- Reglane i deltakarforskrifta for 2025 vert i all hovudsak ført vidare i 2026. Dette bidrar til å gje næringa stabilitet og føreseielege rammevilkår, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Avvikling av overgangsordning for minoritetseigarar som fangstar kongekrabbe i open gruppe

Prinsippet «ein person, ein båt, ein kvote» skal sikre ei rettferdig fordeling av kvotegrunnlaget mellom deltakarane i open gruppe. Kravet om at éin enkeltperson må vere majoritetseigar i eit fartøy, skal bidra til dette. Difor innførte departementet frå 2024 eit krav om at ein enkeltperson må vere majoritetseigar i fartøy som deltar i open gruppe i kongekrabbefisket. Departementet innførte samtidig ei overgangsordning for 2024 for fartøy som lovleg deltok i open gruppe i dette fisket i 2023 utan ein enkeltperson som majoritetseigar. Denne ordninga vart ført vidare i 2025, men departementet har no vedteke å avvikle ordninga med verknad frå 2026 av omsyn til konkurransesituasjonen innad i gruppa.

Deltakarregulering av fisket etter kveite

På bakgrunn av innspel frå fleire høyringsinstansar har departementet vedteke å utsetje innføring av deltakarregulering i kystfisket etter kveite. Departementet vil be Fiskeridirektoratet gjennomføre ei ny høyring tidleg i 2026 der ein ser deltakarreguleringa i samband med resten av reguleringsopplegget for kveite i 2026.

Vidareføring av ordninga med bruk av leigeskipper i open gruppe i fisket etter blåkveite

Departementet vil ikkje innføre eit forbod mot bruk av leigeskipper i open gruppe i fisket etter blåkveite. Fisket etter blåkveite er ikkje eigna for eit slikt forbod så lenge dette gjer det vanskeleg for fleire aktørar å vidareføre eksisterande skiftordningar.