Frå tid til anna oppstår det situasjonar som rammar ein kommune eller ein arbeidsmarknadsregion særleg hardt. Når kommunar eller regionar opplever brå eller særleg stor nedgang i sysselsettinga, kan dei få hjelp til omstilling frå staten og fylkeskommunen.

I sitt årlege innspel til departementet skriv Agder fylkeskommune at Bygland kommune mellom anna har opplevd stort fall i sysselsetjinga over tid. Fylkeskommunen har òg tidlegare framheva behovet for ein ekstra innsats for omstilling i kommunen.

– Eg veit at mange kommunar, mellom anna Bygland, har hatt utfordringar over tid. I revidert nasjonalbudsjett får Agder fylkeskommune derfor 1,5 millionar kroner, slik at dei kan starte opp sitt omstillingsprogram så raskt som mogleg, seier Gjelsvik