Prop. 125 L (2014–2015)

Endringar i spesialisthelsetjenesteloven m.m. (kontaktlege i spesialisthelsetenesta m.m.)

Til innhaldsliste

10 Merknader til endringane i spesialisthelsetjenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven, helsepersonelloven og bioteknologiloven

10.1 Endringane i spesialisthelse-tjenesteloven

Til § 2-5 a Koordinator

Andre ledd

Hovudregelen om at koordinatoren bør vere lege, er fjerna, og føresegna om at anna helsepersonell kan vere koordinator når det blir rekna som tenleg og forsvarleg, er erstatta med ei føresegn om at koordinatoren skal vere helsepersonell. Nærmare omtale er gitt i punkt 6.3.1.

Til ny § 2-5 c Kontaktlege

Første ledd

Første punktum pålegg helseføretaket ei plikt til å oppnemne kontaktlege for pasientar som har alvorleg sjukdom, skade eller liding, og som har behov for behandling eller oppfølging frå spesialisthelsetenesta i ein viss tidsperiode («av en viss varighet»). Både kravet om at tilstanden må vere alvorleg, og kravet om «en viss varighet» må vere oppfylte for at vilkåra skal vere tilfredsstilte. Forslaget inneber at det må skje ei heilskapsvurdering i kvart enkelt tilfelle. Spørsmålet om tilstanden er alvorleg, må som utgangspunkt avgjerast ut frå ei objektiv fagleg vurdering, og det må leggjast vekt på om tilstanden kan føre til risiko for alvorleg funksjonsnedsetjing eller invaliditet, tap av viktige kroppsfunksjonar eller sansar eller eventuelt risiko for tidleg død. Vidare bør det leggjast vekt på både fysiske og psykiske følgjer av tilstanden. Det må òg leggjast vekt på om pasienten i tillegg har annan sjukdom, skade eller liding. Etter ei totalvurdering kan det gjere at tilstanden til pasienten må reknast som alvorleg.

Terskelen for å oppnemne kontaktlege til barn skal vere låg, slik at vurderinga av om tilstanden er alvorleg, skal vere mildare enn vurderinga av ein tilsvarande tilstand hos vaksne.

Kravet om at pasienten skal ha behov for behandling frå spesialisthelsetenesta i ein viss tidsperiode («av en viss varighet»), skal forståast slik at det som utgangspunkt omfattar tilfelle der det er behov for behandling over eit tidsrom på meir enn 3–4 dagar. Behov for oppfølging «av en viss varighet» skal forståast slik at det som utgangspunkt omfattar tilfelle der det er behov for meir enn ein enkel avtale om oppfølging.

Nærmare omtale av vilkåra for plikt til å oppnemne kontaktlege er gitt i punkt 7.3.2.

Etter andre punktum må den som blir oppnemnd til kontaktlege, vere involvert i behandlinga eller oppfølginga av pasienten. Dette inneber at den som blir oppnemnd, må vere ein del av det teamet som behandlar pasienten. Vedkomande treng ikkje å ha eit hovudansvar for behandlinga, men må ha ei aktiv rolle i behandlinga eller oppfølginga av pasienten, sjå nærmare omtale av dette i punkt 7.3.4.

Andre ledd

Første punktum pålegg helseføretaket å peike ut kven som skal vere kontaktlege for pasienten, så snart som råd etter at det er vurdert at pasienten har rett til kontaktlege. Siste frist for utpeiking av kontaktlege er sett til første yrkedag etter innlegging eller poliklinisk undersøking. Etter andre punktum skal pasienten så snart som råd få vite kven som er hans eller hennar kontaktlege. Samtidig skal pasienten få orientering om dei oppgåvene og det ansvaret kontaktlegen har. Nærmare omtale av utpeiking av kontaktlege er gitt i punkt 7.3.3.

Tredje ledd

Etter første punktum skal kontaktlegen vere den faste medisinskfaglege kontakten til pasienten. Det kan ikkje krevjast at kontaktlegen sjølv skal kunne svare på alle medisinskfaglege spørsmål, men vedkomande skal ha ansvar for å hente inn informasjon og eventuelt formidle kontakt med andre, slik at pasienten får svar eller eventuelt blir undersøkt i andre delar av spesialisthelsetenesta. Etter andre punktum må helseføretaket vurdere om kontaktlegen òg bør peikast ut som informasjonsansvarleg etter helsepersonelloven § 10 og journalansvarleg etter helsepersonelloven § 39. I vurderinga må det leggjast vekt på kva som i det enkelte tilfellet vil vere mest tenleg for å sikre kontinuitet i pasientforløpet. Ansvar og oppgåver for kontaktlegen er omtalt nærmare i punkt 7.3.4.

Fjerde ledd

For tenester i det psykiske helsevernet gir første punktum høve til å oppnemne kontaktpsykolog i staden for kontaktlege dersom det er mest tenleg ut frå den behandlinga eller oppfølginga som pasienten skal ha. Helseføretaket må i kvart enkelt tilfelle ta stilling til kva som er best for pasienten. Det same gjeld tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, jf. andre punktum. Oppnemning av kontaktpsykolog er nærmare omtalt i punkt 7.3.6.

10.2 Endringane i pasient- og brukerrettighetsloven

Til ny § 2-6 a

Første ledd gir pasientar som har alvorleg sjukdom, skade eller liding, og som har behov for behandling eller oppfølging frå spesialisthelsetenesta i ein viss tidsperiode («av en viss varighet») rett til å få oppnemnt kontaktlege i samsvar med føresegna i spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 c. Vilkåra for rett til å få oppnemnt kontaktlege er dei same som vilkåra for plikt for helseføretaket til å oppnemne kontaktlege, sjå merknadene til spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 c.

Til § 7-2

Nytt tredje ledd

Føresegna regulerer høve til å reise søksmål for saker som kan påklagast til klagenemnd oppnemnd etter pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2 andre ledd. Forslaget inneber at høvet til å klage på må vere nytta før det kan reisast søksmål som gjeld vedtak frå nemnda. Fristen for å reise søksmål er sett til seks månader og skal reknast frå det tidspunktet vedtaket har kome fram til vedkomande. Søksmål kan likevel i alle tilfelle reisast når det har gått seks månader frå klaga første gongen blei sett fram, og klagaren ikkje kan klandrast for at nemnda ikkje har gjort vedtak. Denne føresegna svarer til føresegna i forvaltningsloven § 27 b andre punktum. Av tvisteloven § 1-5 går det fram at søksmål om gyldigheita av eit forvaltningsvedtak skal reisast mot den styremakta som har gjort vedtak i første instans.

Fjerde ledd

Føresegna presiserer at dersom fristen etter tredje ledd er overskriden utan at det er reist søksmål, har vedtaket same verknad som ein rettskraftig dom.

10.3 Endringane i helsepersonelloven

Til § 71 Domstolsprøving

Nytt andre ledd

Føresegna set ein frist på seks månader for å bringe vedtak frå Statens helsepersonellnemnd inn for domstolen. Fristen skal reknast frå det tidspunktet vedtaket har kome fram til den som har klaga til nemnda. Søksmål kan likevel i alle tilfelle reisast når det har gått seks månader frå klaga første gongen blei sett fram, og klagaren ikkje kan klandrast for at nemnda ikkje har gjort vedtak. Av tvisteloven § 1-5 går det fram at søksmål om gyldigheita av eit forvaltningsvedtak skal reisast mot den styremakta som har gjort vedtak i første instans.

Nytt fjerde ledd

Føresegna presiserer at dersom fristen etter tredje ledd er overskriden utan at det er reist søksmål, har vedtaket same verknad som ein rettskraftig dom.

10.4 Endringane i bioteknologiloven

Til ny § 2A-9 Domstolsprøving

Første ledd gir høve til å reise søksmål for saker som gjeld søknad om preimplantasjonsdiagnostikk. Det kan reisast søksmål for domstolane når PGD-nemnda har gjort vedtak.

Andre ledd

Første punktum set ein frist på seks månader for å bringe vedtak frå PGD-nemnda inn for domstolen. Fristen skal reknast frå det tidspunktet vedtaket har kome fram til vedkomande. Andre punktum presiserer at dersom fristen etter tredje ledd er overskriden utan at det er reist søksmål, har vedtaket same verknad som ein rettskraftig dom.

Til forsida