-  Dagens vern av Hornøya vart laga for ei tid utan masseturisme. Det skal framleis vere mogleg å tilby turistar flotte naturopplevingar på øya, men det må skje i organiserte former. Med desse endringane legg vi til rette for både lokal verdiskaping og betre vern av sjøfugl, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Lunde på vestsiden av Hornøya. I bakgrunnen ser du radaranlegget til Forsvaret på selve Vardøya
Den sterkt truga lundefuglen er ein av artane som har Hornøya som viktig hekkeområde. Foto: Johannes Abildsnes, Statsforvalteren i Troms og Finnmark

Bakgrunn

Hornøya og Reinøya naturreservat vart verna i 1983. Hornøya er eit viktig hekkeområde for trua sjøfugl. Døme på dette er lomvi og polarlomvi (kritisk trua), havhest, krykkje og lunde (sterkt trua) og alke (sårbar). I hekketida finn dei seg partner, bygger reir, rugar egg og oppforstrar fugleungar . I sjøen rundt Hornøya finn fuglane mat til seg og fugleungane.  

Dei seinare åra har hekkande par på Hornøya fått stadig færre fugleungar på vengene.. Ein av årsakene til dette er at stadig fleire turistar besøker Hornøya. Feltstudiar viser at ferdsel på land og sjøen i naturreservatet skremmer fuglane bort frå viktige hekkeområde og næringssøk i sjøen.

Nye reglar i Hornøya og Reinøya naturreservat

For å betre situasjonen for sjøfugl innfører regjeringa frå i dag strengare reglar for ferdsel og turisme i hekketida (15. februar – 15. august), mellom anna:

  • Eit generelt forbod mot all ferdsel og aktivitet i sjøen.
  • Unntaket som opnar for fri ferdsel i sone nedanfor fuglefjellet og på tursti gjennom fuglefjellet blir oppheva.
  • Statsforvaltaren kan etter søknad gi løyve til aktørar som tilbyr persontransport med båt til flytebrygga ved fuglefjellet, og videre guida ferdsel til fots på land i merka sone og merka tursti.
  • Turistane kan ikkje ferdast utan i følgje med guide som har fått løyve i desse områda.
  • Operatør som får løyve kan gjennomføre fire turar dagleg, innafor tidsrommet kl. 0900 – 1700.

Aktørar som vil tilby persontransport og guiding må sende Statsforvaltaren i Troms og Finnmark søknad innan 1. desember året før løyvet skal gjelde for. Statsforvaltaren behandlar slike søknader. Vardø kommune er forvaltningsmyndigheit for andre reglar i verneforskrifta og naturmangfaldlova kapittel V.

Det blir ikkje krav om søknad for ferdsel med båt til Landingen og vidare ferdsel frå Landingen til Vardø fyr. Traseen for dette er markert i vernekartet. Turistar som besøker fyret via Landingen skal primært returnere same veg, og kan ikkje gå gjennom fuglefjellet utan i følgje med guide som har fått løyve.

Det vil i hekketida framleis vere forbod mot å ferdast på land utanom dei kartfesta sonene som verneforskrifta opnar for ferdsel i.  Utanom hekketida gjeld ikkje forbod mot ferdsel i sjøen og på land, men det kan vere reglar om ferdsel i sjøen etter andre lover.

Året rundt gjeld framleis viktige generelle forbod i heile naturreservatet, som forbodet mot mot å slå opp telt, skade eller forstyrre fuglar, reir og egg.

Dokument

Foredrag til kongeleg resolusjon

Endringsforskrift (pdf)

Vernekart (pdf)

Gjeldande verneforskrift (Lovdata)

 

Kva betyr det at ein art er vurdert som «trua» i Norsk rødliste for arter?

Artar i kategoriane kritisk trua, sterkt trua og sårbar, er alle definert som trua artar.  Artar kan bli vurdert som trua etter fleire kriterium. Dei viktigaste er:

Kritisk trua blir brukt når det er ekstremt høg risiko for (50 % sannsynleg) at arten døyr ut innan tre generasjonar eller 10 - 100 år.

Sterkt trua blir brukt når det er svært høg risiko for (20 % sannsynleg) at arten døyr ut innan fem generasjonar eller 20  – 100 år.

Sårbar blir brukt når det er høg risiko for (10 % sannsynleg) at arten døyr ut innan 100 år.

Kjelder:

Artsdatabankens rettleiar til raudlistevurdering

Artsdatabankens oversikt over kriteria for bruk av norsk raudlisting av artar