– Studentbustadar er avgjerande for at unge skal kunne ta utdanning uavhengig av økonomisk bakgrunn. God tilgang på rimelege bustadar er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien, slik at studentane kan ha ein trygg kvardag og konsentrere seg om studiane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

– 2025 var eit rekordår for bygging av nye studentbustadar, og med desse tilskota gjer vi det vi kan for at tempoet heldes oppe også i 2026, seier Aasland.

Les tidlegare pressemelding om rekordåret 2025.

Tilskota går både til bygging av nye studentbustadar og rehabilitering av eksisterande bygg.

Ramma for studentbustadar i årets statsbudsjett er noko lågare enn i 2025, då det blei gitt tilskot til om lag 3000 bustader. Frå 2025 er nivået på tilsegn om tilskot 3 050 nye tilsegn årleg. På grunn av mellom anna den høge byggeaktiviteten av studentbustader som allereie er i gang, er det ikkje kapasitet til å starte bygging av like mange nye studentbustader i 2026. I år har Stortinget derfor løyvt midlar til 2000 tilskot som eit eittårig tiltak, i tråd med det studentsamskipnadene hadde meldt inn på førehand som mogleg å setje i gang i 2026.

Prioriterer pressområde

Fordelinga for 2026 gir størst utteljing til dei største studiestadene, der studentsamskipnadene har søkt om tilskot til flest bustadar.

– Leigeprisane steig kraftig i 2025 og ligg no på eit historisk høgt nivå nasjonalt, spesielt i dei største byane. Prispresset er venta å halde fram inn i 2026, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap).

 – I Regjeringa sin plan for Noreg har vi mål om å setje i gang bygging av 130 000 nye bustadar innan 2030. Studentbustadar er ein viktig del av denne satsinga og kan bidra til å dempe presset på den private leigemarknaden, seier Skjæran.  

Husbanken fekk nokre fleire søknader enn det innmelde behovet, men så godt som alle kvalifiserte søknader fekk tilskot.

Søknadene er vurderte etter kriterium fastsette i regelverket og føringar i tildelingsbrevet. Frå 2026 blir pressområde, det vil seie dei store byane, særleg prioriterte som del av kriteria for fordeling av tilskott.

Nye bustadar og rehabilitering

Av dei 2 000 tilskota er 1623 til nybygg eller ombyggingar, medan 377, eller 30 prosent, er rehabiliteringsprosjekt. Rehabiliteringsprosjekt får tilskot berekna som ein del av kostnaden, og omfattar dermed fleire hybelenheiter enn talet på tilskot tilseier.

– Rehabilitering av studentbustadar er eit viktig grep for å ta vare på bygga vi allereie har. Det gir lengre levetid på bustadane og meir berekraftig bruk av fellesskapet sine midlar, seier administrerande direktør Jan Hjelle i Husbanken.

Fordeling av tilskot til samskipnadene for 2026

Samskipnad

Stad

Tilskot til nye hybelenheiter (bygging/ombygging)

Tilskot til rehabilitering (tal på hybelenheiter dette utgjer i parentes) *

SUM

tilskot

Totalt tal på hybelenheiter

Del av tilskot

SiO

Oslo

556

105 (150)

661

706

33%

SiO

Lillestrøm

265

 

265

265

13,2%

Diakon STI

Oslo

175

 

175

175

8,75%

Sammen

Bergen

309

204,5 (230)

513,5

539

25,7%

SiT

Trondheim

49

36

85

85

4,25%

Singsaker STI

Trondheim

 

1 (106)

1

106

0,05%

SiT

Gjøvik

3

6

9

9

0,45%

SIS

Stavanger

258

 

258

258

12,9%

SiA

Grimstad

8

12,5 (84)

20,5

92

1%

SINN

Lillehammer

 

12 (76)

12

76

0,6%

TOTALT

 

1 623

377 (688)

2000

2311

100%


* Dei 2 000 tilsagna viser til talet på heile tilskot innanfor ramma, medan midlane samla går til 2 311 hybeleiningar, fordi rehabiliteringsprosjekt får tilskot som er rekna som ein del av kostnaden.