Prop. 125 L (2014–2015)

Endringar i spesialisthelsetjenesteloven m.m. (kontaktlege i spesialisthelsetenesta m.m.)

Til innhaldsliste

5 Rettstilstanden i andre nordiske land

5.1 Sverige

Sverige har hatt ei ordning med «fast vårdkontakt» sidan 1. juli 2010. Ordninga erstatta ei tidlegare ordning med pasientansvarleg lege og er regulert i «Hälso- och sjukvårdslagen» § 29 a:

«29 a § Verksamhetschefen ska säkerställa att patientens behov av trygghet, kontinuitet, samordning och säkerhet i vården tillgodoses. Om det är nödvändigt för att tillgodose dessa behov, eller om en patient begär det, ska verksamhetschefen utse en fast vårdkontakt för patienten.»

Føresegna inneber at det er verksemdleiaren som har ansvar for å sikre pasienten sitt behov for kontinuitet, samordning og tryggleik i behandlinga. Dersom det er nødvendig for å sikre desse behova, skal verksemdleiaren peike ut ein «fast vårdkontakt». Sjølv om verksemdleiaren meiner at behova til pasienten kan tilfredsstillast på annan måte, skal ein «fast vårdkontakt» oppnemnast dersom pasienten krev det. Det inneber at pasienten si eiga oppfatning av hans eller hennar behov blir styrande. Av forarbeida går det mellom anna fram:

«Beroende på vilka medicinska och övriga behov patienten har kan en fast vårdkontakt vara någon i hälso- och sjukvårdspersonalen, t.ex. en läkare, sjuksköterska eller psykolog, men det kan också i vissa fall vara en mer administrativ funktion som koordinerar patientens vård.»

Ny «patientlag» tok til å gjelde 1. januar 2015. Her er det i kapittel 6 ei eiga føresegn om «fast vårdkontakt»:

«2 § En fast vårdkontakt ska utses för patienten om han eller hon begär det, eller om det är nödvändigt för att tillgodose hans eller hennes behov av trygghet, kontinuitet, samordning och säkerhet.»

Av forarbeida går det fram at formålet med denne føresegna framfor alt er å styrkje pasienten si stilling, men også å tydeleggjere «vårdens» ansvar for samordning og kontinuitet.

Det går òg fram at regjeringa håper at ei føresegn i «patientlagen» som korresponderer med utpeiking av «fast vårdkontakt» i «hälso- och sjukvårdslagen», vil føre til at føresegna blir teken i bruk i større utstrekning, slik at fleire pasientar får tilgang til ein «fast vårdkontakt».

5.2 Danmark

I Danmark er det etablert ei ordning med kontaktperson for pasientar som kjem til ambulant behandling eller behandling på sjukehus. Ordninga er regulert i «sundhedsloven» kapittel 23 a og tok til å gjelde 1. januar 2009. Ein kontaktperson er definert som «en sygehusansat sundhedsfaglig person tilknyttet den enkelte patient med særligt ansvar for at sikre sammenhæng i patientforløbet under indlæggelse og i ambulante forløb».

Med verknad frå 1. juni 2010 blei ordninga endra, med bakgrunn i regjeringa sin «afbureaukratiseringsplan». Tidlegare vilkår om at ordninga skulle gjelde dersom behandlingsforløpet strekte seg over meir enn eitt døgn, blei erstatta med vilkår om at ordninga som hovudregel skal gjelde «når behandlingsforløbet sammenlagt strækker sig over mer end 2 dage». I forarbeida til endringa blei det vist til at ordninga med kontaktperson skulle målrettast, slik at pasientar med ukompliserte behandlingsforløp og kortvarig kontakt med sjukehusvesenet ikkje lenger skulle få tilbod om kontaktperson.

Etter den danske ordninga gjeld det unntak «hvis en patient har særligt behov for det». I slike tilfelle skal ein tilby éin eller fleire kontaktpersonar, «selv om behandlingsforløbet kun strækker sig over 1–2 dage». «Indenrigs- og sundhedsministeren» kan fastsetje nærmare reglar om kva pasientgrupper unntaket skal gjelde for, og på kva tidspunkt i behandlingsforløpet tildeling av kontaktperson skal skje.

Kontaktpersonen skal vere ein «sundhedsperson» som medverkar ved behandlinga av pasienten. Det kan fastsetjast nærmare reglar om funksjonane til kontaktpersonen og reglar om at andre enn «sundhedspersoner» kan peikast ut til kontaktpersonar. «Sundhedsperson» er i lova definert slik:

«Ved sundhedspersoner forstås personer, der er autoriserede i henhold til særlig lovgivning til at varetage sundhedsfaglige opgaver, og personer, der handler på disses ansvar.»

Ifølgje opplysningar innhenta frå «Ministeriet for Sundhed og Forebyggelse» vil kontaktpersonen på sjukehus vanlegvis vere ein lege eller sjukepleiar, medan det i psykiatrien også kan vere andre fagpersonar. Pasienten er tildelt ein kontaktperson under heile behandlingforløpet.

I forarbeida til føresegna om at ein skal tilby ein kontaktperson også dersom behandlingsforløpet berre strekkjer seg over 1–2 dagar, heiter det:

«Forslaget herom er først og fremmest møntet på patienter med kroniske og livstruende sygdomme fx kræft – og hjertepatienter, for hvilke der almindeligvis vil kunne forudses et længerevarende eller kompliceret behandlingsforløb, og de vil derfor ofte have behov for en kontaktperson allerede fra første eller anden kontakt med sygehuset. Andre patientgrupper, som fx den ældre medicinske patient, kronisk svækkede patienter, patienter med komplekse forløb, patienter med funktionsnedsættelse og udsatte grupper kan også have særlige behov for en kontaktperson. Den behandlingsansvarlige sundhedsperson vurderer, om en patient har behov for en kontaktperson ved første eller anden sygehuskontakt.»
Til forsida