– Frivilligheita gjer ein utruleg viktig innsats for å skape lågterskeltilbod og møteplassar som er inkluderande og styrkjer fellesskapet. Dette byggjer tillit og gjer samfunnet rikare. Med denne tildelinga kan organisasjonane vidareføre og styrkje innsatsen for å hjelpe folk i ein vanskeleg livssituasjon, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Stiftelsen Kirkens Bymisjon, Kreftforeininga, Frelsesarmeen og Norges Blindeforbund er dei fire største mottakarane i årets fordeling, og samla får desse 323 millionar kroner.

Midlane til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar er frie midlar som organisasjonane kan bruke som dei vil innafor formålet.