7,2 millionar kroner til rekruttering av fleire barnehagelærarar
Pressemelding | Dato: 10.12.2025 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa trappar opp innsatsen for å få fleire til å velje barnehagelærarutdanning. No får åtte universitet og høgskular midlar til regionalt rekrutteringsarbeid.
Noreg manglar over 2 700 barnehagelærarar for at barnehagane skal kunne oppfylle pedagognorma. Eit av fleire tiltak regjeringa har sett i gang, er å tildele midlar til barnehagelærarutdanningane for at dei kan samarbeide med kommunar og private barnehagar om å rekruttere fleire studentar.
Våren 2025 fekk fem utdanningsinstitusjonar éin million kroner kvar til rekrutteringstiltak. No får også resten av dei åtte utdanningsinstitusjonane som tilbyr barnehagelærarutdanning midlar.
– Barnehagelærarar har ein av samfunnets aller viktigaste jobbar. Grunnlaget for moglegheitene til barna seinare i livet blir forma her. Skal vi få fleire til å velje ei barnehagelærarutdanning må vi løfte fram kor avgjerande og meiningsfull denne utdanninga og dette yrket er, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Desse utdanningsinstitusjonane får midlar no:
- Universitetet i Innlandet – 1 mill. kroner
- Høgskolen i Østfold – 1 mill. kroner
- Høgskulen på Volda – 1 mill. kroner
- Høgskulen på Vestlandet – 1 mill. kroner
- Universitetet i Agder – 1 mill. kroner
- Dronning Mauds Minne høgskule – 1 mill. kroner
- NLA Høgskolen – 1 mill. kroner
- Samisk høgskole – 200 000 kroner
Søkertala i år viste ein oppgang på lærarutdanningane for grunnskulen, men ein nedgang på 15,8 prosent til barnehagelærarutdanningane.
– Vi har teke målretta grep for å auke rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga, og det har gitt resultat. No må vi også motivere fleire til å søke barnehagelærarutdanninga. Universiteta og høgskulane speler ei nøkkelrolle i dette arbeidet, saman med kommunar og private barnehageeigarar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Regjeringa har også styrka eit av dei mest treffsikre tiltaka, som er å gi dei som allereie jobbar i barnehagane – men ikkje har barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning – tilbod om å utdanne seg til barnehagelærarar (ABLU). For neste år prioriterer regjeringa midlar som vil gi nær 500 nye studieplassar. Dei aller fleste som tek dette studiet, både fullfører utdanninga og blir verande i yrket.
1,8 milliardar til betre bemanning
Den siste TALIS-undersøkinga viser at ni av ti tilsette i barnehagen trivst, men at store barnegrupper og høgt sjukefråvær skaper stress i arbeidskvardagen.
I budsjettavtalen med Sp, Raudt, SV og Mdg blei det semje om å sette av 600 millionar kroner meir til ekstra bemanning i barnehagar. Dermed er det i 2026 prioritert til saman 800 millionar kroner til fleire tilsette. Midlane kan til dømes nyttast til å tilsette ekstra personale, som assistentar, fagarbeidarar eller barnehagelærarar. Eller andre tiltak som kan avlaste bemanninga, slik som ein kjøkkenassistent.
– Eg er veldig glad for at vi saman med dei fire partia SV, Mdg, Sp og Raudt har blitt samde om ei kraftfull satsing på bemanning i barnehagane. Det er eit viktig grep for å halde på dei flinke folka som jobbar med dei yngste ungane våre, og for å kunne rekruttere fleire til barnehagelæraryrket, seier Nordtun.
I tillegg har regjeringa også prioritert:
- 216,6 millionar kroner for å føre vidare tilskotsordninga for auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område.
- 800 millionar kroner i frie inntekter til kommunane med ei tydeleg oppmoding om at midlane skal brukast til bemanning i barnehagane.
Det betyr meir enn 1,8 milliardar kroner til saman til bemanning i 2026.