– I ei tid med aukande geopolitisk uro må vi sikre at universitets- og høgskulesektoren har god beredskap for informasjon som er viktig for nasjonal sikkerheit. Vi prioriterer også tiltak som støtter opp under viktig forsking og internasjonalt samarbeid, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Regjeringa foreslår følgande løyvingar:

Nasjonal Begrensa Plattform (NBP) – 8 millionar kroner

Universitets- og høgskulesektoren forvaltar kritisk digital infrastruktur og er viktig for arbeidet med nasjonal tryggleik. I dag er det vanskeleg for Kunnskapsdepartementet og underliggande verksemder å dele gradert informasjon på ein sikker måte.

Difor foreslår regjeringa at NBP blir rulla ut ved statlege universitet og høgskular som i dag ikkje har etablert NBP, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Simula. NBP vil gjere det enklare å dele gradert informasjon raskt og sikkert, særleg i hastesaker.

10 millionar til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS)

Regjeringa foreslår eit eittårig tilskot til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) som skal kompensere for kraftig vekst i kostnader til straum, husleige og oppvarming.

– Forsking og utdanning er heilt sentralt for norsk nærvær og aktivitet på Svalbard. UNIS spelar ei avgjerande rolle for både kunnskapsutvikling og samfunnsliv i Longyearbyen, og vi vil sikre at dei kan halde fram med aktiviteten sin trass i kraftig kostnadsvekst, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

UNIS er den einaste institusjonen som tilbyr høgare utdanning på øygruppa. Den kraftige auka i utgifter til straum, husleige, oppvarming og fiberleige har dei siste åra ført til at UNIS har måtte redusere aktiviteten. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 10 millionar kroner i 2026 for å unngå ytterlegare reduksjonar i forskings- og utdanningsverksemda.

Tilskotet til UNIS er på 190,7 millionar kroner i 2026 før den foreslåtte auka.

Havforskingsinstituttet – 10 millionar kroner

Løyvinga skal gå til innkjøp av batteridrivne, oseanografiske Argo-bøyer som samlar inn viktige data om havet. NorArgo er Noregs bidrag til det europeiske samarbeidet Euro-Argo ERIC, det einaste globale systemet som overvaker havet og effektane av klimaendringar. Etter store kutt i amerikansk finansiering av havforsking er det blitt endå viktigare at Europa og Noreg bidreg til å halde oppe og vidareutvikle Argo-infrastrukturen.

European Spallation Source (ESS) – 8 millionar kroner

ESS i Lund skal bli verdas kraftigaste nøytronkjelde. Eit straumbrot i november 2025 skadde sentralt utstyr og førte til forseinkingar i prosjektet. Reparasjonane er rekna til å koste 51 millionar svenske kroner. Noreg har bidrege betydeleg til bygginga av ESS. Den foreslåtte løyvinga vil bidra til å reparere skadane og sikre framdrifta i prosjektet. ESS vil gi tilgang til verdas kraftigaste forskingsverktøy for material- og livsvitskap.

International Agency for Research on Cancer (IARC) – 2,9 millionar kroner

IARC er kreftforskingsinstituttet til Verdas helseorganisasjon og ein sentral aktør i forsking på årsaker til og førebygging av kreft. Monografiprogrammet, som er ei av dei viktigaste faglege satsingane til instituttet, står i fare for å miste delar av grunnlaget sitt fordi det amerikanske National Cancer Institute avsluttar finansieringa si. Midlane vil bidra til at IARC kan halde fram arbeidet med uavhengige vurderingar av kreftframkallande påverknader.