Det vart auke for dei fleste husdyrproduksjonane, men nedgang for kornprodusentane. Også for frukt- og bærprodusentane gjekk jordbruksinntekt ned i 2020.  Den gjennomsnittlege kornbonden såg ein nedgang i jordbruksinntekt frå 334 400 kroner i 2019 til 227 200 i 2020.

I 2020 hadde produsentar av svin og korn den høgaste inntekta på 473 600 kroner i gjennomsnitt. På andreplass kom geitemjølkprodusentane med 440 100. Lågast var sauebøndene med 163 900 kroner i jordbruksinntekt.