Norske datasenter - berekraftige, digitale kraftsenter

Til innhaldsliste

4 Noreg som datasenternasjon

Regjeringa vil at Noreg skal utnytte moglegheitene som ligg i data til auka verdiskaping, fleire nye arbeidsplassar i heile landet, og ein effektiv offentleg sektor.

4.1 Tryggleik i norske datasenter

Norske datasenter står heilt sentralt i digitaliseringa av Noreg. Norske datasenter understøttar digitale tenester som er stadig viktigare for samfunnet. Forsvarleg tryggleik i komplekse digitale verdikjeder er derfor ei prioritert oppgåve, så vel i Noreg som i EU og verda elles. Norske datasenter må derfor lykkast med å dokumentere forsvarleg tryggleik – over tid – for å lykkast i både den norske og den internasjonale marknaden. Tryggleik i norske datasenter er ein sentral konkurranseparameter.

Digitale infrastrukturar og system blir stadig meir komplekse, omfattande og integrerte. Det blir skapt avhengnader og sårbarheiter på tvers av ansvarsområde, sektorar og nasjonar. Det blir forventa at digitale tenester skal vere tilgjengelege til ei kvar tid. Ei vellykka digitalisering handlar òg om at løysingane oppfyller krav til tryggleik og personvern for den enkelte på ein god måte, og at vi kan ha tillit til at digitale løysingar fungerer slik dei skal.

Eit av dei to datasentera til Basefarm utanfor Oslo

Eit av dei to datasentera til Basefarm utanfor Oslo

Kilde: Basefarm

4.1.1 Auka nasjonalt marknadspotensial for norske datasenter

Datasenter med tenester lokaliserte i Noreg kan i større grad nyttast til samfunnskritiske funksjonar og skjermingsverdige informasjonssystem enn datasenter lokaliserte i utlandet.

NSM har i «Helhetlig digitalt risikobilde 2020» løfta problemstillingar ved bruk av skytenester lokaliserte i utlandet, spesielt for bruk av samfunnskritiske tenester og funksjonar.

Skytenester leverte frå og med infrastruktur i Noreg vil bidra positivt, sidan dette kan sikre behovet for nasjonal autonomi og behandling av skjermingsverdige system og informasjon. Sikkerhetsloven med forskrifter stiller krav som tilseier at enkelte typar data må lagrast og behandlast i Noreg. Tenester som treng særleg rask responstid (Edge datasenter) vil også danne eit marknadsgrunnlag for datasentertenester lokaliserte i Noreg.

Kritisk infrastruktur i norske datasenter

Noreg er underlagt personopplysningsloven (GDPR) og forordninga som sikrar fri flyt av data innanfor EØS-området. NIS-direktivet skal bidra til at datasentertenester i heile EØS-området held nødvendig standard på tryggleik.

Sikkerhetsloven med forskrifter stiller likevel krav som tilseier at enkelte typar data må lagrast og behandlast i Noreg. Bruk av andre typar data vil kunne krevje at datasenteret ligg nære brukaren, som for eksempel sanntidsdata til optimalisering av kritisk infrastruktur innan for eksempel energi og transport.

4.1.2 Regulering av datasenter

Gitt at datasenter blir stadig viktigare for samfunnsutviklinga og den digitale grunnmuren, vil regjeringa foreslå at datasenter blir vurderte for relevant og formålstenleg regulering i ekomregelverket, for å følge opp den samla risikoen og sårbarheita hos ein datasenteraktør, som samlar og driftar aktivitet frå fleire ulike verksemder. Det nye forslaget til direktiv om tiltak for å sikre eit høgt cybertryggleiksnivå, NIS 2-direktivet, inneheld føresegner for datasenterverksemd. Forslaget til NIS 2-direktiv er for tida til behandling i europaparlamentet og rådet. Endeleg direktiv er ikkje vedteke, og det er så langt ikkje teke stilling til eventuell nasjonal gjennomføring. Regjeringa tek i første omgang sikte på å høyre ein rammeheimel for datasenterverksemd i samband med ny ekomlov, som blei sendt på høyring sommaren 2021. Regjeringa vil følge opp dette med vidare arbeid. I dette arbeidet vil vi invitere til vidare dialog med datasenternæringa og relevante styresmakter.

  • Regjeringa vil at datasenter blir vurderte for regulering i ekomregelverket og anna relevant regelverk for å vareta digital tryggleik og nasjonale tryggleiksinteresser.

Bransjen tilbyr leige av infrastruktur som kan leverast frå både nasjonale og internasjonale skyplattformer eller som dedikert infrastruktur. Dersom dette utstyret eller desse tenestene blir nytta til kriminelle eller terrorliknande aktivitetar, er det utfordrande for politiet å etterspore, sidan det i dag ikkje er krav om registrering av kven som leiger, og kva det eventuelt skal nyttast til. Det er heller ingen krav til, eller registrering av, eigarane til datasenter utover det som krevst som byggherre. Ein slik situasjon skaper utfordringar ved handtering av hendingar og i politietterforsking. Tiltak her blir drøfta på EU-nivå, og det er viktig for Noreg å delta i dette arbeidet. Eit mogleg tiltak som blir etterspurt, er registreringsplikt for datasenteraktørar. Ei utgreiing av moglege regelverksendringar på dette området, vil ta sikte på å vareta omsyna til kamp mot kriminalitet og nasjonale tryggleiksinteresser, innanfor ramma av EØS-avtalen og andre internasjonale forpliktingar.

  • Regjeringa vil delta aktivt i europeisk samarbeid for å bidra til formålstenlege, og primært felleseuropeiske, løysingar for å vareta digital tryggleik, kamp mot kriminalitet og nasjonale tryggleiksinteresser knytt til datasenterverksemd.

4.2 Datasenter – ein berekraftig vekstindustri

4.2.1 Noregs fornybare kraft – eit konkurransefortrinn

Illustrasjonsfoto av rennende vann

Kilde: AdobeStock

Eit av regjeringa sine hovudområde for energipolitikken mot 2030 er næringsutvikling og verdiskaping gjennom effektiv utnytting av lønnsame fornybarressursar.

Dei fornybare ressursane og den velfungerande energisektoren i Noreg er konkurransefortrinn. Norsk kraftforsyning er fornybar, fleksibel, sikker og har i dag dei lågaste kraftprisane i Europa. Samtidig kan tilknyting av nye kraftkrevjande kundar føre til behov for investeringar i overføringsnettet for straum og føre til eit auka effektbehov. Verknaden av auka elektrisitetsbruk på kraftsystemet si evne til å sikre balanse mellom forbruk og produksjon i alle timane i året, skal greiast ut framover.

Fornuftig lokalisering kan gjere at datasenter får raskare nettilknyting og at det eksisterande overføringsnettet blir utnytta meir effektivt. Det er derfor viktig at tomteutviklaren kontaktar det aktuelle nettselskapet tidleg i prosessen. Samtidig er det viktig å forplikte nye større forbrukarar som ønsker tilgang, slik at kapasiteten i nettet blir utnytta på ein effektiv måte. Verkemiddel som kan bidra til dette, vil greiast ut framover.

Dei europeiske kraftmarknadene er inne i ei storstilt omstilling frå fossile energiberarar til fornybar, og hovudsakleg uregulerbar, kraftproduksjon. Som eit av få land i verda har Noreg allereie ein kraftproduksjon som i all hovudsak er utsleppsfri og basert på fornybare kjelder, og som i stor grad er regulerbar. Vasskrafta er den største bidragsytaren til fleksibilitet i den norske kraftforsyninga. Eit særtrekk ved den norske vasskrafta er moglegheita til å lagre energi. Noreg har halvparten av Europas samla lagringskapasitet, og over 75 prosent av den norske vasskraftkapasiteten er regulerbar. Magasinkraftverka har høg fleksibilitet og produksjonen kan justerast opp og ned raskt etter behov, og til låge kostnader.

Noreg var tidleg ute med å innføre ei marknadsbasert omsetning for kraft. I dag er alle dei nordiske landa tett integrerte i ein felles kraftmarknad, både fysisk og finansielt. Det nordiske systemet er vidare integrert med det europeiske. Samspelet mellom den regulerbare vasskrafta og den nordiske kraftforsyninga elles, medverkar til å halde oppe ein sterk forsyningstryggleik til relativt låg kostnad. Dette er òg reflektert i låge kraftkostnader for norsk industri og næringsliv, samanlikna med andre land. Noreg har generelt lågare kostnader knytt til drifta av kraftsystemet, som følge av tilgangen på regulerbar vasskraft og eit velutbygd overføringsnett.

Noreg er no inne i ein periode der det blir bygd meir fornybar kraft enn på fleire tiår. Det norske kraftsystemet har i dag eit rekordstort overskot av fornybar kraft i år med normale vêrforhold. Dei siste ti åra har Noreg hatt nettoeksport av kraft nesten kvart år, med unntak av 2019. Samtidig skjer det ei betydeleg utbygging av fornybar kraftproduksjon i nabolanda våre, som Noreg er tett tilknytt. Noregs evne til å dekke det årlege forbruket av kraft i åra framover er god, sjølv om forbruket aukar. I tillegg til kraftoverskotet i dag, er det venta at norsk produksjonsevne skal auke dei neste åra.

I Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeidlangsiktig verdiskaping fra norske energiressurserla regjeringa fram ein elektrifiseringsstrategi som skal sikre at Noregs gode utgangspunkt i kraftforsyninga blir vidareført. Strategien inneheld tiltak som på kort og lang sikt skal bidra til ei balansert utvikling i kraftforsyninga. Utviklinga av det langsiktige kraftystemet må skje på ein måte som bevarer ein velfungerande kraftmarknad med låge kostnader. Dette skjer best ved å sikre ei mest mogleg effektiv utnytting og utvikling av overføringsnettet, ved å legge til rette for effektiv energibruk og ved at marknaden gir riktige insentiv til å realisere samfunnsøkonomisk lønnsam fornybar kraftproduksjon.

Forventningar om kraftprisar

Utviklinga av norske kraftprisar dei neste tiåra avheng av forhold både i og utanfor Noreg. Den nordiske og europeiske energiforsyninga går gjennom store endringar. I Norden aukar prosentdelen uregulerbar fornybar kraft raskt, ikkje-fornybar kraft blir fasa ut og det norske og nordiske kraftoverskotet aukar. Samtidig blir dei nordiske og europeiske kraftmarknadene tettare integrert, og utviklingstrekk i den europeiske kraftmarknaden vil i aukande grad påverke norske kraftprisar.

NVE anslår at den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg vil auke svakt fram mot 2040 og ligge mellom 38 og 42 øre/kWh i denne perioden. Denne utviklinga skuldast i hovedsak ei forventning om at prisen på CO2-kvotar kjem til å auke i Europa framover, i takt med at kvotemengda blir redusert for å oppfylle utsleppsmåla. Dette bidrar til å auke kostnadene ved å produsere kraft frå fossile brensler og hevar prisnivået i landa vi utvekslar straum med. I tillegg legg NVE til grunn ein aukande pris på gass. Sjølv om CO2- og brenselsprisar har stor betyding for kraftprisnivået over tid, vil variasjonar i hydrologi og vindforhold kunne gi store variasjonar i norsk kraftpris frå år til år. NVEs analysar viser at variasjonen i årleg kraftpris mellom ulike vêrår aukar mot 2040. Dette heng saman med at det blir meir uregulerbar kraftproduksjon i Norden og i Europa.

4.2.2 Spillvarmekrav til datasenter

  • Regjeringa vil legge til rette for berekraftig utvikling av datasenternæringa i Noreg – blant anna gjennom å stille krav til spillvarme i datasenter

Etablering av nye datasenter, saman med anna elektrifisering av samfunnet, vil føre til eit auka press på kraftforsyninga. Det blir derfor viktigare å utnytte den energien vi allereie har, endå meir effektivt. Oslo Economics og Asplan Viak har på oppdrag frå NVE kartlagt potensialet for effektivisering av oppvarming og kjøling i Noreg.20 I rapporten kjem det fram at det største potensialet for auka utnytting av spillvarme i framtida vil ligge i datasenter. Ifølge overslag frå NVE vil elektrisitetsbehovet til datasenter auke til mellom 4 og 9 TWh per år i 2040. Det meste av denne elektrisitetsbruken går til kjøling og vil komme ut som spillvarme. Med bakgrunn i rapporten frå Oslo Economics og krav i energieffektiviseringsdirektivet (EED) har regjeringa foreslått krav om å greie ut utnytting av spillvarme ved etablering eller oppgradering av anlegg med høgt energiforbruk. Forslaget inneber blant anna å stille krav om at det blir gjennomført ein analyse av spillvarmeutnytting ved bygging av kraftverk, industrianlegg, fjernvarmeanlegg, fjernkjøleanlegg og energiproduksjonsanlegg med over 20 MW tilført varmeeffekt. I tillegg er det foreslått at aktørar som planlegg å bygge datasenter med over 2 MW og andre anlegg med over 20 MW tilført elektrisk effekt, skal gjennomføre ein spillvarmeanalyse. Grunnen til at det er foreslått lågare grenseverdi for datasenter, er at datasenter ofte blir bygde ut trinnvis. Små datasenter vil også i mange tilfelle vere spesielt godt eigna for spillvarmeutnytting ettersom dei oftare er plasserte i tettbebygde område. Siktemålet med forslaget er at aktørar som planlegg å bygge eller oppgradere anlegg med spillvarme, skal bli merksame på korleis det er mogleg å utnytte spillvarme. Datasenter vil ikkje bli pålagde å utnytte spillvarme sjølv om analysen skulle tilseie at det er lønnsamt.

Forslaget har vore på høyring og høyringssvara er i all hovudsak positive til at ein legg til rette for auka utnytting av overskotsvarme. Enkelte aktørar meiner regjeringa går for langt i forslaga sine. Dei grunngir det med at særnorske spillvarmekrav kan føre til at industri- og datasenteraktørar vel å etablere seg i andre land. Det er elles sett spørsmålsteikn ved strengare krav til datasenter enn til andre elektriske anlegg. Samtidig ber fleire høyringssvar regjeringa gå lenger. Desse viser til at det bør stillast krav også til andre bransjar, og at terskelen som utløyser krav til analyse, er sett for høgt.

4.2.3 Varmekart – varmebehov og varmekjelder

  • Regjeringa vil etablere eit nasjonalt varmekart for å sikre betre ressursutnytting av spillvarme

For å legge til rette for berekraftig næringsutvikling for datasenter og anna kraftintensiv industri, har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeidd med eit nasjonalt varmekart. Dette er no klart for bruk på NVE sine nettsider: https://temakart.nve.no/tema/varme

Målet er at kartet og datagrunnlaget skal gjere planlegginga av utnytting av varmeressursar lettare. Kartet skal vise varmebehov og moglege varmekjelder. Kartet inneheld i dag informasjon om

  • fjernvarme (konsesjonsgrenser, installert effekt, produksjon)
  • datasenter
  • avfallsforbrenningsanlegg
  • industribedrifter med spillvarme
  • varmebehov, dvs. oppvarming av bygg og tappevatn

Kartet er eit informasjons-, søke- og planleggingsverktøy som kan utnyttast av marknadsaktørar og kommunar. Informasjonen kan også nyttast i forsking og utgreiing og vil vere open og tilgjengeleg på NVEs nettsider. NVE vil bruke kartet i oppfølging av fjernvarmeaktørar og til å halde oversikt over energibruken hos store aktørar.

Informasjon om dei ulike sektorane vil utvikast og forbetrast trinnvis, med oppdatering nokre gonger i året.

Skjermbilde – NVEs betaversjon av varmekart

Skjermbilde – NVEs betaversjon av varmekart

Kilde: NVE

4.2.4 Den grøne datasenternæringa

Norsk datasenenternæring er oppteken av å søke klimanøytrale løysingar. Dette går blant anna fram av at ein stor del av næringa har vist seg positiv til forslaget om å innføre krav om å greie ut utnytting av spillvarme ved etablering eller oppgradering av anlegg med høgt energiforbruk. Eit anna eksempel på dette er at IKT-Norge og datasenternæringa har slutta seg til den europeiske datasenterpakta om klimanøytrale datasenter innan 2030.

Med EU-kommisjonens «Green Deal» blir det lagt opp til ein felleseuropeisk dugnad for å gjere Europa til det første klimanøytrale kontinentet. Europa vil trenge grøn datakraft dersom det skal vere mogleg å løyse klimautfordringane.

Norsk datasenterbransje deltek i forpliktande klimainitiativ

IKT-Norges datasenter-Forum, som representerer hovudtyngda av norsk datasenterbransje, har slutta seg til initiativet frå CISPE (Cloud Infrastructure Services Providers in Europe) som tek sikte på at europeiske datasenter blir CO2-nøytrale innan 2030.

Avtalen legg hovudvekta på fem område: energieffektivitet, klimavennlege energikjelder, vatn, sirkulærøkonomi og resirkulering av overskotsvarme. 17 europeiske bransjeforeiningar støttar avtalen, og over 20 datasenterselskap har allereie forplikta seg til å arbeide konkret for å nå dette målet. Noreg står i ei særstilling i europeisk samanheng ved bruken av fornybar energi. Tilslutning til «Climate Neutral Data Center Pact» har som mål at datasenter skal vere klimanøytrale innan 2030. Dette skjer i eit samarbeid med EU-kommisjonen i form av tilskot og forbetra rammevilkår, og med finansiering av store EU-budsjett retta mot digital utvikling.

Kilde: IKT-Norge

Digitalisering og automasjon krev veldig mykje datakraft, som igjen krev stor og føreseieleg tilgang på fornybar energi.

«Det blir ingen Green Deal utan digitale teknologiar»

Kilde: Margrete Vestager, visepresident i Von der Leyen-kommisjonen, med arbeidsområdet «eit Europa som er klar for den digitale tidsalderen»

Ei hovudutfordring for dei store datasenterlokasjonane rundt om i Europa er at overføringsnetta for straum i områda rundt datasenterlokasjonane ikkje har nok kapasitet på fornybar energi. Dette er blant årsakene til at for eksempel Amsterdam i 2019 innførte mellombels stopp i utbygging av datasenter. Noreg kan tilby ein unik, grøn kraftproduksjon med den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa, samtidig som produksjonen er skalerbar. I tillegg blir det i Noreg i dag bygd meir fornybar kraft enn på mange tiår. Det er ikkje berre krafta som gjer Noreg til ein ideel stad for storskala datasenter. Noreg har mykje plass, kjølig klima, stabile politiske rammer, ei kompetent befolkning og god digital infrastruktur.

Ikkje all datasenterverksemd kan flyttast til Noreg. Nokre data toler ikkje forseinkingar, såkalla «ferske data» bør vere relativt nære brukaren. Eit eksempel er sjølvkøyrande bilar som får informasjon om trafikken rundt nærmaste sving, då må datasenteret ligge nær brukaren.

Restvarme blir brukt om igjen til aureoppdrett

På Rjukan skal Hima Seafood bygge det største landbaserte oppdrettsanlegget for aure i verda. Green Mountain sitt datasenter ligg kun 800 meter frå oppdrettsanlegget. Ved å kople dei to anlegga saman med eit røyrsystem, kan Green Mountain levere oppvarma vatn til Hima. Dette er energi som elles ville blitt sloppen ut i lufta og sløst vekk. Bruk av varmevekslarteknologi vil sikre at Hima-anlegget kan bruke energien frå vatnet for å oppnå riktig vatntemperatur i RAS-løysinga si. Det same vatnet blir etterpå returnert til Green Mountain etter bruk. På det tidspunktet vil vatnet ha ein lågare temperatur som igjen kan brukast til kjøling av datasenteret. Dette skaper dermed eit ekte sirkulært prosjekt. Når anlegget er fullt operasjonelt i 2023, vil restvarme frå datasenteret bidra i produksjonen av 9000 tonn aure årleg.

Hima Seafood Facility

Hima Seafood Facility

Kilde: Green-Mountain

Men det finst mange eksempel på tyngre dataoperasjonar – gjerne ved bruk av kunstig intelligens – som ikkje treng å ligge like nær brukaren, då dei er mindre sensitive for forseinkingar. Volkswagen har flytta tunge dataoperasjonar til Noreg – simulering av krasjtestar knytt til utvikling av nye bilar – og etablert datasenterverksemd hos Green Mountain på Rjukan. Det er svært energikrevjande å køyre slike analysar, og for miljøet er det derfor gunstig at dataa blir prosesserte i eit land der energien er både fornybar og stabil. Når Noreg i tillegg har eit kaldt klima, vil det medverke til å redusere både energibehovet og kjølekostnadene.

Klimavennleg tungrekning

Tungrekning er kraftintensiv dataprosessering som bør skje der det er mykje fornybar kraft tilgjengeleg

Eit eksempel på tungrekning i Noreg er Lefdal Mine Data Center som har tyske kundar med eigenutvikla kunstig intelligens-løysingar som blir køyrde på såkalla HPC-utstyr. Tungrekning var tidlegare berre brukt i forsking, for eksempel klimamodellering, og er ekstremt kraftkrevjande. Det krev ikkje nærleik til kunden, men nærleik til store kraftmengder – og då helst fornybar kraft.

I dag er ikkje lenger tungrekning berre eit verktøy som blir brukt i forsking; selskapa som ligg i front i den digitale transformasjonen, bruker tungrekning-datakraft i stor skala til for eksempel «tingas internett» og kunstig intelligens. Dermed er slik databehandling ein drivar for vitskapleg, industriell og sosial utvikling.

Kilde: Lefdal Mine Data Center

Hummaroppdrett skal bruke restvarme frå datasenter

Ved Green Mountain sitt datasenter på Rennesøy skal Norwegian Lobster Farm bygge det første landbaserte hummaroppdrettsanlegget i verda. For å vekse optimalt treng hummaren ein temperatur på 20°C i sjøvatnet. Det er den same temperaturen sjøvatnet har etter at det har blitt brukt til å kjøle IT-utstyr i datasenteret. Green Mountain kan derfor levere det oppvarma sjøvatnet direkte til oppdrettsanlegget slik at energien kan brukast om igjen. Prosjektet gir betydelege energiinnsparingar og er eit godt eksempel på sirkulærøkonomi i praksis.

Hummar frå sjøvatn oppvarma av datasenter

Hummar frå sjøvatn oppvarma av datasenter

Kilde: Green Mountain

4.2.5 Støtteordningar

Enova er eitt av regjeringa sine viktigaste klimaverkemiddel. I 2020 gav Enova om lag 3,3 milliardar kroner i støtte til nesten 13 000 energi- og klimaprosjekt i Noreg. I den nye styringsavtalen for 2021-2024 har regjeringa spissa Enova som teknologi- og klimaverkemiddel.

Enova sitt formål er å bidra til å nå Noreg sine klimaforpliktingar og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova skal dessutan bidra til å finne gode løysingar som tek omsyn til behovet for eit effektivt energisystem. Gjennom aktiviteten sin bidrar Enova til å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Enova kan støtte omstilling til lågutsleppsteknologiar i alle sektorar. Enova sin aktivitet skal rettast inn mot dei delane av innovasjonskjeda som går på seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Enova sin aktivitet skal rettast mot seinfase teknologiutvikling, med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte.

Enova har fleire ordningar som kan vere relevante for datasenter, som skal bidra til omstilling i ulike sektorar:

  • Pilotering av ny energi- og klimateknologi
  • Demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi
  • Fullskala innovativ energi- og klimateknologi

Enova har sidan 2009 støtta om lag 100 prosjekt innanfor ulike sektorar som gjeld utnytting av spillvarme. Eit eksempel på dette er Fortum Varme – eit prosjekt for å utnytte spillvarme frå datasenter på Ulven i Oslo. Dette kan dekke varmebehovet til 5 000 bustader. For mindre føretak har Enova informasjons- og rådgivingstenester for energikartlegging.

4.3 Fornybar kraft – tilknyting

Tilknyting av datasenter kan skje på ulike spenningsnivå i nettet. Utgangspunktet for tilknyting i regional- og transmisjonsnettet er at nettselskapet tilviser eit tilknytingspunkt, mens den nye forbrukaren sjølv er ansvarleg for å søke konsesjon og bygge nettanlegga frå eigen installasjon og fram til tilknytingspunktet. I distribusjonsnettet (opp til og med 22 kV) har nettselskapa med områdekonsesjon plikt til å bygge seg fram til alle forbrukskundar.

Det vil hovudsakleg vere storleiken på datasenteret som avgjer kva spenningsnivå det blir tilknytt. Mindre datasenter i distribusjonsnettet vil i enkelte tilfelle kunne bli raskt tilknytte. Store datasenter, særleg dersom det skal byggast anlegg med effektuttak på over 100 MW, kan krevje investeringar i nytt nett, anten på regional- eller transmisjonsnettnivå, avhengig av plassering og kapasitet i eksisterande nett. Nettselskapa har ei plikt til å tilknyte forbruk på alle nettnivå. I transmisjonsnettet vil det vere Statnett som er ansvarleg, mens det på lågare nettnivå vil vere nettselskapet som eig nettet i det aktuelle området. Nettselskapa må greie ut, søke om og bygge nett utan ugrunna opphald, slik at det så snart som mogleg blir driftsmessig forsvarleg å tilknyte forbruket.

Nødvendige nettinvesteringar tek gjerne lengre tid å få på plass enn det nye kraftforbruket. På det tidspunktet nettselskapet må starte utgreiinga av eit nettiltak, er det ofte usikkert om dei aktuelle prosjekta faktisk blir realiserte. Samtidig er det ofte usikkert kor stort kraftbehovet vil bli. Mange av datasentera blir planlagde med eit effektforbruk på 5–50 MW ved etablering, men med høve til utvidingar seinare. Gitt at datasentera får nok kundar, kan det totale effektuttaket for eit enkelt datasenter blir meir enn 100 MW. For at nødvendige tiltak i nettet skal kunne vurderast og vere på plass i tide, må nettselskapa vere godt informerte om større auke i forbruket. Forpliktande avtalar mellom det aktuelle nettselskapet og aktøren som skal tilknytast, kan medverke til god koordinering og redusert risiko for unødige utgreiingar og feilinvesteringar hos begge partar.

4.3.1 Lokalisering i straumnettet

Sidan nettinvesteringar både er kostnadskrevjande og tek tid, er det formålstenleg at aktørane får signal som gjer at dei kan lokalisere seg der det er plass i eksisterande overføringsnett. Det er fleire ordningar som medverkar til at aktørane får signal om kvar det er ledig nettkapasitet. Det blir regelmessig gjort kraftsystemutgreiingar for 17 regionale område i Noreg. I tillegg utarbeider Statnett ein nettutviklingsplan for transmisjonsnettet. Desse utgreiingane blir oppdaterte annakvart år. Samla sett gir dei god oversikt over utviklingstrekk og planlagde nettinvesteringar, og dei gir aktørar informasjon om korleis lokalisering av produksjon og forbruk vil påverke kraftsystemet.

Nettselskapa skal fastsette og kreve inn anleggsbidrag når ein kunde utløyser investeringar i overføringsnettet. Reglane om anleggsbidrag medverkar til at aktørar som utløyser behov for investeringar i overføringsnettet, er med og betaler for desse. Anleggsbidrag skal synleggjere kostnadene ved ei ny tilknyting eller forsterking av eksisterande tilknyting, og vil motivere kundane til sjølv å gjere tiltak som reduserer behovet for nettinvesteringar. Samtidig medverkar det til ei rimelegare kostnadsfordeling mellom kundane som utløyser nettinvesteringar og dei andre kundane til nettselskapa. For kundespesifikt anlegg er det høve til å ta 100 prosent anleggsbidrag. Investeringar i transmisjons- og regionalnett vil som regel komme mange kundar til gode. I transmisjons- og regionalnettet kan derfor berre ein del av investeringskostnaden dekkast inn gjennom anleggsbidrag. Resterande kostnad må dekkast av nettkundane gjennom nettariffen. I tillegg gir både marginaltapsleddet i nettariffen og inndelinga i kraftprisområde, signal om kvar det er gunstig å etablere seg.

4.3.2 Avklaring av arealbruk etter plan- og bygningsloven

Det meste av arealbruken og utbygginga som skjer i Noreg, blir behandla etter plan- og bygningsloven, med kommunen som planstyresmakt. Plan- og bygningsloven har som formål å fremje berekraftig utvikling for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Gjennom eit politisk behandla planvedtak, blir det bestemt kvar det kan byggast og korleis det kan byggast. Utbygging og arealbruk får som regel følger for fleire motstridande og samanfallende interesser, og i planlegginga blir ulike hensyn og interesser vegne opp mot kvarandre og sett i samanheng. Planprosessane har også som formål å sikre medverknad frå innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og overordna styresmakter. I planlegginga er kommunen ikkje berre ansvarleg for å vareta eigne interesser, men også nasjonale og regionale interesser, og omsyn som blant anna jordvern, naturmangfald, kulturminne, naturfare, barn og unge sine interesser og samferdselsomsyn.

Kommunen skal sørge for at ny eller endra arealbruk blir avklart i kommuneplanen sin arealdel. Alle kommunar har ein arealdel i kommuneplanen som viser kvar utbygging kan skje, på kva vilkår og kva for areal som skal haldast av til landbruk, natur eller friluftsliv. Arealbruken som er avklart i kommuneplanen sin arealdel er bindande, og det kan ikkje byggast nye tiltak som er i strid med kommuneplanen. Eit areal må derfor vere avsett til industriformål eller liknande i kommuneplanen, for at arealet skal kunne disponerast til dette formålet.

For alle større utbyggingstiltak vil det også vere krav om ein reguleringsplan. Ein reguleringsplan er ein langt meir detaljert plan enn kommuneplanen, og seier noko om bruk, vern og utforming av eit avgrensa område og områdets fysiske omgivnader. Eit forslag til reguleringsplan kan fremjast av private forslagsstillarar, men det er eit lovpålagd krav at planen blir utarbeidd av fagkyndige. Reguleringsplanen fastset detaljar om utbygging og kva bruk som er tillaten i eit område. Det er kommunestyret som vedtek reguleringsplanar, og ein vedteken plan er bindande for framtidig arealbruk. Når det så blir fremja byggesøknad i tråd med reguleringsplanen, skal den godkjennast.

Lefdal Mine Data Center

Lefdal Mine Data Center åpna datasenteranlegget sitt plassert i ei nedlagd olivingruve nær Måløy i Sogn og Fjordane i mai 2017

Kilde: Lefdal Mine Data Center

4.3.3 God informasjon til aktørar som ønsker nettilknyting

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) jobbar med ei omlegging av nettsidene sine blant anna for å legge til rette for at ulike typar nettkundar lettare skal få tilgang til informasjon om regelverk og prosessar for nye tilknytingar til nettet.

I 2018 utarbeidde NVE også eit faktaark på engelsk som blant anna inneheld beskriving av det norske kraftsystemet, prosessen med tilkopling til det norske overføringsnettet og kostnader i samband med dette.21

4.3.4 Konsesjonsbehandlinga av nettilknyting for kraftkrevjande næringar

Både nettselskapa og energistyresmaktene opplever stor pågang frå aktørar som har forbruksplanar innan elektrifisering og næringsutvikling, og som ønsker tilknyting til overføringsnettet. NVE har dei siste åra hatt svært mange søknader om nettilknyting til behandling, og direktoratet har på denne bakgrunnen presisert kva aktørar som ønsker tilknyting av datasenter eller anna kraftkrevjande næringmå ha på plass før konsesjonssøknad om nettilknytning kan behandlast.22

Blant anna må det aktuelle området som eit minimum vere avsett til industri eller anna eigna arealformål i kommuneplanen sin arealdel, eller vere regulert til formålet. Vidare må nettselskapet ha vurdert om tilknytinga av forbruket er driftsmessig forsvarleg, eller om det trengst investeringar i regional- eller transmisjonsnettet for å knyte til forbruket. Om tilknytinga av nytt forbruk krev store investeringar i regional- eller transmisjonsnettet, som nye leidningar og transformatorstasjonar, vil NVE kunne krevje ei samtidig behandling av søknadene.

4.3.5 Betre utnytting av overføringsnettet

Regjeringa meiner det er viktig å gjere vurderingar av korleis ein kan utnytte overføringsnettet på ein endå betre måte i framtida. I Meld. St. 36 (2020–2021)Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, skildrar regjeringa korleis ein vil legge til rette for best mogleg utnytting av overføringsnettet.

For å legge til rette for betre utnytting av overføringsnettet og ei meir rettferdig fordeling av nettkostnader mellom kundane, har regjeringa innført effektbaserte tariffar i distribusjonsnettet. Dette vil bidra til å redusere behovet for nettutbygging.

Regjeringa vedtok også våren 2021 ei forskriftsendring som gjer det mogleg med tilknyting av uttakskundar med permanente vilkår om utkopling eller redusert kraftforsyning, som eit alternativ til nettinvestering. Dette er ei frivillig løysing, utan kompensasjon ved utkopling eller reduksjon i forsyninga. Alternativet til slike avtalar vil vere full tilknyting, og at uttakskunden må betale anleggsbidrag dersom det er behov for investeringar i overføringsnettet.

Føresegna vil legge til rette for at nye nettilknytingar eller forbruksaukar i ein del tilfelle kan gjennomførast utan at det er nødvendig å investere i nytt nett, for at tilknytinga skal vere driftsmessig forsvarleg. Gevinsten for nettselskapet og kunden er at ein unngår kostnaden ved å investere i nett. I mange tilfelle vil ei slik løysing også gjere det mogleg for nettselskapet å gi raskare tilknyting. Den nye føresegna vil medverke til betre utnytting av eksisterande overføringsnett, og til at ein kan redusere behovet for å investere i nytt nett.

4.3.6 Offentleg utval – utvikling av straumnettet

  • Regjeringa vil greie ut korleis prosessar knytt til utvikling og konsesjonsbehandling av overføringsnettet kan effektiviserast. Regjeringa har sett ned eit offentlig utval som blant anna skal vurdere dette.

Regjeringa vil vurdere systemet for nettutvikling i lys av aukande elektrifisering, som skildra i Meld. St. 36 (2020–2021). Blant anna har regjeringa nyleg sett ned eit offentleg utval som skal vurdere problemstillingar knytt til utviklinga av overføringsnettet. Formålet er å greie ut korleis vi kan effektivisere prosessar knytt til utvikling og konsesjonsbehandling av overføringsnettet. Nye nettutbyggingar tek tid og har konsekvensar for miljø og andre samfunnsinteresser. Tilgjengeleg kapasitet er i mange tilfelle, og i alle fall på kort sikt, eit avgrensa gode. Utvalet skal derfor også vurdere om det kan innførast kriterium for korleis Statnett og nettselskapa prioriterer mellom nye nettilknytingar.

Utvalet skal vurdere tre overordna tema: tiltak for å redusere tida det tek å utvikle og konsesjonsbehandle nye nettanlegg, prinsipp for å vareta ei samfunnsøkonomisk lønnsam utvikling av overføringsnettet i ei tid med stor usikkerheit om forbruksutviklinga og moglege forbetringar i systemet med tilknytingsplikt. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 15. juni 2022.

4.4 Datasenter i distrikta

Regjeringa ønsker levande lokalsamfunn og lønnsame arbeidsplassar i heile landet, og arbeider for regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar, jf. Meld. St. 22 (2020–2021). Bygging, etablering og drift av eit nytt datasenter vil kunne bidra med sysselsetting hos ei lang rekke lokale leverandørar og underleverandørar. Digital infrastruktur og digital kompetanse er heilt sentralt for at vi skal lykkast med næringsutvikling i distrikta.

5G i ambulanse – Sykehuset Innlandet

Når vi blir sjuke og treng behandling, har vi behov for hjelp raskt og effektivt. I eit pilotprosjekt ved Sykehuset Innlandet HF har ambulansepersonell blitt utstyrt med nettbrett, telefon eller talestyrt kamera, som skal sørge for rettleiing og rask beslutningsstøtte frå luftambulansen, legevakt eller sjukehuslege i kritiske og uavklarte situasjonar. Dei fleste ambulansar er i dag utstyrte med mobilt breiband, slik at personalet lett kan få rettleiing eller komme i kontakt med riktig mottakar. Med eit nettbrett, ein telefon eller eit talestyrt kamera som går via Telenor sitt 5G-nett, sender dei video- og talestraum direkte til vakthavande lege, som kan gi korrekt rettleiing om korleis ambulansepersonalet best skal vareta pasienten.

5G-teneste i ambulanse

5G-teneste i ambulanse

Kilde: Sykehuset Innlandet HF

Både Menon23 og Asplan Viak24 har sett på kriterium som gjer regionar attraktive for datasenteretableringar, som spesifikk kvalifisert arbeidskraft som datasenter treng (dataingeniørar, elektrikarar) og andre kriterium, som tilgang til straum, tilgang til fiber, areal, tilgang til veg, flyplass, avstand til næraste by/tettstad og eksistensen av regionalt samarbeid.

Vi har fleire eksempel på vellykka datasenteretableringar i distrikts-Noreg, som for eksempel Lefdal Mine og BlueFjords, begge i Vestland, og Green mountain på Rjukan.

Lefdal Mine Datacenter i Måløy

Lefdal Mine Datacenter i Måløy

Kilde: Lefdal Mine Data Center

I fleire typiske distriktsnæringar, slik som havbruk og landbruk, speler digitalisering og betre utnytting av data ei stadig større rolle. Effektiv bruk av data i desse næringane føreset ein godt utbygd digital infrastruktur og tilgang til datasenter, ikkje berre der folk bur, men også der det blir drive verksemd. Det er også eit stort potensial for datadriven innovasjon og verdiskaping innanfor helsesektoren i distrikta. For eksempel vil låg forseinking i nettet kunne understøtte fjernstyrte robotar for diagnostikk og inngrep på sjukehus og sjukeheimar som er nærmare pasienten. Samtidig vil høgare tettleik av sensorar og edge-datasenter også gjere det mogleg med kommunikasjon på tvers av for eksempel naudetatar med høgkvalitets videooverføring.

Det er forventa at framveksten av 5G, i samspel med Tingas internett, kunstig intelligens og edge-datasenter som blir etablert i nærleiken av industrien, vil gi store moglegheiter for næringsutvikling i distrikta (for eksempel gjennom å forbetre den lokale verdikjeda og styrke norske leverandørar i forhold til importerte varer og tenester). Eksempel her er norsk akvakulturnæring som allereie er langt framme i å utvikle ny teknologi som gir auka produktivitet og konkurransekraft. Det handlar blant anna om å bruke fleire titals tusen sensorar i merdar for å styre og overvake fiskeoppdrett. Andre løysingar baserer seg på svært avanserte kamerasensorar. Kapasiteten til 5G er ein viktig faktor for å kunne handtere dataoverføringa frå eit stort tal på sensorar der avanserte programvareplattformer blir brukte for å analysere, ta avgjerder og styre prosessar.

Fiskeoppdrett i norske fjordarmer

Fiskeoppdrett i norske fjordarmer

Kilde: Eide Fjordbruk

4.5 Digital infrastruktur – føringsvegar

Dei som kjøper tenester av datasenter, er avhengige av fungerande tenester som ikkje har nedetid. God og robust kapasitet i fibernetta nasjonalt og internasjonalt er derfor viktig, både for eksisterande datasenter og for aktørar som vurderer å etablere nye datasenter. Krava til overføringsfart, kapasitet og tilstrekkeleg mange føringsvegar er høge, både for føringsvegar i Noreg og for føringsvegar til og frå landet. Aktørane som bygger ut fiber, er viktige for datasenter, samtidig som datasenter er viktige kundar for fiberbransjen.

4.5.1 Føringsvegar – samhandling internasjonalt

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit avdekte i 2016 og 2017 ei sårbarheit som følge av at mesteparten av norsk internettrafikk til utlandet gjekk via Sverige.25Eit mål i datasenterstrategien frå 2018 var å sørge for større spreiing av trafikken mot utlandet, for å gjere landet mindre sårbart på grunn av einsidig avhengnad av eitt enkelt land, og på grunn av den fysiske konsentrasjonen av fibersamband og sentrale knutepunkt

Regjeringa har sett av totalt 100 millionar kroner for å legge til rette for fiberkablar til utlandet. Midlane skal hovudsakleg medverke til å redusere sårbarheitene med einsidig ruting av internettrafikk, men vil òg kunne legge til rette for databasert næringsverksemd. Satsinga har så langt resultert i at Nkom etter ein konkurranse har tildelt ein kontrakt om etablering av nytt sjøfibersamband mellom Kristiansand og Esbjerg i Danmark. Sambandet vil vere i drift i løpet av 2022 og gi auka geografisk spreiing av ekomtrafikken.

Det har òg vore ei positiv utvikling innanfor fiberinfrastruktur i den kommersielle marknaden dei siste åra. Fleire nye undersjøiske fiberkablar er blitt planlagde, finansierte og realiserte. Aktørane Altibox Carrier (Skagenfiber, englandskabelen No-UK), Tampnet og Bulk (Havsil, Havfruen) har nyleg etablert eller er i gang med å bygge nye sjøfiberkablar frå Sør-Noreg til høvesvis USA, Storbritannia og Danmark. Det finst også ytterlegare intiativ og planar, deriblant Leif Erikson, Celtic Norse og Arctic Connect. Samla styrker desse tiltaka Noregs attraktivitet som datasenternasjon, samtidig som dei gjer det digitaliserte norske samfunnet mindre sårbart.26

Utviklinga med stadig nye samband vil føre til at Noreg får forbetra redundans, noko som vil kunne medverke til å unngå nedetid sjølv om eitt samband blir brote. Kapasiteten og ytinga på trafikken til europeiske knutepunkt som Amsterdam, Frankfurt og London vil òg bli forbetra som følge av slike etableringar.

  • Regjeringa vil halde fram med å legge til rette for utbygging av fleire utanlandssamband på kommersielt grunnlag.

Kart som viser internasjonale fiberkablar

Internasjonale fiberkablar

Kilde: Invest in Norway

4.5.2 Nasjonale føringsvegar – kraftig styrkt i heile landet

Norsk breibandspolitikk er marknadsbasert, og fiberutbygging skjer i all hovudsak på kommersielt grunnlag. Regjeringa vil halde fram med å legge til rette for marknadsbasert utbygging. Investeringane i infrastruktur for elektronisk kommunikasjon har auka mykje dei siste åra, frå under 8 milliardar kroner i 2013 og 2014 til rekordhøge 12,6 milliardar kroner i 2020, av dette nær 7 milliardar kroner berre i fiber.

Investeringane har ført til ei storstilt utbygging av fiberføringsvegar i heile landet. Dette har medverka til eit langt meir solid transportnett i mange delar av landet. Transportnetta kan kallast digitale motorvegar som ber breibands- og mobiltrafikk frå mange ulike tilbydarar på tvers av landet, regionar og tettstader. Slike føringsvegar, og gjerne fleire uavhengige føringsvegar, er viktige for datasenter.

Det er viktige synergiar mellom datasenteraktivitet og utbygging av elektroniske kommunikasjonstenester, nasjonalt og regionalt. Datasenteraktørar etterspør robuste og redundante fiberføringsvegar i transportnetta og kan slik medverke til auka nasjonal transportkapasitet. Utbygging av transportnetta for å møte den auka etterspurnaden etter framtidsretta mobil- og breibandstenester frå norsk næringsliv og norske husstandar, legg på den andre sida til rette for ein infrastruktur som gjer det attraktivt å etablere datasenter i Noreg.

4.5.2.1 Status – Noreg i europatoppen

Dei store investeringane gjer at tilbodet om høgfartsbreiband har auka i heile Noreg. Ved årsskiftet 2020/2021 hadde om lag 90 prosent av husstandane tilbod om raskt, fast breiband (100 Mbit/s), og over halvparten hadde tilbod om gigabitfart.

Noreg skårar jamleg høgt på internasjonale samanlikningar av mobil- og breibandsinfrastruktur, blant anna statistikk frå OECDs Broadband Portal 2020. Av EUs DESI-indeks (Digital Economy and Society Index) for 2020 går det fram at Noreg har den høgaste internettbruken i befolkninga blant dei europeiske landa. Vidare går det fram at Noreg saman med Danmark ligg i front i Europa på mobil- og breibandstilgang, som er ein indeks samansett av fleire delmål. Noreg skårar spesielt godt på høgfartsbreibanddekning.

Utbygginga dei siste åra har komme heile landet til gode, noko som blant anna kjem til uttrykk gjennom at tilbodet om fiberbreiband til husstandar i spreiddbygde strøk er femdobla frå 11 prosent av husstandane i 2013 til 55 prosent av husstandane i 2020. Forskjellen i tilbodet mellom tettbygde og spreiddbygde strøk heng saman med at utbyggingskostnadene per kunde i distrikta er svært mykje høgare for dei kommersielle aktørane. Regjeringa har bidratt med over 1,6 milliardar kroner i tilskot til breibandsutbygging i slike område sidan 2014.

  • Regjeringa vil vidareføre statlege bidrag til breibandsutbygging i distrikta.

4.5.2.2 Behov for ytterlegare styrking i distrikta

I NOU 2015: 1327 og Nkoms ROBIN-rapport frå 201728 blei det peikt på at landet er sårbart som følge av for stor avhengnad av Telenors transportnett. På bakgrunn av dette kunnskapsgrunnlaget, har regjeringa lagt stor vekt på auka redundans i transportnetta.

Det er sett av 80 millionar kroner til pilot for alternativt kjernenett/transportnett. Midlane har medverka til å knyte Svalbardfiberen til to uavhengige transportnett på fastlandet, og til tiltak for om lag 70 millionar kroner i Finnmark, blant anna fleire alternative føringsvegar, som vil styrke den digitale grunnmuren i regionen vesentleg.

Vidare vil regjeringa få gjennomført grundige risiko- og sårbarheitsanalysar i minst fem nye sårbare regionar, og fase inn tiltak etter ei årleg vurdering. Det blei løyvd 25 millionar kroner til tiltak i Troms i revidert nasjonalbudsjett for 2021, og saman med forsterkingane i Finnmark, vil dette medverke til vesentleg auka kapasitet og meir robuste nett i Nord-Noreg.

Ein forsterka fiberinfrastruktur i Nord-Noreg vil, i tillegg til å medverke til auka tryggleik og meir robuste nett i regionen, også kunne legge til rette for at regionen betre kan utnytte ein eventuell ny transkontinental kabel som landar i Nord-Noreg til databasert næringsverksemd i regionen.

  • Regjeringa vil gjennomføre grundige risiko og sårbarheitsanalysar i minst fem nye, sårbare regionar, og fase inn tiltak etter ei årleg vurdering.

Arctic Connect – fiberinitativ gjennom Nordøstpassasjen

Arctic Connect-prosjektet har som mål å bygge det første transarktiske fiberoptiske sjøkabelsystemet mellom Europa og Asia. Utviklingsprosjektet er gjennomført som eit eige SPV (Special Purpose Vehicle) heimehøyrande i Finland.

Systemet spenner over 13 800 kilometer, og har ei forventa kostnadsramme på mellom 0,8 og 1,2 milliardar dollar. Planen har vore å køyre utviklingsfasen av prosjektet i tidsrommet 2020-2022, og å ta den endelege investeringsavgjerda for potensiell bygging på eit seinare stadium etter ei separat vurdering.

Realisering av ein transarktisk sjøkabel mellom Europa og Asia med ei landing i Nord-Noreg vil potensielt kunne gi store industrielle moglegheiter for berekraftig verdiskaping i regionen, gjennom nye digitale knutepunkt, datasenterprosjekt og næringsklynger.

Kart: Planlagd rute Arctic Connect

Planlagd rute Arctic Connect

Kilde: IKT- Norge

4.5.3 Fiber – utleige av ledig kapasitet frå statleg verksemd

Bane NOR driftar ein omfattande fiberinfrastruktur som er knytt til kommunikasjon mellom ulike system i den digitale styringa av jernbanen. Kommunikasjon via fibernettverk er viktig for mange ulike formål innan jernbanesektoren, for eksempel kundeinformasjon, signal- og sikringsanlegg, banesystem og togleiing. Fiberinfrastrukturen er kritisk for drifta av for eksempel togradiosystemet og det nye digitale signalsystemet (ERTMS). Det er kostbart å bygge ut fiberinfrastruktur. Det inneber at når ein statleg aktør som Bane NOR bygger ut, tek ein òg høgd for framtidige behov.

Statnett er eit anna eksempel på ein statleg aktør som tek langsiktige fiberinvesteringsavgjerder, og som legg til rette for utleige av ledig kapasitet.

  • Regjeringa vil fortsette å legge til rette for langsiktige perspektiv når statlege aktørar gjer fiberinvesteringar, at det blir bygd ut meir kapasitet enn eige behov når det først blir bygd, og at det samtidig blir opna for utleige i marknaden på opne og transparente vilkår.

Tilgang til fiberkapasitet som blir bygd av statlege aktørar er viktig for datasenteretableringar i Noreg, og særleg for datasenteretablering i distrikta er denne tilgangen avgjerande.

4.6 Behov for IKT- kompetanse

Regjeringa har som mål at både offentleg sektor og næringslivet skal ha god tilgang på IKT-kompetanse. God tilgang på avansert IKT-kompetanse er viktig både for databasert næringsliv generelt og for datasenternæringa spesielt.

Regjeringa har gitt særleg prioritering til IKT-relaterte utdanningar dei siste åra. Løyvingane er auka slik at over 2 150 fleire studentar blei tekne opp til IKT-studium i 2020 samanlikna med 2014. På sikt vil utviklinga føre til at det blir langt fleire arbeidstakarar i Noreg med høg IKT-kompetanse, jf. omtale i Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs. Digitaliseringa og teknologiutviklinga skjer svært raskt, og det har derfor blitt oppretta nye fag og studieprogram innanfor IKT, og sidan 2018 har det komme til studieprogram som handlar om kunstig intelligens og datavitskap, mens det var planlagt for meir enn 350 fleire dedikerte studieplassar innanfor kunstig intelligens, robotikk og datavitskap hausten 2020, samanlikna med 2017.

Det finst òg gode eksempel på både samarbeidsavtalar og nystarta studieløp som legg til rette for auka kompetanse innanfor datasenternæringa. Blant anna har Universitetet i Stavanger og Green Mountain inngått ein samarbeidsavtale for å heve kompetanse innanfor IKT og datasenterdrift, mens Fagskolen Tinius Olsen har sett i gang eit nettbasert utdanningsløp som gir fagarbeidarar spesialisert datasenterkompetanse.2930

I takt med den aukande digitaliseringa og dei auka behova for datasenter, blir tilgang på kompetent og spesialisert arbeidskraft ein viktig føresetnad for vidare vekst i datasenternæringa i åra framover.

  • Regjeringa vil vidareføre arbeidet med utvikling av IKT-kompetanse i Noreg.
  • Regjeringa vil legge til rette for at aktørane i datasenternæringa kan inngå samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar.

4.7 Internasjonalisering og investeringar

Øvre Forsland vasskraftverk

Øvre Forsland vasskraftverk i Nordland er eit eksempel på miljøvennleg vasskraft

Kilde: Stein Hamre Arkitektkontor

4.7.1 Styrking av marknadsføringa av Noreg som investeringsland

For å medverke til å nå målet regjeringa har om at Noreg skal vere eit attraktivt land å investere i for datasenter og anna databasert næringsliv, og målet om at Noreg skal vere eit attraktivt vertsland for internasjonale investorar og gründerar, er det viktig at internasjonale aktørar møter eit miljø som kan informere om Noregs fordelar og marknadsføre Noreg som investeringsland, gi støtte ved viktige vurderingar i samband med etableringar, og formidle kontakt med riktige instansar, som tomteeigarar, kommunar, kraftselskap og fiberaktørar. Innovasjon Norges Invest in Norway-funksjon er eit godt og effektivt verkemiddel i så måte.

Invest in Norway jobbar med å legge til rette for internasjonale etableringar i Noreg. Invest in Norway sine kundar er utanlandske aktørar som vurderer etablering i Noreg. I tillegg til å handtere førespurnader breitt, jobbar Invest in Norway fokusert mot enkelte segment: verdikjeda for batteriteknologi, datasenter og annan grøn industri (hovudsakleg hydrogenbasert). Invest in Norway samarbeider med regionale styresmakter, klynger og industrimiljø i arbeidet med å gjere Noreg til eit attraktivt investeringsland for internasjonale investorar og gründerar.

Investeringane i datasenter i Noreg har auka dei siste åra, jf. kapittel 2. I samband med Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt arbeid med oppdatert datasenterstrategi, har internasjonale aktørar i datasenterindustrien likevel gitt uttrykk for at Noreg bør gjere endå meir for å marknadsføre den gode posisjonen sin. Sentrale aktørar i norsk datasenternæring har òg gitt slike tilbakemeldingar. Erfaringar frå nabolanda viser at målretta satsing på denne typen funksjonar gir resultat.

Ei styrking av Invest in-funksjonen vil kunne medverke til å nå målet regjeringa har om at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for datasenter og anna databasert næringsliv, og målet til regjeringa om å legge til rette for lønnsam utvikling av datasenter i Noreg. Gjennom å stimulere til høgare inngåande investeringar i datadriven verdiskaping og datasenter i Noreg, vil ein også kunne oppnå effektar i form av høgare verdiskaping og nye arbeidsplassar.

  • Regjeringa vil styrke Invest in Norway, blant anna for å styrke arbeidet med å legge til rette for investeringar i databasert verdiskaping og datasenter i Noreg.

4.7.2 Korleis etablere datasenter i Noreg

Regjeringa har ein klar ambisjon og eit ønske om at Noreg skal vere ein attraktiv destinasjon for aktørar som ønsker å etablere datasenter og anna databasert næringsliv.

For å legge til rette for positiv marknadsutvikling i datasenternæringa også framover, ønsker regjeringa å styrke marknadsføringa av Noreg som datasenternasjon ytterlegare, ved å legge til rette for at aktørar kan etablere datasenter og anna industriverksemd i Noreg. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor sett i gang arbeidet med å produsere ei lett tilgjengeleg oversikt over relevant informasjon for aktørar som vurderer å investere og etablere seg i Noreg.

Basert på analysar av datasenternæringa og annan kraftintensiv industri, i tillegg til tilbakemeldingar frå Invest in Norway, ser det ut til at fleire store internasjonale aktørar vurderer Noreg som eit aktuelt vertsland.

Rettleiaren vil gjere greie for regulerings- og konsesjonsprosessar, og innehalde ei tidslinje med dei løyva som trengst for å etablere industriverksemd. Vidare skal rettleiaren gi ei oversikt over kontaktpunkt til relevante aktørar og ei oversikt over tilgrensande informasjon som varmekart, infrastruktur og tilknyting til overføringsnettet. Rettleiaren skal utformast på ein måte som medverkar til å underbygge og forsterke kommunikasjonen av fordelane og konkurransefortrinna Noreg kan by på.

Informasjonsbrosjyren/nettsida vil inkludere følgande element:

  • oversikt over relevant informasjon knytt til etablering av datasenterverksemd i Noreg, under dette ei kortfatta oversikt over fordelane med å etablere seg i Noreg
  • rettleiar til relevante regulerings- og konsesjonsprosessar, inkludert ei tidslinje med oversikt over dei løyva ein treng for å etablere industriverksemd i Noreg, og oversikt over relevante alternative løysingar, for eksempel førehandsregulerte datasentertomter eller såkalla «build to suit»-løysingar
  • oversikt over aktuelle kontaktpunkt – blant anna til Invest in Norway og relevante lokale styresmakter
  • oversiktleg, kortfatta og pedagogisk samandrag på éi side
  • element produsert av andre aktørar, for eksempel fiberkart, varmekart (spillvarme) og NVEs faktaark om straumtilknyting.

 

  • Regjeringa vil utarbeide ein rettleiar på engelsk (nettside) med relevant informasjon om korleis ein etablerer datasenter i Noreg.

Rettleiar
Rettleiar

Rettleiaren er laga av Menon Economics på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. InvestInNorway har bidratt i arbeidet

4.7.3 Dialog med dei største teknologiselskapa (big tech)

Regjeringa har lytta til norsk datasenterbransje, og teke initiativ til tettare dialog mellom regjeringa og dei største internasjonale teknologiselskapa som driv investeringane i datasenter globalt.

Våren 2020 blei det avtalt møte mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og ti av dei store teknologiselskapa. Møta handla om datasenterinvesteringar så vel som kunstig intelligens, informasjonstryggleik og berekraft. Møta blei arrangerte i eit samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Invest in Norway og den norske konsulen i San Francisco.

Teknologiutvikling og viktige premissar for digitaliseringa blir i stor grad drivne av desse teknologiselskapa. Reisa blei kansellert grunna Covid-19, men det blei avgjort at møta skulle gjennomførast digitalt. Det er òg halde oppfølgingsmøte med enkelte selskap.

I 2020 heldt diverse representantar for regjeringa fleire møte med representantar for den globale og nasjonale leiinga i Microsoft. Hovudtema var berekraftstematikk som kunne vere relevant for Microsofts forplikting til karbonnegativitet innan 2030. Microsoft uttrykte stor interesse for det norske CCS-prosjektet Langskip, som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Equinor deltok også i eit av møta, saman med Olje- og energidepartementet. Dialogen resulterte i eit såkalla Memorandum ofUnderstanding (MOU) mellom transport- og lagringsprosjektet Northern Lights i Equinor og Microsoft, og ein pressekonferanse der blant andre statsminister Erna Solberg, olje- og energiminister Tina Bru og Microsofts president Brad Smith var til stades.

  • Regjeringa vil vidareføre dialogen med norsk næringsliv og leiande internasjonale teknologiselskap for å få innspel til arbeidet med å legge til rette for investeringar i databasert verdiskaping og datasenter i Noreg.

Northern Lights

MOU’en omfattar fire punkt:

Equinor og Microsoft er einige om å:

  • Undersøke teknologisamarbeid for å integrere Microsofts digitale ekspertise inn i Northern Lights-prosjektet
  • Microsoft vil undersøke bruk av Northern Lights CO2-transport og lagringsinfrastruktur som del av portefølja si av prosjekt på karbonfangst, transport og lagring
  • Undersøke moglegheiter for Microsoft til å investere i effektiv utvikling av Northern Lights
  • Undersøke og etablere «advocacy of policies» som vil framskunde CCS’ bidrag til Europas klimamål

4.8 Stabile rammevilkår – føresetnad for langsiktige investeringar

  • Regjeringa vil legge til rette for stabile rammevilkår for datasenternæringa også framover

Den overordna målsetjinga for næringspolitikken er størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi – innanfor berekraftige rammer. Gode rammevilkår for eit samla næringsliv gir moglegheit for at nye, meir lønnsame og berekraftige bedrifter og næringar kan vekse fram. På den måten aukar den samla verdiskapinga og den felles velferda vår. Næringspolitikken bør medverke til stor omstillingsevne, slik at næringslivet evnar å endre seg når føresette og uføresette hendingar skjer.

Internasjonalisering gir auka konkurranse i fleire marknader innanlands, og forsterkar insentivet norske bedrifter har til å utvikle betre produkt og effektivisere produksjonen. Derfor er internasjonal konkurranse både i eksport- og importmarknadene viktig for produktiviteten og den framtidige velferda vår. Gode rammevilkår, som gjer det attraktivt for norske og utanlandske aktørar å investere i Noreg, kan gi mange gevinstar. Fleire etableringar av datasenter vil skape ein større marknad for næringar som leverer varer og tenester til datasenter. Større marknad inneber òg at produksjonen kan skalerast og ein kan utnytte stordriftsfordelar, slik at einingskostnadene går ned og ein oppnår betre ressursutnytting.

For at bedrifter skal ha moglegheit til å gjennomføre større investeringar, og satse i ei meir berekraftig retning, er dei avhengige av ein viss grad av kontinuitet og langsiktige perspektiv i næringspolitikken. Endringar i for eksempel skatte- og avgiftspolitikken i etterkant av investeringsavgjerder, kan få konsekvensar for store investeringar som å bygge nye datasenter. Forventningar om endra rammevilkår som reduserer lønnsemda av eit investeringsprosjekt, kan svekke investeringslysta i næringa. For denne næringa er det viktig at næringspolitikken og dei generelle rammevilkåra til ein viss grad er føreseielege.

Regjeringa prioriterer skatte- og avgiftsendringar som skal styrke vekstevna i økonomien, lette omstillingane og skape nye arbeidsplassar. Skattesatsen på alminneleg inntekt er redusert frå 28 til 22 prosent. Formuesskatten er redusert, ved lågare sats og auka botnfrådrag. I 2017 blei det innført ein verdsetjingsrabatt i formuesskatten på 10 prosent for blant anna aksjar og driftsmiddel. Siktemålet er i større grad å kanalisere norsk kapital mot investeringar i næringsverksemd, slik at eksisterande og nye næringar kan skape arbeidsplassar og auke den samla verdiskapinga. Satsen er auka fleire gonger seinare. I 2021 er verdsetjingsrabatten auka til 45 prosent for aksjar, aksjeandelen i andelar i verdipapirfond, eigenkapitalbevis, andelar i selskap med deltakarfastsetjing og driftsmiddel, under dette næringseigedom. Det er også redusert avgift for elektrisk kraft som blir levert til datasenter med uttak over 0,5 MW.

Fotnotar

20.

Oslo Economics og Asplan Viak (2020): Kartlegging og vurdering av potensialet for effektivisering av oppvarming og kjøling i Norge. NVE – ekstern rapport nr. 8/2020

21.

http://publikasjoner.nve.no/faktaark/2018/faktaark2018_03.pdf

22.

https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-konsesjon/nve-onsker-mer-effektiv-saksbehandling-for-kraftkrevende-naeringer/

23.

Menon Economics (2017): Gevinster knyttet til etablering av et hyperscale datasenter i Norge. Menon-publikasjon nr. 39/2017

24.

Asplan Viak (2021): Etablering av datasenter – kunnskapsgrunnlag

25.

Sjå blant anna Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine rapportar «Kartlegging av vurdering av infrastruktur som kan nyttiggjøres av datasentre» frå 2016 og «Robuste og sikre nasjonale transportnett – målbilder og sårbarhetsreduserende tiltak» frå 2017.

26.

Sjå også dokumentet «Update on Networks and Connectivity» frå Invest in Norway frå mars 2021: https://invinor.no/wp-content/uploads/2021/03/Networks-and-Connectivity-March-2021-1.pdf

27.

NOU 2015: 13 Digital sikkerhet – sikkert samfunn – Beskytte enkeltmennesker og samfunn i en digitalisert verden

28.

Nkom (2017): Robuste og sikre nasjonale transportnett – målbilder og såbarhetsreduserende tiltak
Til forsida