Viktige forenklingsforslag

Forenklingsutvalets forslag er eit svært viktig steg på vegen mot enklare offentlege innkjøp, meiner næringsminister Monica Mæland.

Forenklingsutvalets forslag er eit svært viktig steg på vegen mot enklare offentlege innkjøp, meiner næringsminister Monica Mæland.

 Næringsminister Monica Mæland mottok rapporten fra Inger Roll-Matthiesen i Forenklingsutvalget

Næringsminister Monica Mæland tok imot rapporten frå leiar Inger Roll-Matthiesen i Forenklingsutvalet (Foto: Nærings- og fiskeridepartementet).

- Dårlege offentlege innkjøp kostar både staten og næringslivet dyrt. Regjeringa arbeider no med å forenkle reglane. Forenklingsutvalet bidreg med viktige innspel i dette arbeidet, seier næringsminister Monica Mæland.

Næringsministeren tok i dag imot NOU-rapporten ”Enklere regler – bedre anskaffelser” frå Forenklingsutvalet.

- Rapporten er eit svært viktig steg på vegen mot eit enklare regleverk. Det offentlege kjøper inn for rundt 400 milliardar kroner årleg. Vi ønskjer at så mange som mogleg forstår og kan delta i konkurransar om offentlege kontraktar. Målet er at næringslivet og det offentlege brukar mindre tid på kompliserte reglar og meir tid på verdiskaping, seier Mæland.

Forenklingsutvalet vart sett ned i desember 2012. Utvalet har sett på dei særnorske innkjøpsreglane, det vil seie for offentlege kontraktar under ein million kroner/1,6 millionar kroner for varer og tenester (40 millionar kroner for bygge- og anleggskontraktar).

Dei viktigaste forslaga i rapporten er:

  • Slutt på forhandlingsforbod: I dag blir mange innkjøp gjennomførde ved anbodskonkurransar. Tilbodet kan ikkje endrast etter at fristen har gått ut, og dette fører til dårlege kontraktar. Stat og kommunar brukar store summar på feilslåtte bestillingar av varer og tenester. Forslaget betyr at det no blir mogleg for oppdragsgivarar og leverandørar å snakke saman etter tilbodsfristen, og tilpasse tilboda slik at kontraktane blir så gode som råd er. 
  • Mindre papir: Krav om full dokumentasjon skal gjelde berre for vinnaren. I dag blir det ofte stilt omfattande krav til dokumentasjon.
  • Meir digitalisering: All kommunikasjon skal på sikt føregå elektronisk.
  • Brukar kan påverke: Utvalet foreslår nye reglar for helse- og sosialtenester. Forslaget inneber mellom anna at sluttbrukaren får innverknad på kva for leverandør som skal få kontrakten.

Utgreiinga vil bli send på høyring så snart som mogleg etter overrekkinga.

Forenklingsutvalet har vore samansett slik:

Inger Roll-Matthiesen, advokat, Oslo (leiar).

Dag Strømsnes, avdelingsdirektør i Difi, Oslo.

Kurt Richard Brekke, professor i økonomi ved Noregs Handelshøgskole, Bergen.

Gro Amdal, advokat og medlem av Klagenemnda for offentlege innkjøp (Kofa), Stavanger.

Lars Johan Frøyland, logistikk- og innkjøpssjef i Helse Vest, Stavanger.

Kristine Vigander, advokat i KS, Oslo.

Arnhild Dordi Gjønnes, advokat i NHO, Oslo.

Henrik Renner Fredriksen, advokat i Hovedorganisasjonen Virke, Oslo.

Marianne Breiland, rådgivar i LO, Oslo.

Helmuth Liessem, generalsekretær i Kirkens sosialtjeneste, Oslo.

 

Vil du lese rapporten?