– Regjeringa styrker barnevernet for å sikre at barn i barnevernet får den hjelpa og omsorga dei treng. Løyvinga skal mellom anna bidra til at vi får fleire institusjonsplassar, betre institusjonsplassar og fleire fosterheim, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Dette er tiltaka regjeringa no varslar:

  • 552 millionar kroner meir til det statlege barnevernet for å handtere auka prisar og løyvinga til private rammeavtaler for å vareta bistandsplikta, og sikre langsiktig kapasitetsbygging. Dette skal bidra til å møte behova til barna med store og samansette behov og redusera einskildkjøp i framtida. Det skal òg etablerast fleire statlege institusjonsplassar for barn med store og samansette behov.
  • 58 millionar kroner til pilotering av ei ny innretting av institusjonsbarnevernet, med større innslag av tverrfagleg kompetanse frå barnevern og helse.
  • 20 millionar kroner til å prøva ut ein pilot i barnevernsinstitusjonar for å styrke tilbodet innanfor eksisterande institusjonar for barn med gjentakande eller alvorleg kriminalitet.
  • 26 millionar kroner til oppbygging av MST-tilbod (Multisystemisk Terapi), som ein del av satsinga på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.
  • 20 millionar kroner til kriminalitetsforebyggande foreldrestøttande arbeid, for å styrke foreldra slik at dei kan vareta sitt foreldreansvar og vere gode omsorgspersonar for sine barn.
  • 114 millionar kroner til å styrke fosterheimsområdet, herav 50 millionar kroner for å sikre fosterheimar betre oppfølging. Det skal gå mellom anna til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane i deira arbeid med fosterheim og styrkje tilskotsordning for læringnettverk, slik at fleire kommunar kan etablere felles fosterheimstilbod og tiltak for auka bruk av familieråd. 64 millionar kroner skal gå til å sikre fosterforeldre tenestepensjon. Det skjer ved å auke rammetilskotet til kommunane for å kompensere kommunane for forventa meirutgifter til tenestepensjon til fosterforeldre. Målet er å rekruttera fleire fosterforeldre som vil stå i oppdraget over tid, og gi meir ro og stabilitet for barna.
  • 28 millionar kroner til å oppdatere sakshandsamingssystemet i det statlege barnevernet, for å gi auka tilgang på naudsynt styringsinformasjon, analysedata og digitale løysingar.

– Disse tiltaka skal bidra til å sikre at barn og unge i barnevernet får riktig hjelp og omsorg, til rett tid, og sørge for at barna og ungdommane i barnevernet får ein trygg oppvekst, seier Toppe.