Forskriftsendringar for meir effektiv utnytting av straumnettet

Energidepartementet har vedteke nye krav i forskrift om nettregulering og energimarknaden som skal sørge for auka openheit rundt vurderingane nettselskapa gjer av kva som er driftsmessig forsvarleg å knyte til nettet. Energidepartementet har også forskriftsfesta at nettselskapa i særlege tilfelle kan frigjere kapasitet ved å justere ned det maksimale tillatne effektuttaket ein kunde kan ha. Nettkundane skal samstundes vere trygge på at nettselskapa ikkje kan ta frå dei kapasitet som er i bruk, eller som skal takast i bruk innan rimeleg tid. Begge endringane trer i kraft 1. januar 2026.

Forskriftsendringane er en del av regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet som no er følgt opp.

 

Endringar i energilovforskrifta, systemansvarsforskrifta og NEM-forskrifta

Frå 1. januar 2026 trer endringane i energilova om såkalla henteplikt i kraft. Regelverket om henteplikt medfører ei plikt for områdekonsesjonærar å bygge nettanlegg heilt fram til kraftverk som kan knytast til nett opp til og med 22 kV i medhald av områdekonsesjonen. Desse produsentane treng dermed ikkje søke NVE om eigen nettkonsesjon. Samtidig trer føresegn i energilovforskrifta i kraft, med ei nærare presisering av kvar grensesnittet ved nye produksjonsanlegg skal gå.

Frå 1. juli 2025 treng ikkje solkraftanlegg med installert effekt på inntil 10 MW konsesjon etter energilova. I fleire føresegner i systemansvarsforskrifta er berre konsesjonærar pliktsubjekt, men det er viktig at systemansvarleg framleis skal rå over verkemiddel overfor solkraftverk av denne storleiken. Derfor er ordlyden justert slik at solkraftverk utan konsesjon òg blir omfatta av relevante føresegner.

 

Lovendring om arbeidsmiljølova sitt verkeområde for verksemd til havs

Frå 1. januar 2026 blir verkeområdet for arbeidsmiljølova utvida. Arbeidsmiljølova vil då gjelde for verksemd i samband med fornybar energiproduksjon og omforming og overføring av elektrisk energi til havs, jf. arbeidsmiljølova § 1-3, nytt andre ledd. Det inneber at verksemd i samband med havvind vil omfattast av reglane i arbeidsmiljølova frå årsskiftet. Lovendringa tek høgd for at også annan fornybar energiproduksjon til havs vil omfattast, til dømes bølgje- eller solkraft. Reglane i arbeidsmiljølova gjeld allereie for petroleumsverksemd, havbotnmineralverksemd og verksemd knytt til karbontransport og -lagring. Overskrifta i denne delen av lova blir derfor endra frå «Petroleumsverksemd til havs» til «Verksemd til havs».

 

Ny delingsordning for fornybar kraft tilpassa næringsområde

Frå 1. januar 2026 trer endringar i forskrift om kraftomsetning og nettenester i kraft. Forskriftsendringa legg til rette for ei ny delingsordning for fornybar energi tilpassa næringsområde. Formålet med delingsordninga er å gi insentiv til etablering av ny, fornybar kraftproduksjon på allereie utbygd areal. Først og fremst i form av solcelleanlegg på taket på næringsbygg, men også gjennom andre produksjonsteknologiar. 

 

Ny energimerkeordning premierer avlasting av kraftsystemet og energieffektivisering i eksisterande bygg

Frå 1. januar 2026 trer ny energimerkeordning i kraft gjennom endringar i energimerkeforskrifta for bygningar. Endringane gjer energimerkeordninga meir relevant for eksisterande bygningar og legg betre til rette for oppvarmingsløysingar som spelar saman med kraftsystemet.

 

Endringar i tarifforskrifta

Energidepartementet fastset endringar i tarifforskrifta med verknad frå 1. januar 2026. Endringane består av nye tariffar for bruk av Kvitebjørn gassrøyrleidning, endra kostnadsprofilering av I-element og ei endring i forholdet mellom I-element og O-element. Det blir også gjort justeringar i forskrifta for å reflektere utvikling i verksemda på kontinentalsokkelen, inkludert endringar på felt og infrastruktur. Samtidig blir enkelteføresegner som ikkje lenger er relevante tatt ut.

 

Justert terskelverdi for berekning av straumstønad

Regjeringa har sidan desember 2021 hatt ei straumstønadsordning som skal hjelpe hushalda med å handtera høge straumprisar. Lova om Noregspris og straumstønad til hushald tredde i kraft 29. august 2025. Lova vidareførte straumstønadsordninga og innførte straumstønad for hushald som brukar fjernvarme. Tilhøyrande forskrifter tredde i kraft 8. september 2025.

Frå 1. januar 2026 blir terskelverdien i straumstønadsordninga prisjustert frå 75 øre per kWh til 77 øre per kWh eksklusiv meirverdiavgift. Når spotprisen i enkelttimar går over 77 øre per kWh eksklusiv meirverdiavgift, vil straumstønaden dekke 90 prosent av prisen over dette nivået.

Som følgje av at terskelverdien blir prisjustert vil følgjande forskrifter bli endra:

  • Forskrift om straumstønad
  • Forskrift om Noregspris og straumstønad til hushald som brukar fjernvarme

Mellombels forskrift om støtte som følge av ekstraordinære utgifter til elektrisk kraft for jordbruksføretak, veksthus og vatningslag.

 

Fastset standard for utrekning av energikarakter for bygg

Energidepartementet vedtek at NS 3031:2025 skal leggjast til grunn for utrekningar av bygningars energibehov i energimerkeforskrifta for bygningar. Endringane vil gjelde frå 1. januar 2026.

Enova og NVE har meldt til departementet at NS 3031:2025 no er kvalitetssikra for bruk i energimerkeforskrifta for bygningar. Energidepartementet legg vurderingane deira til grunn og har vedteke at NS 3031:2025 skal gjelde i energimerkeforskrifta for bygningar frå 1. januar 2026.

2. april 2025 vedtok Energidepartementet endringar i forskrift om endring i forskrift om energimerking av bygningar og energivurdering av varme- og klimaanlegg (energimerkeforskrifta for bygningar) - Lovdata

Nye økodesignkrav til varmeomnar, mobiltelefonar, nettbrett, hushaldsapparat og kontorutstyr

Klima- og miljødepartementet og Energidepartementet har vedteke endringar i økodesignforskrifta. Endringane består i at tre produktspesifikke økodesignforordningar blir gjennomførte i norsk rett. Dei tre forordningane som gjeld som norsk forskrift frå 1. januar 2026 er:

  • Forordning (EU) 2024/1103 om krav til miljøvennleg utforming av varmeomnar (elektriske varmeomnar og varmeomnar fyrte med gass eller flytande brensel). Forordninga inneheld energieffektivitetskrav, funksjonskrav og informasjonskrav knytt til avslått tilstand, kviletilstand og nettverkstilkopla kviletilstand.
  • Forordning (EU) 2023/1670 om krav til miljøvennleg utforming av smarttelefonar, andre mobiltelefonar enn smarttelefonar, trådlause telefonar og nettbrett. Forordninga inneheld ressurseffektivitetskrav, energieffektivitetskrav og informasjonskrav. Det er ikkje tidlegare stilt økodesignkrav for desse produkta.
  • Forordning (EU) 2023/826 om krav til miljøvennleg utforming av elektriske og elektroniske hushaldsapparat og kontorutstyr når det gjeld energibruk i avslått tilstand, kviletilstand og nettverkstilkopla kviletilstand. Forordninga inneheld energikrav, utsleppskrav når det gjeld NOx, produktinformasjonskrav, ressurseffektivitetskrav og krav til teknisk dokumentasjon.