– Digitalt utstyr vi bruker i heimen skal vere trygt og ikkje utsett for misbruk og digitale angrep, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

I takt med digitaliseringa og all kopling av forskjellig utstyr til internett, blir behovet for cybersikkerheitskrav stadig viktigare. Arbeiderpartiregjeringa innførar no nye reglar for å sikre at ulike typar utstyr som brukar radiokommunikasjon oppfyller grunnleggjande krav til cybersikkerheit, i tråd med EØS-avtalen.

– Det er viktig at vi er trygge på at digitalt utstyr vi bruker heime er sikkert. Produsentar og importørar må følgje dei nye reglane og standardane og sikre at alle nye produkt er i tråd med dei nye krava, seier Tung (Ap).

Dei nye cybersikkerheitskrava er mellom anna knytte til nye krav til innlogging, oppdatert programvare og brukardokumentasjon. Det er nye krav til både design, utvikling og produksjon. Hensikten er å gjere det vanskelegare for andre å få tilgang og misbruke utstyret.

Eksempel på produkt som omfattast av dei nye krava er smartklokker, robotstøvsugarar, trådlause høgtalarar, babycall, smarthussystem og røykvarslarar, men også automatiske bomsystem, ladesystem for elbil, radarar og anna utstyr som kan kommunisere trådlaust over internett. 

Dei nye krava gjeld utstyr som blir produsert frå 1. august 2025. Varer som er lagerførte før denne datoen, kan framleis seljast i butikkane.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som har ansvar for å føre tilsyn med denne typen elektronisk utstyr i Noreg. Frå hausten vil all marknadskontroll sjåast opp mot dei nye EØS-krava – som skal motverke cyberangrep, svindel og misbruk av personopplysningar.

– Norske forbrukarar bør tenkje over risikoen ved å kjøpe slikt utstyr frå utlandet, det er som regel tryggare å kjøpe slikt utstyr i ein norsk butikk, seier Tung.

Du kan lese meir om dei nye krava her.