Revidert nasjonalbudsjett

14 millionar til oppstart av kompensasjonsordning for oljepionerane

Regjeringa intensiverer arbeidet med å etablere eit system for kompensasjon for oljearbeidarar som fekk helsa øydelagt under pionertida. Målet er at staten kan betale ut kompensasjon frå tidleg neste år.

– Dei som jobba i oljeindustrien i pionertida jobba med heilt andre standardar og risikoar enn vi ville ha tillat i dag. Dei risikerte mykje, både sin eigen tryggleik og si eiga helse. Eg er glad for at vi no er i gang med å få på plass eit system som kan handtere søknader om kompensasjon til dei som har fått helseskadar mens dei jobba med farlege kjemikaliar offshore. Det er på høg tid, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Det blir sett av 14 millionar kroner til å etablere ordninga i revidert nasjonalbudsjett. Det gjer at staten kan begynne å behandle søknader og betale ut kompensasjon frå starten av 2026.

– Eg skjønner at fleire er utolmodige når det gjeld å få på plass ei kompensasjonsordning for oljepionerane. Det er eg også. Midlane som vi nå set av, gjer at staten skal kunne begynne å behandle søknader og betale ut kompensasjon frå starten av 2026, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Regjeringa vil i løpet av hausten få på plass ei uavhengig nemnd og eit sekretariat til behandling av søknader, IKT-løysningar og det som elles er behov for av administrasjon. Målet er å kunne begynne å behandle søknader og betale ut kompensasjon frå tidleg neste år. 

Størrelsen på kompensasjonen, og endeleg innramming av ordninga vil bli lagt frem i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2026.

Vil sikre raskare framdrift

Stortinget vedtok i 2021 å opprette ein eigen kommisjon som skulle sjå på og vurdere ei eigen erstatning til oljepionerane. I 2022 leverte oljepionerkommisjonen anbefalinga si. Kommisjonen sin rapport er grundig, men presenterer ulike modellar for ei kompensasjonsordning. Det er fleire avklaringar som må gjerast før alle detaljar er på plass.

– Ei kompensasjonsordning til oljepionerane er eit stort løft. Nå får vi på plass det som vi treng før vi kan begynne å behandle søknader om kompensasjon. Det sikrar raskare framdrift for dei som ventar på ordninga. Skulle vi avvente heile innretninga til statsbudsjettet for 2026, ville det tatt enda lengre tid å komme i gang, seier Brenna.

Det må blant anna bli laga eit regelverk for ordninga, slik at det blir føreseieleg og treffe dei som er aktuelle. For at det skal bli løyvd tilstrekkeleg med midlar til ordninga, må  også konkrete kostnader både for utbetalingar og administrative kostnader bli berekna.