– Raskare utbygging av meir fornybar kraft og straumnett er heilt avgjerande for å kutte utslepp og sikre verdiskapinga i Noreg. I august la regjeringa derfor fram tiltak for raskare utbygging av kraft og nett. No følgjer me opp dette ved å styrkje NVE, seier energiminister Terje Aasland.

Regjeringa foreslår å styrkje NVEs digitaliseringsarbeid med 30 millionar kroner. Kunstig intelligens skal mellom anna brukast til å kontrollere om søknader er komplette. Regjeringa foreslår også fleire årsverk til NVE for raskare behandling av fleire saker.

Talet på konsesjonssaker om ny kraft- og nettutbygging har auka dei siste åra. I løpet av 2025 fekk NVE rundt 730 meldingar og søknader om konsesjon. Det er 50 fleire enn i 2024 og nesten 200 fleire enn i 2022. Det er særleg auke i saker knytte til kraftleidningar, men også innan vasskraft, vindkraft og solkraft.

– Det blir no planlagt fleire kraftprosjekt enn på lenge. Me må derfor sørgje for at NVE er godt rusta til å behandle desse søknadene både raskt og grundig, seier Aasland.

Regjeringa foreslår også å starte eit digitaliseringsarbeid i NVE og Reguleringsmyndigheita for energi (RME) for betre digital samhandling i kraftbransjen. Dette vil redusere rapporteringsbyrda for næringslivet og gi ei meir effektiv økonomisk regulering.

I august 2026 la regjeringa fram ei rekkje tiltak for raskare utbygging av kraft og straumnett. Regjeringa vil mellom anna ha færre utgreiingskrav, fjerne statsforvaltaren sin motsegnsrett og setje ein frist på to år for å behandle søknader. Målet er å halvere tida det tek å byggje ut straumnett.

Fakta om konsesjonar

For å kunna byggje kraftleidningar, vasskraftverk, vindkraftverk eller solkraftverk, må NVE gi eit løyve/konsesjon. Alle som har interesser knytte til ei utbygging vil bli høyrde og kan kome med sine synspunkt. Alle viktige omsyn og interesser skal vurderast og avvegast som ein del av behandlinga.