Mange innbyggjarar slit med å bruke digitale tenester i kvardagen. Tilskotet til kommunane skal gjere det enklare å tilby folk med lite digital kompetanse eller erfaring hjelp til å bruke digitale tenester.

Opplæringa skal gi innbyggjarane det dei treng for å logge inn i alt frå nettbanken til tenester fra NAV eller Helsenorge.

- Regjeringa er oppteken av at fleire innbyggjarar blir gitt høve til å delta i det digitale samfunnet vårt. Vi har sett eit ambisiøst mål i digitaliseringsstrategien om at 95 prosent av befolkninga skal ha grunnleggjande digitale ferdigheiter i 2030. For å nå dette målet må fleire kommunar tilby opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Det er Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) som deler ut tilskotet på åtte millionar kroner etter søknad frå kommunane.

-Digdir skal leggje til rette for auka digital inkludering gjennom betre samordning mellom offentlege forvaltningsnivå, og skal følgje opp handlingsplanen for auka inkludering i eit digitalt samfunn. For at alle skal kunne delta, må vi gjere digital opplæring meir tilgjengeleg. Målet er ein enklare digital kvardag for alle, seier Digdirs avdelingsdirektør Guri Lande.

Desse søkjarane får i år tildelt tilskot for å setje i verk tiltak for digital opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine. Totalt fekk Digdir 67 søknader.

Kommune

Søknadsbeløp

Tildelt tilskudd

Alta kommune

400 000

400 000

Bergen kommune

1 200 000

1 200 000

Bokn kommune

250 000

250 000

Eidsvoll kommune

267 000

267 000

Flå kommune

180 000

180 000

Fredrikstad kommune

1 000 000

1 000 000

Haugesund kommune

150 000

150 000

Kongsberg kommune

860 000

860 000

Løten kommune

180 000

180 000

Narvik kommune (bibliotek)

170 000

170 000

Sokndal kommune (bibliotek)

144 000

144 000

Stad kommune (Eid frivilligsentral)

 

350 000

350 000

Stjørdal bibliotek

613 040

559 000

Sveio kommune (bibliotek)

160 000

160 000

Søndre Land kommune

250 000

250 000

Trondheim kommune

600 000

600 000

Ullensvang kommune

980 000

980 000

Øksnes kommune

300 000

300 000

Til samman

 

8 000 000

Det er i fleire år kunngjorde tilskot retta mot etablering av Digihjelpen-tilbod i kommunane. Arbeidet med Digihjelpen skjer i eit samarbeid mellom regjeringa og KS. Meir enn hundre kommunar har mot teke økonomisk støtte for å etablere eit Digihjelpen-tilbod. KS tilbyr råd og hjelp til kommunar som ønskjer å utvikle og etablere eit rettleiingstilbod i grunnleggjande

digital kompetanse for innbyggjarane. Her kan dei ansvarlege i kommunane finne tips og råd om korleis dei kan utvikle og etablere eit kommunalt rettleiingstilbod:

www.digihjelpen.no