Auka satsing på kultur internasjonalt

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt lanserer ei ordning som skal bistå norske kunstnarar og kulturaktørar i å lukkast i utlandet. Dette er eit første steg i ei auka satsing på kultur internasjonalt.

Eit eige program skal bidra til å profesjonalisere norske kunstnarar i møte med dei rette internasjonale aktørane. Ordninga blir lansert saman med organisasjonane i Norwegian Arts Abroad-nettverket.

- Vi aukar no satsinga på å fremme norsk kultur internasjonalt. Utanriksstasjonane og samarbeidspartnarane våre i dei sju organisasjonane i Norwegian Arts Abroad-nettverket skal opne internasjonale arenaar for norske kunstnarar. Vi skal satse i Norden, Tyskland, Frankrike, Storbritannia og USA, samtidig som dei store og delvis nye marknadane i Asia er viktige. Dette betyr auka midlar til internasjonale prosjekt, reiser og marknadsføring for norske utøvarar, og for å få internasjonale kulturaktørar til Noreg. Norsk kunst og kultur skal vere synleg på dei viktigaste internasjonale kulturelle arenaane som kunst- og arkitekturbiennalane i Venezia, designmessa i Milano, filmfestivalen i Toronto og bokmessa i Frankfurt, i tillegg til toneangivande og nyskapande mindre arenaar, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

- Vi har eit mål om at eksporten skal opp innan 2030. Ambisjonen vår er at kultureksporten skal vere del av dette. Det skal vårt nye tverrfaglege kompetanseprogram bidra til, seier ho. 

Utanriksdepartementet føreslår å styrke si finansiering av kulturlivet sine aktivitetar i utlandet med 8,6 millionar kroner for neste år. Etter koronapandemien har norsk kulturliv behov for eit internasjonalt løft, som skal gi fleire internasjonale oppdrag. 

- Vårt mål er ein kultur å leve av og for, seier kulturminister Anette Trettebergstuen. Vi skal legge til rette for at kunstnarar og kulturarbeidarar får betre rettar, vilkår og økonomi. Her er det internasjonale avgjerande. Internasjonale aktivitetar og samarbeid gir auka inntekter og utviklar kunst og kultur av høg kvalitet i heile Noreg.  Vi satsar no stort på eit skikkeleg internasjonalt løft for norsk kultur. 

Utanriksdepartementet støttar det nye tverrfaglege pilotprogrammet for å få norsk kunst og kultur ut internasjonalt med 2,3 millionar kroner. Kompetanseprogrammet skal auke norsk kultureksport og er i regi av organisasjonane i Norwegian Arts Abroad-nettverket. Sju prosjekt, eitt frå kvar kunstdisiplin, er valde ut av ein internasjonal jury. Deltakargruppene består av éin norsk kunstnar og ein agent som arbeider med eit spesifikt kreativt prosjekt. Deltakarane får felles opplæring i presentasjonsteknikk, marknadskunnskap, digital marknadsføring og internasjonale lanseringar av norske og internasjonale ekspertar. I tillegg vil kunnskapsutveksling på tvers av fagfelta vere nyttig for å få norsk kunst ut internasjonalt.

Dei utvalde deltakarane er Amund Sjølie Sveen/Inger-Marie Lupton med prosjektet Nordting Pan-Arctic (scenekunst), Jenny Kinge/Jennie Hagevik Bringaker med Femtensesse (visuell kunst), Maria Brinch/Elephant Kunsthall med Atlas on Iron (kunsthandverk), Victoria Kielland/Winje Agency med My Men (litteratur), Ellen Ugelstad/Tonje Alice Madsen med The Recovery Channel (film), Bendik Giske/Sofie B. Ringstad med Breathe (musikk) og Jenkins & Uhnger/Nuen med Minus (design).