– Mangel på kvalifisert arbeidskraft er ei aukande utfordring, ikkje minst i mange distriktskommunar. For å betre tilgangen på kompetent arbeidskraft i heile Noreg, må meir av utdanningstilbodet skje også utanfor dei etablerte studiestadene, seier kommunal og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Satsinga inneber mellom anna tilskot til studiesenter som gjer utdanning lettare tilgjengeleg for alle – uansett bustad, alder og arbeidsplass. Løyvinga skal òg bidra til auka mobilisering til utdanning og metodar for å kvalifisere fleire som i dag står utanfor arbeid, inn i arbeidslivet.

– Meir desentralisert utdanning er viktig. Det gjer at folk får eit betre tilpassa utdanningstilbod. Det skal dei kunne få sjølv om dei bur langt frå etablerte studiestader. Desentraliserte utdanningstilbod kan gjera det lettare å kombinere utdanning med arbeid og familieliv, seier Sande.

Den forsterka kompetansesatsinga skal forvaltast av fylkeskommunane; Fylkeskommunane har allereie ansvaret for den regionale kompetansepolitikken. og medverker til betre samsvar mellom etterspørsel etter arbeidskraft og tilbod av utdanning og kompetanse i eige fylke.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no