Statsbudsjettet 2019

Biodrivstoff skal ha god klimaeffekt

Regjeringa ønskjer å auke bruken av avansert biodrivstoff med god klimaeffekt og å redusere bruken av biodrivstoff som er avskogingsdrivande.

Regjeringa har sett seg ambisiøse mål for å redusere klimagassutsleppa våre, og utsleppa frå transportsektoren skal halverast innan 2030. For å oppnå dette satsar regjeringa på å redusere transportbehovet, og på å innfase nullutsleppsløysingar. Biodrivstoff er óg ein del av løysinga for å nå måla om reduserte utslepp frå transportsektoren.

Regjeringa vil bruke meir avansert biodrivstoff og bygger opp under norsk produksjon

Regjeringa er svært opptatt av at bruken av biodrivstoff skal ha god klimaeffekt, og vi ønsker minst moleg bruk av konvensjonelt biodrivstoff, for eksempel biopdrivstoff fra palmeolje. Vi er i likhet med mange andre bekymret for at indirekte arealbrukseffekter fra produksjon av biodrivstoff fører til avskoging.

Regjeringa varslar i statsbudsjettet at det skal innførast eit omsettingskrav på 0,5 prosent avansert biodrivstoff til luftfart frå 2020. Miljødirektoratet har rekna ut at dette vil gi ei reduksjon i globale klimagassutslepp på 14 000 tonn CO2-ekvivalentar. Gjennom å utsette innføringen til 2020 og å varsle dette i god tid får bransjen forutsigbarheit og tid til å tilpasse seg.

– Biodrivstoff er ein del av løysinga for å redusere utsleppa frå transportsektoren, særleg innanfor sektorar som luftfart, kor elektrifiseringa ligg lenger fram i tid. Samtidig varierer klimaeffekten frå biodrivstoff mellom råstoff. Vi må innrette verkemidla slik at det biodrivstoffet som blir brukt i Noreg har god og sikker klimaeffekt i eit globalt perspektiv, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

– Derfor stiller no krav til at det skal nyttast avansert biodrivstoff når vi foreslår eit omsettingskrav for luftfart. Vi ser òg nærare på om det er mogleg å auke kravet om meir avansert biodrivstoff til vegtransport.

- Når regjeringa vektlegg avansert biodrivstoff, bygger dette opp under norske planar om å produsere meir avansert biodrivstoff frå skog. Ved å sikre at det finst ein marknad for alternative drivstoff til luftfart legg vi til rette for teknologiutvikling og næringsutvikling i Noreg, seier Elvestuen.

Norsk produksjon av avansert biodrivstoff er per i dag begrensa. Borregaard i Sarpsborg produserer 20 millionar liter. Men det ligg føre spennande planar for auka produksjon. Biozin planlegg ein fabrikk på Åmli. St1 saman med Treklyngen og Viken Skog planlegg ein fabrikk på Follum, og Silva Green Fuel planlegg å starte produksjon på Tofte. 

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å arrangere eit innspelsmøte med bransjen for å kartlegge moglegheita for å auke kravet om avansert biodrivstoff i åra framover. Regjeringa vil óg fram mot 2020 vurdere om det skal innførast vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetningskravet, inkludert ei mogleg differensiering av avgifta.

Regjeringa vil gi betre informasjon til forbrukarar

Norske forbrukarar treng god informasjon om dei skal velje grøne løysningar og klimavenlege produkt. Regjeringa vil sjå nærare på korleis folk kan få bedre informasjon om klimaeffekten av biodrivstoff. Dette kan mellom anna gjerast gjennom miljømerking, informasjon på drivstoffpumper, på nettsider eller i ein kombinasjon av slike ordningar.

– Vi veit at forbrukarmakt verkar, det har vi sett mange tilfelle på tidlegare. Vi ønskjer å gi forbrukarane sjansen til å ta gode forbrukarval også når det gjeld biodrivstoff, seier Ola Elvestuen.

Omtrent alt biodrivstoff som vert omsett i Noreg oppfyller EU sine berekraftskriterium, som krever at biodrivstoffet ikkje har direkte forårsaka avskoging i produksjonen. Men biodrivstoff frå råstoff som òg kan brukast til mat, særleg palmeolje, er forbunde med risiko for indirekte arealbruksendringar gjennom auka behov for landområder, som leier til avskoging. EU sine berekraftskriterium omfattar per i dag ikkje slike effektar. Noreg sin posisjon opp mot EU har vært at slike effektar skal tellast med.

Regjeringa føl opp Stortinget sine fire oppmodningsvedtak om berekraftig biodrivstoff

Stortinget gjorde 2. juni i fjor fire vedtak for å sikre at biodrivstoffet som vert omsett i Noreg er så berekraftig som mogleg. I budsjettproposisjonen for Klima- og miljødepartementet for 2019 gjer regjeringa greie for oppfølginga av desse fire vedtaka.

Stortinget har bedt regjeringa om å ta kontakt med ESA for å undersøke moglegheita til å stille krav om at alt biodrivstoff skal oppfylle EU sine berekraftskriterium. Regjeringa har hatt kontakt med ESA om saken. På bakgrunn av ESA si tilbakemelding er regjeringa si vurdering at det ikkje er mogleg å stille krav om at alt biodrivstoff som vert omsett i Noreg skal vere berekraftig. Problemstillinga som Stortinget tar opp i dette vedtaket er imidertid ikkje akutt i dag, då tilnærma alt biodrivstoff omsett i Noreg oppfyller bærekraftskriteria.

I eit anna vedtak har Stortinget beden regjeringa om å vurdere handlingsrommet for ulike verkemiddel for å fremme avansert biodrivstoff. Regjeringa er svært opptatt av å auke bruken av avansert biodrivstoff. Innføring av omsetningskrav for avansert biodrivstoff til luftfart og auke av kravet om avansert biodrivstoff til vegtransport er nokre eksempel på dette. Regjeringen støtter også ny innovativ teknologi for produksjon av anavasert biodrivstoff gjennom Enova.

Stortinget bad óg regjeringa om å forby palmeoljebasert biodrivstoff i offentlege anskaffingar. Regjeringa meiner at myndigheitene når dei gjennomfører sine anskaffingar i størst mogleg grad skal velje grøne løysingar og produkt. Biodrivstoff i offentlige anskaffingar skal derfor óg ha god klima- og miljøeffekt.

Regjeringa si vurdering er at det er usikkert korleis eit forbod i offentlege anskaffingar ville ha innverka på den totale omsetjinga av biodrivstoff frå palmeolje i Noreg. Eit forbod ville heller ikkje ha hindra at det vart omsett biodrivstoff frå andre problematiske råstoff. Klimaeffekten av å innføre eit forbod mot palmeolje i offentlege anskaffingar er dermed usikker.

Tiltak som rører ved handel med andre land, som eit eventuelt forbod mot palmeolje, må også vurderast i forhold til våre forpliktingar etter EØS-avtalen, WTO-avtalene og våre andre handelsavtalar. Advokatfirmaet Thommessen AS har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utgreia kva slags handlingsrom desse avtalane gir oss til å fastsette eit forbod som det Stortinget har bedt om. Utgreiinga bekreftar at det er tvil om eit forbod vil vere lovleg etter EØS-avtalen og WTO-avtalane. Den viser òg at det er høg risiko for prosessar som vil utfordre forbodet.

Det er derimot opning i anskaffingsregelverket for at oppdragsgivarar i ei konkret anskaffing kan stille krav som går ut over eigenskapane til produktet og som angår produksjonsforhold. Dette er ein ny regel, og det trengs derfor nærare anskaffingsfagleg rettleiing. Regjeringa si vurdering er at det er meir føremålstenleg å følge opp Stortinget sitt vedtak gjennom å utnytte dei moglegheitene som ligg i eksisterande lovverk og som det ikkje er tvil om er lovlege.

Klima- og miljødepartementet har no derfor gitt Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag å utvikle rettleiing for offentlege oppdragsgivarar som ønsker å unngå biodrivstoff som har risiko for avskoging.

- Ei styrking av rettleiinga for offentlege oppdragsgivarar som ønskje å unngå biodrivstoff som har risiko for avskoging, legg til rette for at det offentlege vel biodrivstoff med god klimaeffekt, seier Ola Elvestuen.

Regjeringa blei óg bedt om å ta initiativ til at det vert etablert ein bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt og ha høgare klimaeffekt enn EU sine berekraftskriterier. Det er grenser for kor langt myndigheitene kan gå i å initiere slike krav eller pålegg, og mange av dei same spørsmåla som er relevante for Stortingets vedtak om å innføre eit forbod mot palmeolje i offentleg kjøp er relevante også for dette vedtaket. Klima- og miljøministeren har gjennomført møter med drivstoffbransjen om biodrivstoff frå palmeolje som eit ledd i arbeidet med oppfølginga av dette vedtaket.

 

Utgreiinga frå Advokatfirmaet Thommessen kan lesast her.
Oppdragsbrevet til Difi kan lesast her.

Til toppen