøkonomi og innfører tiltak i heile verdikjeda for plast. Direktivet om reduksjon av miljøkonsekvensane av enkelte plastprodukt (direktivet om plastprodukt) er grunngitte både i ressursomsyn, førebygging av marin forsøpling og behov for endringar i forbruksmønsteret. Det vil komme nye krav til innhald av sekundær plastråvare i produkt, til avfallsreduserande tiltak på område som emballasje, byggjemateriale og køyretøy, og til restriksjonar på mikroplast som med intensjon er tilsett produkt. Eit kommande rammeverk skal sikre berekraftig bruk av biobasert og bionedbrytbar plast. EU ønskjer ein global avtale mot plastforureining og har teke til orde for at han må understøtte ein meir sirkulær økonomi for plast globalt.

Det viktigaste nye grepet i EUs handlingsplan for sirkulær økonomi frå mars 2020 er òg svært viktig for verdikjedene for plast. Handlingsplanen varslar utvikling av eit forsterka produktrammeverk med eit felles sett av krav som kan sikre at produkt på den europeiske marknaden er meir berekraftige og kan «stand the test of circularity». Ikkje minst er det viktig frå byrjinga av å utforme produkta med sikte på at dei i størst mogleg grad skal kunne vare lenge og bli reparerte, brukt om att, sorterte og materialattvunne (økodesign), og at delen av råvarer i produkt som er materialattvunnen, skal aukast. Ifølgje EU-kommisjonen kan så mykje som 80 prosent av klima- og miljøfotavtrykket til produktet bli bestemt i designfasen. Regelverket for økodesign skal utvidast til fleire produktgrupper og produkteigenskapar. I tillegg kjem nye verdikjedebaserte regelverk på sju utvalde produktområde: elektronikk og IKT, batteri og køyretøy, emballasje, plast, tekstilar, bygg og byggjevarer og mat, drikke og næringssaltar. Sidan bruk av plast i produkt av alle slag er så utbreidd, vil desse regelverka i stor grad òg vere av betydning for plast som materiale.

Handlingsplanen legg stor vekt på å styrkje etterspurnadssida i den sirkulære økonomien gjennom nye forbrukarrettar og bindande grøne innkjøpskriterium for offentlege oppdragsgivarar. Ein meir sirkulær økonomi for plast blir føresett utvikla innanfor ei berekraftig ramme og innanfor målet om eit forureiningsfritt Europa og eit giftfritt miljø, under den grøne given til EU (European Green Deal). Parallelt med handlingsplanen for sirkulær økonomi vidarefører EU ein ambisiøs kjemikaliepolitikk. Giftfrie krinsløp skal oppnåast ved å erstatte helse- og miljøfarlege stoff i produkta, for å unngå at slike stoff inngår i attvunne materiale og nye produkt som blir laga av desse.

EU-land skal betale avgift på plastemballasjeavfall

EU innførte ei avgift på plastemballasjeavfall 1. januar 2021, kjent som Plastics own resource. Avgifta er satt til 800 Euro per tonn plastemballasje som ikkje materialattvinnast. Avgifta er meint å stimulere den europeiske overgangen til sirkulær økonomi og implementering av plaststrategien. Avgifta er ein del av den økonomiske pakken som skal hjelpe til å gjenreise den europeiske økonomien etter koronapandemien. Midlane som blir henta inn gjennom avgifta skal gå til eit felles gjenreisingsfond for EU. Storleik på bidrag til fondet blir basert på Eurostats berekningar av mengda plastemballasje som ikkje blir materialattvunnen i kvart EU-land. Kvart land står fritt til å avgjere korleis dei vil innrette avgiftslegginga.

Til forsida