Prop. 125 L (2014–2015)

Endringar i spesialisthelsetjenesteloven m.m. (kontaktlege i spesialisthelsetenesta m.m.)

Til innhaldsliste

3 Bakgrunn for forslag om koordinator, koordinerande eining og kontaktlege

3.1 Koordinator og koordinerande eining

Før høyringsnotatet om oppnemning av kontaktperson blei publisert, hadde departementet fått fleire oppfordringar om å fjerne hovudregelen om at koordinatoren bør vere lege. Nokre meinte at dette kravet gjer ordninga upraktisk, med ein lite tenleg bruk av legen si tid, og at det ofte er meir tenleg at anna helsepersonell utfører praktiske koordineringsoppgåver, til dømes i samband med avtalar, prøvesvar og anna overføring av informasjon.

Tilbakemeldingar frå spesialisthelsetenesta viste at det var stor variasjon mellom helseføretaka når det gjaldt ambisjonsnivå og kor langt dei hadde kome i arbeidet med å etablere ein koordinatorfunksjon og redusere talet på personell som var involvert. Det blei vist til at dei ordningane som var etablerte, var ulike både når det gjaldt kva for yrkesgruppe som var involvert, korleis yrkesgruppene samarbeidde om koordineringsansvaret, korleis koordinatorrolla blei definert, og kor omfattande ansvar koordinatorane fekk.

Departementet oppfatta tilbakemeldingane slik at det ofte var ein sjukepleiar som hadde rolla som koordinator, men at det òg kunne vere merkantilt personell.

Tilbakemeldingane frå helseføretaka tydde òg på at dei koordinatorfunksjonane som var oppretta, oftast var lagde inn under den enkelte behandlingseininga og var ikkje knytte til dei koordinerande einingane i helseføretaka.

3.2 Kontaktlege

I regjeringsplattforma av 7. oktober 2013 heiter det at regjeringa vil «styrke pasienters og pårørendes rettigheter og innføre fast kontaktlege i spesialisthelsetjenesten for alvorlig syke pasienter». Med bakgrunn i dette foreslår departementet ei ordning med kontaktlege i spesialisthelsetenesta i tillegg til koordinatorordninga. Departementet foreslår òg å styrkje rettane til pasientane, slik at oppnemning av kontaktlege ikkje berre skal vere ei plikt for helseføretaka, men òg ein rett for den enkelte pasienten. Ordninga med kontaktlege skal etter forslaget gjelde for pasientar med alvorleg sjukdom, skade eller liding, som har behov for behandling eller oppfølging frå spesialisthelsetenesta over ein viss tidsperiode.

For å få til eit godt pasientforløp krevst det god samhandling, logistikk og kommunikasjon mellom dei ulike behandlingsstadene og behandlingsnivåa. Avviksmeldingar og pasientklager viser at forløpa i ein del tilfelle ikkje fungerer slik dei skal, mellom anna blir det rapportert om mangelfull informasjonsflyt og manglande kontinuitet og oversikt over behandlingsforløpa. Formålet med den koordinatorordninga som gjeld i dag, er å sikre kontinuerlege og heilskaplege pasientforløp. Det er behov for å styrkje rettane til pasientar som er alvorleg sjuke eller har ein alvorleg skade eller ei alvorleg liding. Denne pasientgruppa bør få spesiell merksemd og bli særleg godt teken hand om.

Det er viktig at pasientar med alvorleg sjukdom, skade eller liding, og også dei pårørande, kan kjenne seg trygge gjennom heile pasientforløpet. Ein kontaktlege kan vere med på å skape betre tryggleik enn det som er tilfelle i dag, då fleire opplever at dei møter for mange legar, og at informasjonen og kommunikasjonen er for dårleg. Ei ordning med kontaktlege kan gjere situasjonen betre for denne pasientgruppa, samtidig som kvaliteten og heilskapen i det medisinske tilbodet kan bli følgt opp på ein betre måte. Ei ordning med kontaktlege vil bidra til betre pasienttryggleik, sidan all veksling mellom behandlarar og behandlingsstader inneber ein risiko for svikt i informasjonsoverføringa og dermed òg ein risiko for pasientskade.

Til forsida