Prop. 228 S (2020–2021)

Utgreiing og planlegging av E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) i Vestland

Til innhaldsliste

1 Innleiing og bakgrunn

Samferdselsdepartementet greier i denne proposisjonen ut om planlegginga og foreslår vidare framdrift for prosjektet E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) i Stord, Tysnes og Bjørnafjorden kommunar i Vestland.

Det er framleis diskusjonar om alternative konsept for prosjektet. Dette er hemmande for framdrifta i prosjektet. Statens vegvesen og lokale og regionale styresmakter må vere trygg på at vedteken kommunedelplan ligg fast som grunnlag for førebuing av prosjektet. Dette er særleg viktig i eit så omfattande og komplisert prosjekt som Hordfast. Prosjektet er sist omtala i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033, s. 270.