– Eg er glad for at arbeidet no er i gang. Vi har fått på plass ei breitt samansett og svært kompetent ekspertgruppe med solid erfaring frå ulike delar av samfunnet. Eg ser fram til å følgje arbeidet deira og til å få gode, kunnskapsbaserte råd om korleis vi kan utvikle Nav vidare, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

I dag hadde dei ti medlemmane av ekspertgruppa det fyrste møtet.

Bilete av ekspertgruppa som skal sjå på Nav
Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Dei skal gjennomføre arbeidet i to fasar: Først ein grundig gjennomgang av status i Nav i dag, deretter skal dei sjå på forslag til konkrete tiltak for forbetringar.

Mandatet omfattar mellom anna å vurdere Nav si organisering og sine oppgåver, samarbeid med andre sektorar, og korleis etaten betre kan bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet. Gruppa skal òg sjå på digitalisering, regelverk og korleis tenestene kan bli meir brukarvennlege.

Arbeidet skal etter planen gå føre seg i om lag halvanna år.

– Eg ser fram til å leie arbeidet med å gjennomgå arbeids- og velferdsforvaltninga. Målet vårt er å få eit tydeleg bilete av kva som fungerer godt i Nav, og kva som kan forbetrast og eventuelt endrast. Vi skal kome med konkrete forslag som eg håpar kan bidra til å gjere tenestene endå betre for brukarane, seier Frode Forfang.