COP28: Eit gjennombrot for mattryggleik

– Klimatoppmøtet i Dubai blei eit gjennombrot for arbeidet med klima og mattryggleik, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. For første gong fekk mat sin eigen dag på klimatoppmøtet, og erklæringa om matsystem er den tematiske erklæringa som flest land slutta seg til på toppmøtet.

For første gong sidan klimaforhandlingane starta, stod mat på programmet under årets klimatoppmøte, COP28, i Dubai. Under eitt av møta fortalde erfarne klimaforhandlarar korleis dei blei freista pressa ut for over ti år sidan fordi dei meinte mat høyrde heime på klimadagsordenen og at det blei organiserte kampanjar mot at mat skulle diskuterast.

– Mat, og måten vi produserer og distribuerer han på, er både ein del av problemet og ein del av løysinga på klimautfordringane våre.  Derfor er eg glad for at ei erklæring om mat og matsystem blei lagd frami Dubai, og dette er det dokumentet som har fått flest signaturar. Heile 153 land har skrive under. Eit stort gjennombrot, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Noreg har, saman med Brasil og Sierra Leone, teke på seg å leie ein ny allianse for matsystem som skal setje intensjonane i erklæringa ut i livet. At så mange land slutta seg til er viktig fordi løysingane må vere nasjonale. Noreg vil òg bruke alliansen til å løfte fram mat frå havet som både er sunt og har mindre utslepp.

– Eg vil gratulere Mariam Almheiri, klima- og miljøminister i Dei sameinte arabiske emirata, for det arbeidet ho har gjort for å setje mat på COP-dagsorden. Eg er topp motivert for å ta stafettpinnen vidare gjennom arbeidet i alliansen og gjennom samarbeidet Noreg skal ha med G-20 landa det neste året som gjesteland, seier Tvinnereim.

Parisavtalen er ein viktig helseavtale

Helse fekk for første gong ein eigen dag, og erklæringa til vertskapet på klima og helse fekk tilslutning frå 133 land, inkludert Noreg.  I takt med at jordkloden har blitt sjukare, har menneskes helse blitt påverka negativt. Erklæringa er tydeleg på at førebygging av globale helsekonsekvensar må skje med raske og varige reduksjonar i klimagassutslepp; inkludert rettferdig omstilling; lågare luftforureining; aktiv mobilitet og overgang til berekraftig matproduksjon og sunt kosthald. Parisavtalen er derfor ein av dei viktigaste helseavtalane i verda. Løysingar for rene kokeomnar er eitt av fleire område der klima og helse kryssar kvarandre, og Noregs investering på 200 millionar er ei investering i kvinners rett til helse - ein prioritet i utviklings- og utanrikspolitikken til Noreg.

Noreg slutta seg til ei erklæring om utdanning og klima på ein eigen sesjon om utdanning og oppvekst.  Noreg støttar den globale innsatsen for å byggje klimasmarte utdanningssystem. Det gjeld både skular, pensum, lærarutdanning og kapasitetsbygging.

Klimatilpassing

Den globale gjennomgangen var eit hovudtema for klimatoppmøtet og skal gi eit bilete på korleis verda ligg an til å nå måla i Parisavtalen. Eitt av temaa er klimatilpassing. Avgjerdene frå COP28 uttrykkjer uro for at finansieringa av klimatilpassing ikkje aukar i takt med behova. Noreg har lova å tredoble si støtte til klimatilpassing innan 2026 og lansert på COP28 ei rekkje avtalar som skal hjelpe dei som allereie står med begge beina i klimakrisa og der klimatilpassing er eit spørsmål om liv og død.

Noreg lanserte ein stor pakke på 500 millionar kroner til klimatilpassing inkludert vêr- og klimavarslingssystem og klimaforsikringsordningar. Eit bidrag på 100 millionar kroner til dei minst utvikla landa der tilpassinga hastar mest blei òg annonsert. I tillegg investerer Noreg 350 millionar i ‘usynlege resultat' gjennom FNs matvareprogram og deira arbeid for å betre kriseførebygging. I tillegg til nemnde avtalar, annonserte Noreg eit bidrag på 1 milliard kroner til ein ny 5-års periode for EAF Nansenprogrammet (2024–2028). Nansen programmet hjelper utviklingsland med å utvikle ei berekraftig og ansvarleg fiskeriforvaltning. Innhenting av data om marine ressursar og miljøet med forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen inngår som ein sentral del av programmet.

Byggjer tillit

Utviklingsministeren meiner årets klimatoppmøte, med ein utvida dagsorden, har vore avgjerande for å halde fram med å byggje tillit mellom det globale nord og det globale sør. Å få semje om eit dedikert fond for finansiering av tap og skade har vore eit krav frå det globale sør i fleire år. At dette kom på plass allereie første dag av COP28, laga plass til dei andre viktige temaa.

– Det er viktig for Noreg at det er landa og behova deira som står i sentrum når ein skal designe løysingane. For å få det til, må dagsordenen i landa få plass på dei globale arenaene som klimatoppmøte og det er landa sjølv som må bestemme kva som skal gjerast. Årets klimatoppmøte, frå eit tematisk perspektiv, har derfor vore eit viktig for tillitsbygging, avsluttar utviklingsministeren.