– For Arbeiderpartiregjeringa er det viktig å ta vare på kulturarven vår. Kyrkjebygga er ein viktig del av den. Kyrkjebygga er også ein viktig samlingsarena for både truande og ikkje-truande i lokalsamfunn over heile landet, både til kvardags og fest, og som ein viktig beredskapsarena når krise rammar, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Framlegget til løyving på 527,4 millionar kroner til tilskotsordninga i 2027, inneber ein auke på 127,4 millionar kroner samanlikna med løyvinga i 2026. Pengane skal gå til vidareføring og ferdigstilling av prosjekt som fekk tilsegn om tilskot i perioden 2024–2026 og til nye for- og hovudprosjekt som får tilsegn i 2027.

– Vi er no i gang med eit stort, nasjonalt løft for å bevare kyrkjebygningane. Kyrkjebevaringsfondet representerer den største statlege satsinga på kulturminne i Noreg, med ei samla ramme på ti milliardar kroner til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg i programperioden, seier Vågslid.

Vedlikehaldsetterslepet er stort, og føringane for arbeidet med istandsetjing av kyrkjene skal gjennomførast innanfor rammene av bevaringsstrategien og tilskotsforskrifta.

Det er programsekretariatet og -styret for Kyrkjebevaringsfondet som forvaltar tilskotsordninga. Programsekretariatet er administrativt lagt til Riksantikvaren, men har óg tilsette frå Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA.