Presseinvitasjon
Artsdatabanken presenterer ny oversikt over truga natur i Noreg
Nyheit | Dato: 20.11.2025 | Klima- og miljødepartementet
Den norske naturen er under press. No er nesten 1000 naturtypar risikovurderte: Kva natur står i fare for å forsvinne, og kva er dei største påverknadsfaktorane?
Artsdatabanken presenterer den nye raudlista for naturtypar, eit viktig verktøy for forvaltning av norsk natur.
Tid: Onsdag 26. november kl. 09:00–10:00.
Stad: Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20, 0153 Oslo.
Program
- Innleiing ved statssekretær Astrid Willa Eide Hoem
- Om Raudlista for naturtypar v/ direktør i Artsdatabanken, Janne Bohnhorst
- Overrekking av Raudlista for naturtypar til statssekretæren
- Risikovurderingar og sentrale funn v/ prosjektleiar Lise Hatten, Artsdatabanken
Enkel servering frå 08:15.
Påmelding for journalistar
Om du ønskjer å delta fysisk på arrangementet, må du melde deg på ved å sende en e-post til kommunikasjonsrådgivar i Klima- og miljødepartementet Siv Fjørtoft innan måndag 24. november kl. 12.
Du kan òg sjå arrangementet digitalt på denne sida.
Møt opp i god tid før start. Alle besøkjande som skal inn i departementet, må leggje fram gyldig legitimasjon.
Følgjande legitimasjon er godkjend:
- Norsk pass
- Norsk nasjonalt ID-kort
- Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID)
- Utanlandske pass
- Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk)
- Europeiske identitetskort (Identity card)
Om du skal ha med kamerautstyr og bagasje inn i departementet, må du gi oss beskjed om det ved påmelding.
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO). Videofila kan også lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post: dio-lydogbilde@dio.dep.no
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.