Statsbudsjettet 2026
782 millionar kroner til flaum- og skredførebygging
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 782 millionar kroner til NVEs arbeid med sikringstiltak og andre førebyggjande tiltak mot flaum- og skredskadar i 2026. I tillegg blir det lagt til rette for at Nesbyen sentrum kan sikrast mot flaum.
Auke i løyvinga til flaum- og skredførebygging:
Regjeringa foreslår å bruke 782 millionar kroner til flaum- og skredførebygging i 2026. Det er ein auke på 180 millionar kroner frå saldert budsjett 2025.
Kva skal pengane brukast til?
Midlane skal gå til sikringstiltak, kartlegging, fjellskredovervaking, auka saksbehandlingskapasitet og betre varslingstenester.
Krise- og hastetiltak:
Regjeringa foreslår også å løyve 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak etter flaum- og skredhendingar.
Tiltak i Nesbyen:
Regjeringa foreslår å auke fullmakta til NVE, slik at NVE kan inngå kontraktar på 300 millionar kroner for å leggje til rette for flaumsikring av Nesbyen sentrum etter ekstremvêret Hans.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av Energidepartementet før publisering.
– Meir ekstremvêr aukar farane for flaum og skred. Å styrkje førebygging vil redusere framtidige kostnader som følgje av naturskade. NVE hjelper kommunane i dette viktige arbeidet for å sikre samfunnet og auke tryggleiken for folk, seier energiminister Terje Aasland.
Løyvingane som er foreslått til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) utgjer til saman ein auke på 180 millionar kroner til arbeidet med flaum- og skredførebygging, samanlikna med saldert budsjett 2025. Auken omfattar 147 millionar kroner til sikringstiltak, kartlegging og fjellskredovervaking og 33 millionar kroner til auka saksbehandlingskapasitet og forbetring av varslingstenestene.
Forslaget frå regjeringa inkluderer i tillegg ei løyving på 150 millionar kroner til oppfølgjande krise- og hastetiltak etter flaum- og skredhendingar.
Hastetiltak i Nesbyen
Nesbyen blei hardt ramma av ekstremvêret Hans i 2023. Regjeringa foreslår no å auke fullmakta til NVE i 2026, slik at NVE kan inngå kontraktar på 300 millionar kroner for å leggje til rette for flaumsikring av Nesbyen sentrum.
– No får NVE grønt lys til å gjennomføre sikringsarbeidet i Nesbyen, som er ein føresetnad for at dei fleste av dei evakuerte familiane kan flytte heim igjen. Eg håpar at dette arbeidet kan starte så tidleg som mogleg, seier Aasland.