Prop. 228 S (2020–2021)

Utgreiing og planlegging av E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) i Vestland

Til innhaldsliste

5 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet syner til at E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) blir det største vegprosjektet som er gjennomført så langt i Noreg og at det vil være viktig at rammer for arbeidet med prosjektet framover er føreseielege.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor at E39 Stord–Os, Ådland–Svegatjørn (Hordfast) i Vestland skal planleggast og førebuast for bygging basert på vedteken kommunedelplan for konsept midt.

I gjeldande Nasjonal transportplan 2022–2033, Meld. St. 20 (2020–2021), ligg prosjektet i tråd med vedteken kommunedelplan for konsept midt inne med eit resterande finansieringsbehov på 37,7 mrd. 2021-kr, fordelt med høvesvis 23,7 mrd. kr statlege midlar og 14,0 mrd. kr i bompengar. Det er sett av 1 mrd. 2021-kr i første periode (2022–2027). I mai 2021 fastsette Samferdselsdepartementet styringsmål for prosjektet til 38,5 mrd. 2021-kr. Kostnadar for reguleringsplanarbeidet som pågår, er no medrekna.

Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget etter at reguleringsplanen for prosjektet er vedteken og prosjektet deretter har vore gjennom ekstern kvalitetssikring KS2, med framlegg av proposisjon med forslag til styrings- og kostnadsramme, finansieringsplan og gjennomføringsvedtak. Dersom reguleringsplanen blir vedteken våren 2023, kan ein proposisjon bli fremja våren 2024. Ein føresetnad for at prosjektet skal kunne gjennomførast etter denne tidsplanen, er at planlegginga kan halde fram basert på vald konsept og vedteken kommuneplan og at det ikkje vert gjort større endringar i prosjektet.