– Vi treng at fleire er i jobb. Det er bra for den enkelte og for samfunnet. Arbeidsplassen er ein viktig sosial arena og ei moglegheit til å utvikle eigne evner, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Varig tilrettelagt arbeid er eit arbeidsmarknadstiltak der uføretrygda med behov for tett oppfølging og særskild tilrettelegging kan få arbeid. Deltakarane får fast tilsetjing i ei førehandsgodkjend verksemd eller i ei ordinær bedrift etter avtale med Nav.

I mål med opptrappingsplanen

I statsbudsjettet for 2024 la regjeringa fram ein opptrappingsplan med sikte på å styrkje VTA med om lag 2 000 plassar i perioden 2024–2027.

Med styrkinga på 49 millionar kroner, som kan gi om lag 300 nye plassar i 2027, har regjeringa følgt opp opptrappingsplanen med dei nødvendige løyvingsaukane.

– Regjeringa vil arbeide for eit likestilt og inkluderande arbeidsliv som fremjar arbeid for alle. Varig tilrettelagt arbeid er ei moglegheit for personar med behov for tilrettelegging og tett oppfølging til å delta i arbeid, seier Stenseng.

Dei fleste VTA-deltakarane er i ei førehandsgodkjend verksemd, men om lag 1 av 3 jobbar i ordinære verksemder. Frå 1. september har regjeringa styrkt oppfølginga i VTA i ordinær verksemd.

Kva er varig tilrettelagt arbeid (VTA)?

  • Eit tilbod om jobb i ei førehandsgodkjend eller ordinær bedrift med tilpassa arbeidsoppgåver.
  • For å få tilbod om varig tilrettelagt arbeid må ein ta imot uføretrygd, eller vere venta å få uføretrygd i nær framtid, og trenge særskild tilrettelegging og oppfølging.
  • Tiltaket varer så lenge ein har behov for det. Ein blir fast tilsett i verksemda.