Rentekostnadene i store vegprosjekt er høge, særleg i starten. Regjeringa foreslår derfor å gi ekstra støtte til nye ferjeavløysingsprosjekt som Nordøyvegen dei første åra. Dette er òg i tråd med det Stortinget tidlegare har bedt om i oppmodingsvedtak.

– Ekstraløyvinga på til saman 160 millionar kroner til Nordøyvegen, fordelt over 2024 og 2025, er ei kraftfull og meir gunstig ordning enn det Stortinget tidlegare har tatt til orde for, seier Gjelsvik.

Regjeringa foreslår at midlane blir gitte som ein del av rammetilskotet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Løyvinga for 2024 er på 80 millionar kroner, og kjem i tillegg til dei ordinære, årlege ferjeavløysingsmidlane på i underkant av 67 millionar kroner i 2024.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no