– Den viktigaste oppgåva mi som arbeids- og inkluderingsminister, er å få fleire ut i arbeidslivet. Det gjeld dei unge som er på veg inn, dei som har stått utanfor lenge, og dei som har arbeidd i mange år, men som kan stå i arbeid nokre år ekstra. Bodskapen min er at vi treng dykk, seier Kjersti Stenseng.

Regjeringa har eit konkret mål om å auke sysselsetjinga i Noreg i aldersgruppa 20–64 år til 82 prosent innan 2030. Det svarar til om lag 130 000 fleire personar i arbeid etter 2025. Innsatsen retta mot unge er særleg trappa opp gjennom lanseringa av Ungdomsløftet sommaren 2025. Målet er at 30 000 fleire unge under 30 år skal vere i arbeid innan 2030.

– Under denne regjeringa har til saman 183 000 fleire kome i arbeid, men framleis står for mange utanfor. Vi må få fleire i arbeid og færre på trygd. Skal vi lukkast, treng vi tiltak som set folk i stand til å arbeide. Difor styrkjer vi dei arbeidsretta tiltaka med 290 millionar kroner i 2027, seier Stenseng.

For 2027 vil regjeringa mellom anna styrkje rekrutteringsprogrammet som skal bidra til at fleire av dei som står utanfor, kan kome i arbeid i helse- og omsorgssektoren, styrkje ungdomsprogrammet og setje i gang Eit enklare Nav – samt auke løyvinga til Jobbsjansen som hjelper innvandrarkvinner inn i arbeid.

Heile satsinga på 290 millionar kroner blir fordelt slik

  • Auke løyvinga til forsøket med arbeidsretta ungdomsprogram med 22 millionar kroner
  • Styrkje rekrutteringsprogrammet til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning, med 30 millionar kroner
  • Styrkje løyvinga til forsøket med aktivitetspengar for unge (òg kalla eit enklare Nav) i Trondheim kommune med 79,5 millionar kroner
  • Auke innsatsen i Ungdomsløftet gjennom å styrkje marknadsarbeidet i Nav med 30 millionar kroner
  • Auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak med 40 millionar kroner, inkludert rettleiarressursar i Nav. Det skal mellom anna setjast i gang eit forsøk med fireårig lønstilskot for unge
  • Styrkje løyvinga til oppfølgingstiltak i Arbeids- og velferdsetaten i eigen regi med 10 millionar kroner. Dette vil gi rom for å auke bruken av tiltaket Individuell jobbstøtte (IPS), slik at fleire personar med psykiske lidingar og rusutfordringar kan kome over i løna arbeid
  • Styrkje Jobbsjansen med 30 millionar kroner for å få fleire innvandrarkvinner som står langt unna arbeidslivet, i arbeid
  • Styrkje Varig tilrettelagt arbeid (VTA) med 49 millionar kroner, inkludert personellressursar i Nav
  • Totalt føreslår regjeringa nesten 13 milliardar kroner til arbeidsmarknadstiltak i 2027