Endringar i lovar og forskrifter frå 1. januar 2023 frå Helse- og omsorgsdepartementet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. januar 2023 på Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde.

Godkjenningsordninga i fritt behandlingsval blir avvikla

Lov- og forskriftsendringane avviklar godkjenningsordninga i fritt behandlingsval, samtidig som forskriftsendringane tar omsyn til rettar og plikter for dei ulike aktørane for helsehjelp som ein har begynt med på tidspunktet for avvikling (1.1.2023). Overgangsordninga skal vare i 12 månader.

Justering av satsane i pasientreiseforskrifta

Justeringane gjeld pasientar, følgepersonar og pårørande sine rettar til dekning av utgifter ved reise til helsetenester (pasientreiseforskrifta). Forskrifta blir endra med justering av satsane for dekning av utgifter i samband med pasientreiser. Dette gjeld satsar for kostgodtgjersle, overnatting, tapt arbeidsinntekt, reiseutgifter/kilometergodtgjersle og sats for eigendel ved kvar enkelt reise.

Auka gebyr for pasientar som ikkje møter til avtalt poliklinisk time

Gebyret i § 7 i forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta, og i § 10 i forskrift 27. juni 2003 nr. 959 om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling i private medisinske laboratorie- og røntgenvirksomheter, blir endra. Gebyret for pasientar som ikkje møter til avtalt poliklinisk time, aukar til 1 500 kroner. Gebyret innan psykisk helsevern og rusbehandling blir ikkje auka og er på 375 kroner.

Endring om manuellterapeut i helsepersonelloven § 48

Føresegna blir endra slik at manuellterapeutar blir inkludert i autorisasjonsordninga og kan søke om autorisasjon som helsepersonell. 

LUA-avgifta blir redusert 

Avgifta blir kravd inn som ei prosentvis avgift basert på grossistane sin omsetnad til utsalsstader for legemiddel utanom apotek. Inntektene avgifta gir, skal dekke Legemiddelverket sine kostnader knytte til administrasjon av ordninga og Mattilsynet sine kostnader til tilsyn. Inntektene er no høgare enn det det kostar å administrere og følge opp ordninga. Vekst i omsetnadsgrunnlaget er blant årsakene til den auka inntekta. Den noverande avgiftssatsen er 1,2 prosent og blir sett ned til 0,5 prosent.

Den prosentvise delen av eigendelen i blåreseptforskrifta blir auka

Den prosentvise delen av eigendelen i blåreseptordninga blir heva frå 39 til 50 prosent. Eigendelar for legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell som blir dekte av blåreseptordninga, er rekna per resept. Eigendelen utgjer 39 prosent av reseptbeløpet, men maksimalt 520 kroner per resept. Prosentsatsen blir auka til 50 prosent, men den maksimale eigendelen på 520 kroner blir ikkje endra. Eigendelane går inn i eigendelstaket/frikortsordninga og har ikkje vore justerte på fleire år. Ei heving av prosentsatsen vil gjere at brukarar av relativt billige legemiddel, som ikkje når opp til eigendelstaket og får frikort, vil få auka utgifter.

Justering av satsane i legemiddelforskrifta

Gebyr ved søknad for kliniske studiar blir auka. Dei nye satsane varierer mellom 2 000 og 70 000 kroner avhengig av kva det blir søkt om. Bakgrunnen for justeringane er at dagens gebyrsatsar ikkje speglar dei reelle kostnadene ved å administrere denne ordninga, og at dei ligg betydeleg lågare enn satsane i land det er naturleg å samanlikne seg med. I tillegg har nytt regelverk for klinisk utprøving frå januar 2022 medført nye arbeidsoppgåver.

Gebyret for homøopatiske legemiddel blir auka. Årsaka er at gebyret ikkje er i tråd med R-112 om statleg gebyr- og avgiftsfinansiering (PDF). Gebyrsatsen for registrering av homøopatiske legemiddel blir auka frå 1 107 kroner til 22 500 kroner.

Andre gebyr blir inflasjonsjusterte med 3 prosent. 

Endring av forskrift om legemidler til dyr

Gebyr blir inflasjonsjusterte med 3 prosent.

Endring i betaling for dei nasjonale e-helseløysingane

Betalinga for grunndata og HelseID, helsenorge.no og kjernejournal blir auka, og alle beløpa blir justerte etter konsumprisindeksen. Endringsforskrifta pålegg i tillegg bruk av to standardar for melding. Kommunar pliktar å bruke standard epikrise v.1.2 (HIS 80226: 2014) ved sending av epikrise (trer i kraft 1. januar 2024). Standarden utskrivingsrapport v1.6 (HIS 1148: 2014), som i dag er frivillig, blir gjord obligatorisk.

Endra eigendelar for kommunale helse- og omsorgstenester

Fribeløp og eigendelar med heimel i forskrift om egenandeler for kommunale helse- og omsorgstjenester er oppdatert i samsvar med den generelle kostnadsauken med verknad frå 1.1.2023. Fribeløpet ved langtidsopphald i institusjon er auka til 9 400 kroner. Fribeløpet for bebuarar, som utan å ønske det blir lagt inn på dobbeltrom, er 45 400 kroner. For høvesvis dag/nattopphald på institusjon er satsen 185 kroner per døgn og 105 kroner per dag/natt. Maksimal eigendel for heimetenester med samla hushaldningsinntekt under 2G er sett til 220 kroner.