Statsbudsjettet 2027
10 millionar kroner til forsking og kontroll i Oslofjorden
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til auka forsking og kontroll i Oslofjorden.
Regjeringa innførte frå 1. januar nye fiskeritiltak som skal bidra til å styrke fiskebestandane og økosystema i Oslofjorden, mellom anna tre store nullfiskeområde der alt fiske er forbode.
– Når vi innfører omfattande tiltak, er det viktig med god oppfølging slik at tiltaka får best mogleg effekt. Derfor foreslår vi no å styrke arbeidet til Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Oslofjorden med 10 millionar kroner i 2027, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Regjeringa vil auke løyvinga til Fiskeridirektoratet med 5 millionar kroner i 2027 til arbeidet deira med kontroll og handheving av dei nye fiskeritiltaka.
Havforskingsinstituttet har ei sentral rolle i følgeforskinga i Oslofjorden, og regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til instituttet med 5 millionar kroner i 2027 til arbeidet deira i Oslofjorden.