103 millionar til filmbransjen, Norsk kulturfond og visuell kunst

Dette innhaldet er meir enn 30 dagar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Regjeringa fordeler 103 millionar kroner i støttetiltak til kultursektoren i samband med covid-19.

– Eg er glad for å kunne styrke ein hardt prøva bransje på tampen av året. Desse pengane går til målretta tiltak spissa mot spesifikke aktørar innan kulturfeltet, og eg er viss på at pengane vil kome svært godt med, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Dei 103 millionar kronene er gjenståande og omdisponerte middel frå dei 900 millionar kronene som blei løyvd til stimulering og kompensasjon for perioden 1. september til 31.desember.

40 millionar kroner til filmbransjen

Pengane blir nytta til ei ordning under NFI som skal dekke auka koronarelaterte kostnader og slik "redde" produksjonen av film og dramaseriar som allereie har fått offentlege tilskot. Ordninga vil bidra til aktivitet og omsetnad i ein hardt ramma bransje og syte for at filmar raskare når marknaden, anten det er kino, tv, festivalar eller strøymetenester.

– Som eit ledd i tiltaket foreslår NFI å gi tilskot til å "flagge heim" filmar og seriar, som hadde planlagt opptak i utlandet. Det vil ikkje berre halde mange norske filmarbeidarar i arbeid, men også kunne gi ringverknader rundt omkring i landet, seier kultur- og likestillingsministeren.

Norsk kulturfond blir styrkt med 40 millionar kroner

Kulturfondet løftar fram mange viktige, kunst- og kulturuttrykk over heile landet.

– Dette er ikkje tida for å minke bevillingane til det frie kunstfeltet. Vi kan ikkje la pandemien stoppe den fantastiske utviklinga vi har i breidde, mangfald og kvalitet, seier kultur- og likestillingsministeren.

19 millionar kroner til innkjøp av norsk kunst og kunsthandverk

Pengane vert fordelte på 15 ulike kunstmuseum og skal gå til kjøp av samtidskunst, kunsthandverk og design, frå galleri og visningsstader i Norge eller direkte frå kunstnaren.

– Tidlegare i haust fordelte vi 17 millionar kroner mellom musea til innkjøp av norsk kunst. Dette var eit godt grep som vi no vel å gå vidare med. 19 millionar til nye kunstinnkjøp vil kome både musea og norske kunstnarar til gode, avsluttar kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

2 millionar kroner går til kvart av desse musea: KODE Kunstmuseer og Komponisthjem, Museene i Sør-Trøndelag, Nordnorsk Kunstmuseum og Museet Midt.

1 million kroner til kvart av desse musea: Henie Onstad Kunstsenter, Drammens museum for kunst og kulturhistorie, Vestfoldmuseene, Lillehammer Museum, Preus museum, Sørlandets Kunstmuseum, Haugalandmuseet, Museum Stavanger, Musea i Sogn og Fjordane, Musea på Sunnmøre og RiddoDuottarMuseat ved Sametinget.

KORO vert styrkt med 4 millionar kroner

Den viktigaste rolla KORO har er å bidra til å utvikle samtidskunsten i offentlege rom over heile landet og gi kunstnarane oppdrag og inntekter. KORO fordelte nettopp 5 millionar kroner til 43 prosjekt i lokalsamfunnordninga. I søknadsrunden mottok dei 174 søknader og dei har dermed mange kvalifiserte og støtteverdige prosjekt å fordele ytterlegare middel på.