Regjeringa foreslår å løyve 5,5 millionar kroner for å bidra til kartlegging av alle kunstgrasbaner i Noreg. Kartlegginga er viktig for å få vite meir om behovet som vil oppstå når kunstgrasbaner må erstatte gummigranulat med eit meir berekraftig alternativ.

– Norges Fotballforbund får no midlar til dette, og vi vil følge opp vidare, seier Jaffery

Gummigranulat er den nest største kjelda til utslepp av mikroplast i Noreg – om lag 30 prosent av det totale mikroplastutsleppet frå landbaserte kjelder. Det europeiske kjemikaliebyrået, European Chemicals Agency (ECHA) anslår at 42 000 tonn av mikroplasten som er tilsett i ulike produkt ender opp i miljøet kvart år. 16 000 tonn av dette er granulat som er brukt i kunstgras.

Fotballen er den største barne- og ungdomsidretten i Noreg, og også den største jenteidretten. Det er nær 2 000 kunstgrasbanar i Noreg. Om lag halvparten av desse er eigd og drifta av idrettslag. Å erstatte gummigranulat på desse banene er ei stor omstilling.

Kultur- og likestillingsdepartementet har tidlegare støtta utprøving av alternativ til gummigranulat på seks baner gjennom prosjektet KG 2021. Rapporten som vart lagd fram i midten av september viser at det er fullt mogleg å byggja meir miljøvennlege banar til heilårsbruk, men at ein må sjå på heile oppbygginga til banen når ein vurderer fyllet ein skal bruka i framtida.

Det kommande forbodet mot kjøp og sal av gummigranulat er venta å ha ein overgangsperiode på åtte år. Det vil seie at forbodet trer i kraft i 2031. Forbodet er ein del av eit større forslag under EUs kjemikalieregelverk (REACH) om forbod mot å omsette ei rekke produkt tilsett mikroplast (kosmetikk, reingjeringsprodukt, landbruksprodukt m.fl.).