– Tryggleik i Arktis står høgt på dagsordenen
Nyheit | Dato: 03.02.2026 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide og EUs utanrikssjef Kaja Kallas deltok på Arctic Frontiers i Tromsø tysdag 3. februar.
– Tryggleik i Arktis står høgt på dagsordenen om dagen. Eg er glad for at utanrikssjefen i EU legg turen til Tromsø for dette arrangementet. Arctic Frontiers gir ei god ramme for å diskutere alle dei temaa som er viktige for tryggleiken i nord. Besøket er òg eit høve til å drøfte andre aktuelle spørsmål, som Ukraina, forsvars- og tryggleikssamarbeid mellom Noreg og EU, transatlantiske samband, Kina og Midtausten, seier utanriksminister Eide.
– Frå norsk side har vi lenge ønskja ei auka internasjonal forståing for utviklinga i Arktis. Noreg jobbar tett saman med dei europeiske partnarane våre for å styrkje europeisk tryggleik i ei krevjande tid. Samarbeidet med dei nordiske landa, Nato-allierte og sentrale europeiske aktørar er avgjerande. EU tek ei stadig større rolle som tryggleiks- og forsvarspolitisk aktør, og Noreg er EUs tettaste partnar. Dette samarbeidet skal vidareutviklast, seier Eide.
– Det er avgjerande at diskusjonar om utviklingstrekk og tryggingssituasjonen i Arktis byggjer på fakta. Noreg er ein leiande polarnasjon. Vi har verdsleiande fag- og kunnskapsmiljø, unik situasjonsforståing og lang politisk erfaring med forvaltning i nordområda. Denne kunnskapen får aukande betydning når forbundsfellane våre i større grad rettar merksemda mot regionen, seier han.
Konferansen i Tromsø, Noregs arktiske hovudstad, er ein heilt sentral arena for diskusjonar om Arktis, der norske og internasjonale fagfolk, forskarar, politikarar, næringslivsaktørar og urfolksrepresentantar møtest.
I tillegg til EUs utanrikssjef Kallas deltek òg Grønlands utanriksminister Vivian Motzfeldt og Mary Simon, generalguvernør i Canada, som for 30 år sidan var med på å etablere Arktisk råd. Arktisk råd har sidan skipinga i 1996 vore, og er framleis, det viktigaste internasjonale forumet for diskusjon og samarbeid om arktiske spørsmål. Kongeriket Danmark har no leiarskapen i rådet.