Historisk arkiv

CWD/skrantesjuke: Ber om konkret plan for reetablering av villreinbestand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag 23. juni gitt Mattilsynet tilbakemelding på saneringsplanen for uttak av villreinbestanden i Nordfjella sone 1, der det er påvist CWD/skrantesjuke.

Departementet har i hovudsak slutta seg til det føreslåtte opplegget for uttak av villreinen i Nordfjella sone 1, men bede Mattilsynet i samarbeid med Miljødirektoratet om, innan 15. oktober, å utarbeide ein meir konkret plan for korleis reetablering av villreinbestanden skal skje. 

Veterinærinstituttet har utvikla og driv utprøving av ei ny metode for CWD-diagnostikk, og har klart å påvise CWD frå ein levande rein i Nordfjella sone 1. 

– Eg vil gje ros til Veterinærinstituttet og dei fagfolka som har gjort det som ser ut til å kunne vere eit internasjonalt gjennombrot i diagnostisering av CWD, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.   

Departementet peiker på at det er viktig raskt å få god kunnskap om status for CWD i Nordfjella sone 2 og på Hardangervidda, ettersom det er frå desse områda det er lagt opp til at rekruttering av ny bestand skal skje. 

– Det er viktig å få best mogeleg oversikt over status i Nordfjella sone 2 og på Hardangervidda, før det planlagde uttaket i statleg regi startar på seinhausen. Eg har difor bede Mattilsynet om å vurdere omfanget av det prøveuttaket som skal skje i Nordfjella sone 2 og på Hardangervidda i haust. Eg har spesielt bede om at dei vurderer om dei også kan bruke den nye metoden for diagnostikk som Veterinærinstituttet har utvikla, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Departementet ber også om at saneringsplanen fortløpande blir evaluert og oppdatert ut frå ny kunnskap og erfaringar i samband med kartlegging og jakt. 

– Utforminga av saneringsplanen må fortløpande tilpassast ny kunnskap. Gjennom kartlegginga i haust vil vi truleg få endå betre kunnskap om situasjonen i Nordfjella sone 2 og på Hardangervidda, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

I brevet blir det òg peika på at det er viktig å involvere kommunane og andre lokale aktørar i den vidare oppfølginga. Miljødirektoratet har stilt midlar til rådvelde til ein koordinator for CWD-arbeidet i kommunane.