Norske datasenter - berekraftige, digitale kraftsenter

Til innhaldsliste

2 Innleiing og samandrag

På verdsbasis blir det gjort omtrent 40 000 søk på Google i sekundet. Samtidig blir det lagt ut 300 nye timar med video på YouTube kvar time. I tillegg produserer smarte sensorar og prosessorar over 5 kvintillionar bytes med data på dagleg basis. Samla peiker desse eksempla på ei utvikling der volumet av data som blir produsert, lagra, kopiert og konsumert på verdsbasis er i enorm vekst. Berre dei siste to åra har det har blitt produsert meir data enn i heile historia til menneskeslekta før dette.

Datadriven økonomi gir auka etterspurnad etter datasentertenester. Mange viktige funksjonar i samfunnet, som helse, politi og transport, kviler på tenester som blir leverte av datasenter.

Når norsk næringsliv og det offentlege får tilgang til datatenester frå eit datasenter vil det kunne ha ei rekke effektar på produktiviteten til verksemdene gjennom innsparing av kostnader, auka smidigheit og bruk av ny teknologi. Sjølv om ein til ein viss grad kan oppnå desse effektane ved å bruke eit datasenter i eit anna land, som for eksempel Sverige eller Danmark, er det grunn til å forvente at desse effektane vil vere større dersom det blir brukt eit datasenter i Noreg med større geografisk nærleik.1

Noreg har mange føresetnader for å vere eit svært attraktivt land for etableringar av datasenter, med overskot på fornybar energi, låge straumprisar, god digital infrastruktur, eit kjølig klima, politisk og økonomisk stabilitet og driftstryggleik (avbrotsfri, rimeleg og skalerbar straum). Noreg kan tilby reine og grøne løysingar og slik bidra til ein meir berekraftig dataøkonomi på verdsbasis. Som eit av dei første landa i verda lanserte regjeringa ein eigen datasenterstrategi i 2018. Formålet med strategien var å trekke til seg og utvikle nye næringar som skaper arbeidsplassar og bidrar til auka verdiskaping i Noreg. Investeringane i norske datasenter har auka i tida etter at strategien blei lagd fram, og datasenternæringa gir uttrykk for at strategien har bidratt til denne utviklinga.

Norske styresmakter tildelt pris for å legge til rette for datasenterinvesteringar

Norske styresmakter tildelt pris for å legge til rette for datasenterinvesteringar

Kilde: Datacloud Global Awards

Regjeringa vil at Noreg skal vere eit attraktivt land å investere i, for datasenter og anna databasert næringsliv, og vil arbeide med tiltak som kan bidra til auka vekst i datasenternæringa framover, samtidig som det blir lagt til rette for at utviklinga skjer på ein berekraftig måte.

2.1 Regjeringa vil:

  1. Styrke marknadsføringa av Noreg som datasenternasjon
    • Styrke Invest in Norway, blant anna for å styrke arbeidet med å legge til rette for investeringar i databasert verdiskaping og datasenter i Noreg.
    • Vidareføre dialogen med norsk næringsliv og leiande internasjonale teknologiselskap for å få innspel til arbeidet med å legge til rette for investeringar i databasert verdiskaping og datasenter i Noreg.
  2. Auke konkurransekrafta
    • Utarbeide ein rettleiar på engelsk (nettside) med relevant informasjon om korleis ein etablerer datasenter i Noreg.
    • Legge til rette for stabile rammevilkår for datasenternæringa også framover
    • Greie ut korleis prosessar knytt til utvikling og konsesjonsbehandling av overføringsnettet kan effektiviserast. Regjeringa har sett ned eit offentlig utval som blant anna skal vurdere dette.
    • Vidareføre arbeidet med utvikling av IKT-kompetanse i Noreg.
    • Regjeringa vil legge til rette for at aktørane i datasenternæringa kan inngå samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar.
  3. Tilrettelegge for berekraftig utvikling
    • Etablere eit nasjonalt varmekart for å sikre betre ressursutnytting av spillvarme
    • Legge til rette for berekraftig utvikling av datasenternæringa i Noreg – blant anna gjennom å stille krav til spillvarme i datasenter.
    • Delta aktivt i europeisk samarbeid for å bidra til formålstenlege, og primært felleseuropeiske, løysingar for å vareta digital tryggleik, kamp mot kriminalitet og nasjonale tryggleiksinteresser knytt til datasenterverksemd.
    • At datasenter blir vurderte for regulering i ekomregelverket og anna relevant regelverk for å vareta digital tryggleik og nasjonale tryggleiksinteresser.
  4. Styrke den digitale grunnmuren2
    • Gjennomføre grundige risiko- og sårbarheitsanalysar i minst fem nye, sårbare regionar, og fase inn tiltak etter ei årleg vurdering.
    • Halde fram med å legge til rette for utbygging av fleire utanlandssamband på kommersielt grunnlag.
    • Vidareføre statlege bidrag til breibandsutbygging i distrikta.
    • Fortsette å legge til rette for langsiktige perspektiv når statlege aktørar gjer fiberinvesteringar, at det blir bygd ut meir kapasitet enn eige behov når det først blir bygd, og at det samtidig blir opna for utleige i marknaden på opne og transparente vilkår.

Den oppdaterte datasenterstrategien inngår i ei omfattande satsing frå regjeringa på digitalisering og den datadrivne økonomien, som blant anna er reflektert i eigne meldingar til Stortinget om datadriven økonomi og innovasjon og om vår felles digitale grunnmur. Revideringa av datasenterstrategien er ein del av denne heilskaplege satsinga. Gjennom ein oppdatert datasenterstrategi ønsker regjeringa å vidareutvikle arbeidet med tiltak som kan bidra til auka vekst i datasenternæringa framover, samtidig som det blir lagt til rette for at utviklinga skjer på ein berekraftig måte.

Regjeringa ønsker å legge til rette for å realisere vekstpotensialet som datasenternæringa representerer, og vil i det følgande gjere greie for sentrale delar av arbeidet som blir gjort på område som er relevante for denne næringa.

I denne strategien ser vi særleg på følgande område:

  • Ringverknader av datasenternæringa
  • Tryggleik i norske datasenter
  • Datasenter – ein grøn vekstindustri
  • Fornybar kraft – tilknyting
  • Digital infrastruktur – føringsvegar
  • Behov for IKT-kompetanse
  • Internasjonalisering og investeringar
  • Rammevilkår

Datasenterstrategien 2018

Strategien «Norge som datasenternasjon» ble lagd fram i februar 2018 og hadde som overordna mål at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for datasenter og anna databasert næringsliv.

Førre strategi inneheldt fleire tiltak som la til rette for etableringar av datasenter i Noreg. Blant anna fjerna regjeringa eigedomsskatt på produksjonsutstyr og installasjonar i verk og bruk, la til rette for fleire fiberkablar til utlandet, etablerte ein pilot for alternativt kjernenett, innførte nye reglar for etablering av leidningsanlegg i offentleg veggrunn, og sette i gang arbeid med å gjere relevant informasjon knytt til etablering av industriverksemd lett tilgjengeleg og omsett til engelsk.

Strategien frå 2018 gjorde greie for ei rekke rammevilkår som har betyding for datasenterindustrien i Noreg, og peikte på fleire av dei fordelane Noreg har som datasenternasjon, som tilgang til fornybar, stabil og konkurransedyktig kraft, stabile rammevilkår og tilgang til god elektronisk kommunikasjon med høg leveringstryggleik.

Samtidig peikte strategien også på område der ein ønskte å gjere ein innsats, som skattar og avgifter, breiband og konnektivitet, tomteutvikling og utvikling av kompetanse.

2.2 Kva er eit datasenter

Eit datasenter er eit anlegg samansett av serverar og andre komponentar som blir brukte til å organisere, behandle, lagre og transportere store mengder data.

Foto av digiplex sitt datasenter på Fetsund i Lillestrøm kommune

Digiplex sitt datasenter på Fetsund i Lillestrøm kommune

Kilde: Digiplex

Storleiken på eit datasenter kan variere frå eit lite rom i ein kjellar til store hallar som dekker hundretusenvis av kvadratmeter. Eit datasenter kan vere ein del av den interne infrastrukturen i ei verksemd, eller det kan vere kjerneverksemd i form av datasentertenester som blir leverte til eksterne kundar. Alle verksemder sender og mottek data, og eit datasenter er derfor ein kritisk komponent i drifta til mange verksemder. Datasentertenester blir tilbodne etter ulike forretningsmodellar med ulik grad av innhald i tenesta.

Datasenter kan grovt delast inn i tre kategoriar: Hyperscale, Colocation (samlokaliseringssenter) og Edge.

  • Hyperscale (stort dedikert datasenter): Slike datasenter er som oftast eigde og drifta av store internasjonale aktørar som Facebook, Microsoft, Apple, Amazon og Google slik at dei skal kunne levere sine eigne tenester, anten det er infrastruktur (lagring og databehandling), plattformtenester eller programvare levert som teneste. Desse tenestene blir nytta av mange forskjellige brukarar, og avhengig av tenesta blir dei marknadsførte både mot næringsdrivande og forbrukarar.
  • Colocation (samlokaliseringsdatasenter): Slike datasenter er eigde og drifta av ein datasenteroperatør, for eksempel Digiplex, Bulk og Green Mountain i Noreg eller selskap som Equinix, NTT eller CenturyLink internasjonalt. Operatøren sel anten plass, kjøling, nettsamband eller straum til mange forskjellige kundar som driftar eigen IT, eller så blir IT-drift seld som ei teneste. For eksempel driv Microsoft nokre av skyløysingane sine retta mot norske kundar frå slike samlokaliseringsdatasenter i Noreg.
  • Edge: Ofte mindre installasjonar (typisk containerstorleik). Edge-senter er alltid lokalisert i nærleiken av staden der dataa blir genererte. Slike senter er som oftast eigde og drifta av teleselskap eller store it-operatørar som sel databehandlinga som ei teneste.

2.3 Data som ressurs

Nesten alle økonomiske transaksjonar i Noreg blir i dag gjorde elektronisk over system som er avhengige av datasenter. Våren 2021 var 97 prosent av betalingane i Noreg digitale.3

Vi har dei siste åra sett ei utvikling mot at både private og offentlege verksemder i stadig større grad tek i bruk skytenester for å forvalte eigne databehandlings- og lagringsbehov. Dette medfører både fleksibilitet og stordriftsfordelar og har samtidig bidratt til vekst innanfor marknaden for lagring og behandling av data.

Ifølge IT-selskapet Cisco har talet på store hyperscale datasenter globalt auka frå 259 i 2015 til 597 ved utgangen av 2020. Analyseselskapet Gartner anslår at forbruket av

Kritiske samfunnstenester treng datasenter

Stavanger Kommune har 150.000 innbyggarar og leverer ei rekke kritiske samfunnstenester innanfor helse, omsorg, skule, infrastruktur og så vidare. Desse tenestene er avhengige av ei rekke IT-system innanfor økonomi og lønn, pasientmedisinering, skuleeksamenar, tilgangssystem, offentleg informasjon og mykje meir. I 2015 vedtok kommunen å avvikle sitt eige datasenter til fordel for samlokalisering hos Green Mountain datasenter. På denne måten kan kommunen fokusere på kjerneaktivitetane sine. Med backupløysing på separat stad og profesjonell drift av datasenter har kommunen no ei tryggare løysing for dei kritiske systema og dataa sine.

DC1-Stavanger ligg djupt inne i eit fjell som tidlegare var eit ammunisjonslager for NATO. Det blir kjølt ned ved hjelp av fjorden utanfor

DC1-Stavanger ligg djupt inne i eit fjell som tidlegare var eit ammunisjonslager for NATO. Det blir kjølt ned ved hjelp av fjorden utanfor

Kilde: Green-Mountain

skytenester vil auke med 23 prosent i 2021, til 332 milliardar USD.4 Det er forventa at skyinvesteringane vil auke ytterlegare i tråd med at skytenestene blir utvikla.

Også i Noreg ser vi ei utvikling mot at stadig fleire føretak bruker skytenester. Ifølge SSB kjøper 64 prosent av føretak med minst 10 tilsette skytenester i 2020.5 Dette er ein auke frå 51 prosent i 2018 og 29 prosent i 2014. I føretak med minst 100 tilsette kjøper 82 prosent skytenester i 2020, ein auke frå 73 prosent i 2018. Ein overordna trend er at store føretak bruker skytenester i større grad enn mindre føretak. 92 prosent av statlege verksemder bruker ei eller fleire tenester levert frå nettskya i 2021.6 Her spelar sannsynlegvis behovet for videokonferanseløysingar og virtuelle møterom ei viktig rolle i utviklinga.

Framveksten av dataøkonomien vil venteleg bli ein stadig viktigare drivar for økonomisk vekst. Dataøkonomi er verdiskaping som skjer når data er ein viktig innsatsfaktor i produksjon av varer og tenester, eller når data er ein drivar for innovative løysingar. Regjeringa vil at Noreg skal utnytte moglegheitene som ligg i data til auka verdiskaping, fleire nye arbeidsplassar i heile landet og ein effektiv offentleg sektor. Våren 2021 la regjeringa fram ei eiga melding til Stortinget om data som ressurs.7

Det vil truleg vere eit stort potensial for vekst i dataøkonomien i åra framover. I Europakommisjonen sin datastrategi (2020) er det blant anna estimert at verdien av dataøkonomien i EU27 vil auke frå 301 milliardar euro i 2018 til 829 milliardar euro innan 2025. Menon estimerte i 2019 at norsk dataøkonomi ville gi ei årleg verdiskaping på om lag 150 milliardar kroner og ei sysselsetjing tilsvarande hundre tusen arbeidsplassar i 2020, og potensialet fram mot 2030 vil kunne vere ei verdiskaping på opp mot 300 milliardar kroner.8

Samla sett representerer denne utviklinga store økonomiske moglegheiter for norsk næringsliv, blant anna for datasenteraktørar.

2.3.1 Deling og bruk av data

Illustrasjon

Kilde: AdobeStock

Det blir stadig utvikla ny teknologi som gjer det mogleg å behandle og bruke store mengder data gjennom stadig raskare prosessering, kunstig intelligens og maskinlæring. Slik utnytting av data er viktig om Noreg skal lykkast i overgangen til eit meir berekraftig samfunn og ein grønare økonomi. Regjeringa sin ambisjon er å få til auka deling av data i næringslivet og mellom offentleg og privat sektor.

Regjeringa har etablert eit sett prinsipp for datapolitikken som skal underbygge effektiv deling og bruk av data innanfor trygge og ansvarlege rammer, og sikre at det blir skapt verdi med data som kjem næringslivet, offentleg sektor og samfunnet til gode:

  • Data skal åpnast når dei kan, og skjermast når dei må.
  • Data bør vere tilgjengelege, moglege å finne att, moglege å bruke, og kunne samanstillast med andre data.
  • Data skal delast og brukast på ein måte som gir verdi for næringslivet, offentleg sektor og samfunnet.
  • Data skal delast og brukast slik at grunnleggande rettar og fridommar blir respekterte, og norske samfunnsverdiar blir bevarte.

Prinsippa skal også legge grunnlaget for at dei som deler og bruker kvarandre sine data har tillit til kvarandre, og at folk har tillit til at deling og bruk av data skjer på ein samfunnstenleg måte.

2.3.2 EU- regulering som påverkar moglegheita til å utveksle data på tvers av landegrenser

Deling av data er viktigare enn nokosinne for at vi skal kunne levere betre digitale tenester til innbyggarane, bidra til næringsutvikling og ei meir effektiv offentleg forvaltning. Vi må samtidig vere sikre på at deling og bruk av data skjer på ein forsvarleg måte om vi skal halde ved lag tilliten til forvaltninga. Regjeringa er oppteken av at vi skal ta i bruk ny teknologi på ein måte som sikrar personvernet til innbyggarane, og som ikkje har uheldige verknader for enkeltmenneske. Tilgang til og bruk av data må alltid vegast opp mot omsynet til personvern og rettstryggleik.

Personvernforordninga (GDPR)

Dersom data inneheld personopplysningar,9 må eventuell deling og behandling tilfredsstille reglane i personvernlovgivinga. Eit av formåla med personvernlovgivinga er å legge til rette for deling av data innanfor ramma av eit godt personvern. Personopplysningsloven gjennomfører EUs personvernforordning (GDPR) i Noreg, jf. personopplysningsloven § 1. Personvernforordninga sikrar like reglar for deling av personopplysningar, og skaper dermed like rammevilkår for overføring og behandling av personopplysningar innanfor heile EØS-området. Dette er viktig for blant andre IKT-næringa og datasenterindustrien, som blir sikra like konkurransevilkår.

Dersom personopplysningar skal delast utanfor EØS-området, fastset personvernforordninga særlege reglar, jf. forordningen kap. V. Reglane skal sikre at personopplysningar blir gitt same, gode vern, uavhengig av kva land opplysningane blir behandla i, slik at det europeiske vernet ikkje blir undergrave. For å overføre personopplysningar til land utanfor EØS-området, må overføringa ha eit overføringsgrunnlag. Det finst fleire alternative overføringsgrunnlag, blant anna adekvansavgjerd frå EU-kommisjonen, bindande verksemdsreglar (Binding Corporate Rules) og standard personvernføresegner vedteke av EU-kommisjonen (Standard Contractual Clauses).

Ei adekvansavgjerd er ei avgjerd om at eit land har tilfredsstillande vern av personopplysningar. Avgjerda inneber at kvar enkelt verksemd ikkje må ha eige overføringsgrunnlag, og er dermed det minst ressurskrevjande overføringsgrunnlaget for verksemdene. I adekvansvurderinga har EU-kommisjonen vurdert lovgivinga i mottakarlandet, og funne at mottakarlandet har tilstrekkeleg nivå på vernet av personopplysningar. Slike vurderingar er gjort for blant anna Canada, New Zealand, Israel, Uruguay, Færøyene og Japan.

Tidlegare fanst det også ei adekvansavgjerd for USA – Privacy shield. Privacy shield var ei adekvansavgjerd basert på ein avtale mellom EU og USA, som innebar at personopplysningar, på nærmare fastsette vilkår, kunne overførast frå EU til USA. Avgjerda innebar at USA blei rekna som eit tredjeland med tilstrekkeleg nivå på vernet i tråd med GDPR artikkel 45 for dei verksemdene som hadde slutta seg til ordninga. Privacy Shield blei kjent ugyldig i Schrems II-dommen. I denne dommen kom EU-domstolen til at USA ikkje hadde eit tilstrekkeleg nivå på vernet, slik som personvernforordninga krev, og adekvansavgjerda var derfor ugyldig. Domstolen sa likevel at andre overføringsgrunnlag kunne brukast, men det føreset at personopplysningane blir sikra tilstrekkeleg. Det har i kjølvatnet av Schrems II-dommen oppstått ein del uvisse knytt til overføring av personopplysningar til tredjeland utanfor EØS-området.

Dommen har blitt kritisert for blant anna å hindre Europas sjansar for å vere del av den internasjonale marknaden, men også for å redusere investeringar i Europas eigen marknad. Problemstillinga gjer seg særleg gjeldande for kundar og leverandørar av skytenester.

Noreg er som EØS-land bunde av EU-lovgivinga på personvernområdet. Dette inneber at Noreg, til liks med EU-landa, er avhengig av ei ny avgjerd frå EU-kommisjonen, før personopplysningar kan overførast til USA på same måte som tidlegare. Inntil dette eventuelt skjer, må andre overføringsgrunnlag nyttast dersom det skal overførast personopplysningar frå Noreg til USA.

Noreg er oppteke av at det blir arbeidd for å finne ei balansert løysing på desse utfordringane, der både behovet for overføring av denne typen data og omsynet til personvern blir sikra på ein tilfredsstillande måte. Dette er ei problemstilling som må løysast på eit felleseuropeisk nivå. EU-kommisjonen arbeider med å få på plass ei ny adekvansavgjerd for USA, men dette vil venteleg ta noko tid. Noreg tek sikte på å gjennomføre ei eventuell ny adekvansavgjerd så snart ho ligg føre.

Forordning om fri flyt av andre opplysningar enn personopplysningar

Ein viktig barriere i arbeidet for ein digital indre marknad og ein datadriven økonomi i EU, er manglande datamobilitet. I 2018 vedtok EU ei forordning som introduserer prinsippet om fri flyt av andre opplysningar enn personopplysningar i EU, FFD-forordninga. Formålet med forordninga er å fjerne nasjonale krav om at data må lokaliserast ein bestemt stad. Saman med personvernforordninga dannar FFD-forordninga eit rettsleg rammeverk som skal sikre fri flyt av data i heile EU/EØS-området. Data som omhandlar offentleg tryggleik, er unnatekne frå dette. Forordninga er til vurdering hos EFTA-landa, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider med å implementere forordninga i Noreg.

2.4 Teknologiske drivarar for datasenter

2.4.1 Skytenester

Skytenester er datalagring- og behandling utanfor eiga verksemd – vanlegvis i store datasenter. Eit kjenneteikn ved skytenester er at ein betaler for den kapasiteten ein bruker. Tenestene blir ofte leverte av store internasjonale selskap som også tilbyr tilleggstenester som tryggleik, statistikk og analyse, maskinlæring og anna. For mange verksemder er bruk av skytenester og datasenter ein føresetnad for å kunne utnytte potensialet i datavitskap og kunstig intelligens, fordi dei gjennom slike tenester får tilgang til reknekraft og rammeverk for maskinlæring, som dei ikkje har moglegheit til å etablere internt i eiga verksemd.

Våren 2016 la regjeringa fram ein strategi for bruk av skytenester. Regjeringa meiner auka bruk av skytenester vil gi:

  • Meir kostnadseffektiv IKT
  • Auka profesjonalisering og betre tryggleik for mange, særleg dei små verksemdene og dei små kommunane
  • Fleksibilitet til innovasjon, gjennom at ein relativt enkelt og rimeleg kan setje opp test- og utviklingsmiljø og prøve ut nye tenester

Sidan 2016 har digitaliseringsrundskrivet10 pålagt statlege verksemder å vurdere skytenester på linje med andre alternativ, når dei skal skaffe nye IKT-løysingar, og det ikkje er særlege hindringar som tilseier at dei ikkje kan bruke skytenester. Auka bruk av tenesteutsetjing på område der dette er formålstenleg, kan blant anna bidra til meir kostnadseffektiv bruk av IKT i staten.

2.4.2 Sensorteknologi, 5G og tingas internett (IoT)

Tingas internett (Internet of Things, IoT) er objekt («ting») som har sensorar, programvare og kommunikasjonsteknologi slik at dei kan kommunisere med andre objekt som er kopla til internett. Etter kvart som utviklinga innanfor sensorteknologi har gitt betre, mindre og billigare sensorar, og teknologiar for trådlaus kommunikasjon er blitt betre, har dette nettverket av ting vakse. Ulike kjelder estimerer at det ved utgangen av 2020 var 20–30 milliardar objekt kopla til internett i verda. Datavolumet frå slike objekt har vakse svært raskt dei siste åra, og det er forventa sterk vekst også framover.

Når desse objekta blir brukte i tenester som er avhengige av å gjere utrekningar i sanntid, for eksempel autonome køyretøy eller avanserte produksjonsprosessar, må databehandlinga ofte gjerast lokalt ved eller i i nærleiken av objektet («edge computing») – altså på sjølve køyretøyet eller svært nære eit sensornettverk i industrien. Slike løysingar vil kunne skalerast opp ved bruk av ny teknologi, som for eksempel den nyaste generasjonen mobilnett, 5G, for rask og sikker kommunikasjon.

2.4.3 Stordataanalyse

Stordataanalyse er analyse av store datavolum satt saman av mange ulike datakjelder med både strukturerte, ustrukturerte og sanntidsdata. Formålet er å finne nye samanhengar og innsikter, for eksempel innanfor medisinsk diagnostisering, forbrukaråtferd eller kamp mot kriminalitet, som ikkje kan hentast ut gjennom tradisjonell dataanalyse.

2.4.4 Kunstig intelligens

Kunstig intelligens er ei samlenemning på informasjonsteknologi der maskinlæring, maskinresonnering og robotikk står sentralt. Kunstig intelligente system utfører handlingar, fysisk eller digitalt, basert på tolking og behandling av strukturerte og ustrukturerte data. System basert på kunstig intelligens kan også «lære» og tilpasse seg gjennom å analysere og ta omsyn til korleis tidlegare handlingar har påverka omgivnadane. Eksempel på praktiske måtar å bruke kunstig intelligens på er mønsterattkjenning, språkteknologi og autonome framkomstmiddel. For å utnytte det potensialet som ligg i kunstig intelligens, er det avgjerande med tilgang til data av god kvalitet.

2.4.5 Tungrekning (High Performance Computing, HPC)

På mange av områda der det blir jobba med svært store datamengder, er det behov for meir reknekraft til å behandle dataa enn det ei enkelt verksemd har moglegheit til å etablere sjølv eller skaffe gjennom tradisjonelle skytenester. For både industrien og offentleg sektor blir tungrekning stadig viktigare, for eksempel til analyse av dei store datamengdene som blir genererte frå gensekvensering, satellittobservasjonar eller klimamodellar. Norske aktørar har tilgang til europeiske tungrekneanlegg gjennom det europeiske samarbeidet EuroHPC.

Fotnotar

1.

ImplementConsulting Group (2020): Datasentre i Norge – Ringvirkningsanalyse av gjennomførte og potensielle etableringer

2.

Fleire av desse tiltaka er presenterte i Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester.

3.

https://www.norges-bank.no/aktuelt/nyheter-og-hendelser/Publikasjoner/Norges-Bank-Memo-/2021/memo-22021/

4.

https://www.gartner.com/en/newsroom/press-releases/2021-04-21-gartner-forecasts-worldwide-public-cloud-end-user-spending-to-grow-23-percent-in-2021

5.

SSB (2020): Bruk av IKT i næringslivet

6.

SSB (2020): Bruk av IKT i offentlig sektor

7.

Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – Datadrevet økonomi og innovasjon

8.

Menon Economics (2019): Er verdiskaping med data noe Norge kan leve av? Menon-publikasjon nr. 88/2019

9.

«Personopplysning» er alle opplysningar om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person, jf. personvernforordninga (GDPR) artikkel 4 nr. 1.

10.

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/digitaliseringsrundskrivet/id2826781/
Til forsida